Eit av dei tildels uventa, og urovekkande, skifta i egyptisk politikk etter revolusjonen, er den nye aktiviteten til dei salafistiske gruppene i landet. Dei er brått blitt meir aggressive og har vore i ei rekke sammenstøytar med nesten alle andre politiske krefter dei siste vekene. Det gjenstår å sjå om dei vil bli eit marginalt fenomen eller om dei vil få betydning for den politiske utviklinga i landet.
"Salafisme" er eit begrep som er brukt om mange ulike retningar i moderne islam. Men i dagens politiske sammenheng betegner det stort sett to retningar som er samde i ei strengt konservativ tolking av islam, og som avviser dagens muslimske samfunn som fylt av "vantru". Dei fleste av dei meiner at Openbaringa ikkje kan og skal "tolkas", men at deira forståing av ho er ei "direkte lesing" av teksen. Ho kan følgelig ikkje diskuteras, det ville vere å forhandle med Gud om Hans vilje. Dei er derfor skarpe motstandarar av andre islamistiske grupper, slik som det Muslimske Brorskapet, som nettopp står for ei "nyfortolking" av dei islamske kjeldene for å gjere dei anvendbare i det moderne samfunnet.
I det daglige er salafiane oftast gjenkjennelige i si "uniform" av klesdrakt som skal minne om den dei første muslimane gjekk med: kvit kjortel over kvite bukser for menn, gjerne med kalott på hodet og langt eller kort skjegg; for kvinner ansiktssløret niqab, og gjerne også slør for augene og hanskar. Det finnes likevel fleire ulike retningar og grupper mellom det vi kallar "salafistar". Det har gått på forholdet til politikk. Ei retning, som gjerne heller blir kalla "jihadistar" eller "takfiristar" (dei som kallar andre muslimar for vantru), går inn for å knuse den "vantru" staten med vald, gjennom revolusjonær jihad.
Ei anna retning, som vi kan kalle "da'wistar" [eit nyord skapt her] avviser dette, fordi dei meiner den moralske oppbygginga av samfunnet må komme før den islamske staten: Det store fleirtalet av muslimane må først slutte seg til den "korrekte" islamske livsførselen før ei maktovertaking kan skje, elles vil staten nødvendigvis forbli korrumpert. Dei fokuserer derfor på da'wa ("invitasjon til islam", vi kan omsette det med "indremisjon") mellom andre muslimar, for å få dei til å slutte seg til deira "profet-baserte" praksis, og elles prøver dei å redusere kontakten med omverda mest mulig.
Nå ser det ut som om desse to retningane har begynt å nærme seg kvarandre i tolking. Den aktive jihadismen, som på 1990-tallet nærast låg i borgarkrig mot sikkerheitsstyrkane med stadige trefningar, vart på slutten av tiåret nedkjempa militært. Dei overlevande reiste enten i eksil (der mange av dei utgjorde kjerna i al-Qa'ida), eller vart fengsla. Mellom desse siste skjedde det utover på 2000-tallet eit "lineskifte". Mange av leiarane tok avstand frå tidligare valdelig aktivitet, og slutta seg til tanken om at ein måtte arbeide fredelig med da'wa. På slutten av tiåret har fleire av dei blitt satt fri, og ser ut til å organisert seg rundt eit fredelig, men fortsatt salafistisk program. Slik har dei leiande jihad-organisasjonane, som al-Gama'at al-islamiyya, nå gjenoppstått og ønsker å delta i den fredelige politiske aktiviteten i dag. Fleire av deira leiarar er også på veg tilbake frå eksil.
På den andre sida har mange av dei "da'wistiske" salafiane, dei som heile tida har fordømt politikken og sagt nei både til demokrati og alle former for politisk aktivitet, nå skifta meining. Fleire av dei har annonsert at dei vil stifte eigne salafistiske parti, dei vil stille til presidentval og delta i det som skjer. Dei er fortsatt kritiske til demokratiet, men vil likevel kjempe om stemmer. Dette skaper litt forvirring i våre definisjonar, sidan vi har nettopp hatt det apolitiske som definisjon på denne "da'wa-orienterte" salafismen. Det må vi altså nå revidere, også dei vil drive politikk slik som Brorskapet, men med ei anna og meir konservativ islamsk tolking (sjøl om det nok også finnes "moderate" salafistiske krefter innan Brorskapet, det blir interessant å sjå om vi får ei omgruppering her).
Dette er i seg sjøl ikkje så bekymringsfullt, det er rimelig å tru at desse salafistane har heller lita oppslutning i velgermassen og berre vil utgjere eit krydder i debatten (om vi gjetter litt fritt ut frå utbreiinga av "uniforma" i gatebildet, står salafismen kanskje for rundt 5 prosent av dei røystande, litt meir eller mindre ut frå omstenda).
Det som derimot bekymrar er dei stadige rapportane om valdelige sammenstøytar mellom salafistar og andre grupper, spesielt gjennom dei siste tre vekene. Her er noen, rapportert i egyptisk presse:
- Mars: Rapport om 15 drepte i kampar mellom salafiar og kristne i landsby sør for Kairo. Utløysar var eit ekteskap mellom koptisk mann og muslimsk kvinne. Tilsvarande konflikt i Muqattam i Kairo førte til 10 drepte.
- Salafiar prøver med makt å stenge ein butikk i Fayyum som sel alkohol.
- Koptisk senter i Kairo stengt etter salafistiske protestar
- 26. mars: Konfrontasjon mellom salafistar og sekularistar i Alexandria (ein religiøst konservativ by)
- 30. mars: Ein salafi-orientert bonde skal ha drept sin nabo fordi han ikkje stod opp til morgonbønna.
- 1. april: Salafiar spreier plakatar mot muslimske og kristne kvinner som ikkje går "sømmelig kledd". Ubekrefta påstandar om at dei har angrepe kvinner.
- 4. april: Salafiar setter fyr på ein sufi-heilagdom i Minufiya-provinsen nord for Kairo.
- Kairo universitet avlyser eit tale av ein salafi-leiar, fordi dei fryktar slåsskampar mellom salafiar og Brorskaps-studentar.
- 9. april: Etter fleire salafi-angrep på sufi-heilagdommar, dannar sufiar sjølforsvarsgrupper rundt slike. Det vesle shi'a-samfunnet i Egypt slutter seg til sufianes protestar, og skuldar på saudisk innblanding.
- 19.4: Store protestar leia av salafiar i provinsen Qena sør i Egypt mot at ein kristen (som også var politikar under Mubarak) blir utnemnt til ny guvernør. Førre guvernør var også kristen, dette er ein provins med eit stort koptisk samfunn. Brorskapet advarer mot demonstrasjonar, men dei fører til at guvernøren trekker seg.
- 21.4: Sammenstøt i Minya, sør for Kairo, mellom kristne og muslimar, to drept.
Vi ser altså at konfliktane går i ulike delar av landet, og at dei set salafiar opp mot nesten alle, også Brorskapet, og naturligvis sekulære og liberale krefter. Viktige å merke seg er:
- Den gamle konflikten mellom dei "skrift-bundne" salafiane og sufi-mystikken. Sufismen i Egypt har vore strikt apolitisk og kontrollert av Azhar og av regimet, men har openbart vid folkelig oppslutning. Gjennom fleire hundreår har konservative teologar kritisert sufiane spesielt for ein ting: At dei gjer gravene til sine heilage menn til heilagdommar, og at "forbønn" hos desse helgnane er del av folketrua. Dette meiner salafiane er overtru og fleirguderi, og dei angriper derfor og prøver å øydelegge desse heilagdommane. At sufiane nå vil organisere seg sjøl til forsvar, og dermed indirekte går inn i ein politisk konflikt, er interessant ut frå deira djupe feste hos folk flest. På landsbygda har valet ofte vore om ein var "islamist" (brorskap eller salafi) eller "sufi", så denne motsetninga er velkjent lokalt. Men korleis vil det spille seg ut nasjonalt? Kva side tar Brorskapet?
- Forholdet til koptarane. Minnet om massakren i Alexandria i julehelga er sterkt og kan nok overskygge dei hyggelige bilda frå Tahrir om "kristen, muslim, vi står sammen". Salafiane står ikkje sammen. Er dette vi nå ser eit forsøk frå dei på å antenne ein valdelig konflikt mot koptarane (slik som på 1990-tallet, det var i det jihadismen var mest aktiv, til dels med støtte frå politiet), så kan det bli farlig. Det er slett ikkje sikkert at alle som lar seg mobilisere mot koptarar er salafistar, dette kan spille på breiare motvilje mot kristne i samfunnet, og kan føre til ei uheldig sjøl-isolering mellom koptarane. Som vi hugsar, var Alexandria-massakren begrunna i historia om to koptiske kvinner som enten konverterte eller ikkje konverterte til islam (for å oppnå skilsmisse, lovlig berre for muslimar), og som enten konverterte eller ikkje konverterte tilbake, og som enten blir eller ikkje blir haldne innestengt i eit koptisk kloster. Denne saka har mobilisert breitt, og ser fortsatt ut til å ha sprengkraft. I mellomtida melder egyptiske aviser at koptarar står i kø foran dei kanadiske og amerikanske ambassadane for å få visum ut av Egypt.
2 kommentarer:
Takk for innterassant oppdatering om situasjonen i Egypt og andre land i den arabiske verda.
Legg inn en kommentar