mandag 17. desember 2012

Egypt: Islamsk grunnlov?

Første omgang i grunnlovsrøystinga er over, med ja-fleirtal i Kairo. Omtalen av denne grunnlova har variert kraftig, frå å befeste eit islamsk styre, til knapt å vere forskjellig frå den gamle. Det er da nok også måten som den vart banka gjennom meir enn innhaldet som har ført til protestane. Men, om vi ser på teksten, i kva grad er islams plass i grunnlova endra?

Vi kan lettast prøve å sjå på kva punktar som har ført til størst debatt. Denne grunnlova bygger i hovudsak på den førre grunnlova frå 1971 (med seinare endringar), som igjen bygger på eldre grunnlovstekster, og så vidare bakover til 1920-talet. Størst fokus er derfor på dei paragrafane som er blitt endra. Debatten her har naturligvis gått på mange forskjellige element, ikkje berre dei religiøse, slik som t.d. kva statsmakt som skal ha størst vekt, presidenten (som i Frankrike og USA) eller parlamentet (som i Norge og Tyskland); på sensur og ytringsfridom, og så vidare. Men la oss her fokusere på dei paragrafane som nemner islams rolle. Det er ikkje så mange, men dei er sterkt i fokus.

Paragraf 2: Sharia uendra
Den sentrale paragrafen her har sidan 1971 vore grunnlovas paragraf 2, som lydde:
Islam er statens religion og arabisk det offisielle språket. Prinsippa i den islamske Shari'aen er hovudkjelda til lovgivinga.
Formuleringa vart angrepe frå begge kantar; sekularistar ville ha bort referansane til religionen (eller heile paragrafen), dei kristne ville ha inn eit tillegg som nemnde deira rettar alt her, mens salafistane ville endre "prinsippa" til "reglane". Alle desse endringane vart avvist i kommisjonen, og paragrafen vart ståande uendra i utkastet til ny lov.

Paragraf 3: Kristne og jødar
For minoritetane er det komme inn ein ny paragraf:
Dei juridiske prinsippa (mabâdi' sharâ'î) til dei egyptiske kristne og jødar er hovudkjelda for lovgiving for deira lover for personlig status [dvs. familielova], religiøse forhold og valet av deira åndelige leiarar.
Dette reflekterer status idag, at kristne (og jødar) har sine eigne familielover, men er jo mislikt av sekularistar som ønsker religionsfrie lover. Som kjent trakk den koptiske kyrkja seg frå grunnlovskommisjonen, men ser kanskje velvillig på at deira lovgivande rolle overfor dei kristne her er slått fast.

Paragraf 4: al-Azhar som lovtolkar
Langt meir kontroversiell er den nye paragraf 4, som svarer på eit sentralt spørsmål etter §2: Kven er det som bestemmer kva som er "prinsippa" i Shari'aen? Før gav dette seg sjøl: Det var ei oppgåve for grunnlovsdomstolen; det er jo naturligvis det dei er til for, å tolke grunnlova. Denne paragraf 2 har nemlig aldri, sidan den kom i 1971, noen gong ført til at noen egyptisk lov er blitt endra, paragrafen har aldri hatt noen effekt. Det betyr ikkje at den har vore sovande; domstolen har behandla fleire lover mot §2, men (forutan først å slå fast at den ikkje hadde tilbakevirkande kraft), tolka "prinsipp" til å bety allminnelige rettsprinsipp som rettferd og velferd i si mest generelle form, og aldri funne noe lovforslag som har stridd mot desse.

Den nye paragrafen flyttar denne tolkingsretten ut av rettssystemet og til ein religiøs autoritet: til Azhar-universitetet, som er rekna som den mest autoritative teologiske institusjonen i den sunni-islamske verda. Paragrafen lyder slik:
Al-Azhar er ein overgripande og uavhengig islamsk institusjon, som sjøl styrer alle sine saker, med ansvar for å spreie kunnskap og vitskap om islam og det arabiske språket i Egypt og i verda [utanfor]. Synet til kollegiet av høgre lærde ved Azhar skal bli tatt i spørsmål forbunde med den islamske Shari'aen [yu'akhadh ra'y hay'at kubbâr al-'ulamâ' bi'l-Azhar al-sharîf fî 'l-shu'ûn al-muta'allaqa bi'l-Sharî'a al-islâmiyya].

Også Azhars representant trakk seg frå kommisjonen, men neppe over denne paragrafen. Kritikarane reagerer sterkt på at jurdiske spørsmål skal avgjeras utanfor det juridiske systemet, av ein uavhengig institusjon. Det var salafistane som kom med dette forslaget, og altså fekk Brorskapet med seg på det. Det pussige er jo kvifor salafistane skulle peike akkurat på Azhar, som jo er sterkt anti-salafistisk i sine islam-tolkingar. Heilt sidan Nasser har Azhar vore rekna for å vere "statens propaganda-arm i det islamske", og har stort sett alltid støtte det som statsmakta har bedt om, det vere seg fred med Israel (eller krig, når det passa), åtak på islamistar, eller anna. (Staten har også eit anna tilsvarande "statlig tolkingsapparat", Dâr al-iftâ', eller fatwa-rådet; som ikkje er nemnt her. Det er interessant, og tyder på at dette, som ofte har rekruttert leiarar til Azhar, nå er blitt irrelevant).

Svaret ligg trulig i andre del av paragrafen (etter ein del om at staten skal finansiere Azhar):
Shaykh al-Azhar [rektor] er uavhengig og kan ikkje avsettas. Lova for måten å velge han mellom medlemmene i kollegiet av høgre lærde blir fastsatt. 
Dette gjer Azhar meir sjølstendig frå staten, sjøl om det ennå ikkje er fastsatt om rektor skal utpeikas av regjeringa eller av rådet av Azhar's lærde, så legg dei fleste til grunn at det siste blir realiteten. Han sit uansett på livstid, kva han enn måtte meine og lovtolkingar han måtte komme med. Dette kan koplas med meldingar om aukande motsetningar mellom dei lærde der, og at det skal vere sterke grupper som sympatiserer med salafistane som har latt høre frå seg. Spesielt Brorskapet kan jo også legge til grunn at det er dei som iallfall nå er "staten" og blir dei som skal utpeike Azhars rektor - om dei da held fram med å sitte med regjeringsmakt.

Paragraf 219
Para 4 seier berre at Azhars meining skal "høras", ikkje korleis den skal behandle saker. Men i tillegg vart det, mot slutten av lova, satt til ein paragraf som presiserer korleis ein skal tolke Shari'aen i §2. Denne er svært tung, skrive i teologisk og ikkje juridisk språk (ulikt resten av lova), og ser ut til å vere resultat av kompromiss mellom dei som ville ha ei stram lovtolking og dei som vil la det stå meir opent. For å trenge gjennom til innhaldet, må vi derfor først gå den arabiske opphavsteksten (og her brukar eg fulle diakritika, som eg håpar blir leselig for alle):
Mabādiʾ al-Sharīʿa al-islāmiyya tashmal adillatahā al-kulliyya, wa-qawāʿidahā al-uṣūliyya wa'l-fiqhiyya, wa-maṣādirahā al-muʿtabara fī madhāhib ahl al-sunna wa'l-jamāʿa. 
I omsettinga til Masri al-yawm gir dei denne formuleringa til engelsk:
"The principles of Islamic Sharia include general evidence, foundational rules, rules of jurisprudence, and credible sources accepted in Sunni doctrines and by the larger community."

Det fører oss ikkje så mye lenger i forståing av dei tekniske begrepa tatt frå islamsk jus. Vi får heller sette opp ei ordliste:
- adilla  (frå dalīl) er "indikasjonar", eller bevis for at ei tolking er rett, normalt eit argument funne i openbaringsteksta
- kullī er total, allmenn. Første element i tolkinga som juristane (Azhar) skal gjere, er altså å etablere dei allmenne indikasjonane i Koranen og sunnaen på det spørsmålet som er oppe: "Prinsippa i den islamske Shari'aen omfattar [lovas] allmenne bevisgrunnlag [i Koranen og Sunnaen], ..."

- qawāʿid betyr "fundament", den basisen som ligg under eit hus eller ein ide (ja, det er fleirtal av qāʿida).  I jusen blir det brukt om dei allment abstraherte prinsippa som ligg under lovsystemet totalt, av typen "ei handling må vurderas ut frå sin intensjon".
- uṣūl betyr også prinsipp, men her meinas det "metode". Islamsk jus er delt i to, uṣūl al-fiqh (juridisk metode, prinsippa for lovtolking) og furūʿ al-fiqh (juridisk innhald, dei konkrete lovreglane og utleiinga av dei). Her brukar dei uṣūlī og fiqhī som begrepspar i staden for uṣūlī og farʿī (furūʿī), men det går trulig på samme todelinga: Etter å ha etablert Openbaringsteksta skal ein altså gå til grunnprinsippa i islamsk jus, i metode og innhald, "... dei metodiske og juridiske grunnreglane hennar, ...". Dette kan jo gå i mange retningar, så derfor da den siste og viktigaste delen:

"og kjeldene til ho slik dei er anerkjent i lovskulane til "sunnaens og samfunnets folk".
Det siste uttrykket viser ganske klart til sunnismen; altså ei utestenging av shi'iske tolkingar. Dette er symbolsk, og koplas til det vi tidligare har omtalt som veksande anti-shi'isme i Egypt. Juridisk har det lite å si, sidan shi'ismen ikkje er til stades i Egypt, og shi'isk jus i stor grad liknar på sunnisk i sine fire lovskular. Det som er påfallande er at teksten her nemner dei sunniske lovskulane, men ikkje rangerer dei. Det er altså ingen direkte styring for juristane, så lenge dei finn ei tolking som kan rettferdiggjeras på ein eller annan måte i ein sunnisk lovskule. Reint teknisk er det altså ikkje reglane til lovskulen som får autoritet, men dei kjeldene (masâdir) til lova som lovskulane godtar. Dette kan lesas til å peike på dei reint allmenne rettsprinsippa (som "samfunnsnytten", maslaha, som blir anerkjent som masdar), men det kan også, ved at lovskulene er nemnt, bli brukt i meir konkrete og avgrensande betydning av tolkingar anerkjent som "etablert jus" i lovskulane.

I seg sjøl er altså ikkje dette så dramatisk; mange andre muslimske land presiserer også dei islamske lovskulane som "rettskjelder", og gjerne med klarare rangering enn her. Tolka opent har sekulære lovgivarar nesten alltid klart å finne ei tolking av ein eller annan lovskule som støttar det dei har villa gjennomføre. Men det er nytt i moderne egyptisk rett; sjøl om familielova har bygd på shari'a-reglane, har autoriteten alltid vore staten og det verdslige rettsapparatet. Denne paragrafen, og spesielt siste setninga, gjer det derfor mye vanskeligare å komme med dei ganske almenne fortolkingane om at "alt som er godt og rettferdig er Shari'a og OK", som grunnlovsdomstolen før la til grunn. Nå må det, dersom konkrete lover faktisk blir forelagt Azhar, argumenteras langt klarare på ein islamsk lov-faglig grunn for kvifor lova er akseptabel. Koplar vi dette til ein tanke om eit sjølstendig Azhar meir dominert av konservativ lovtolking, kan vi godt forstå at dette vekker uro hos liberale og sekulære krefter. 

Familien og religionsfridom
Eitpar andre paragrafar reflekterer også religiøse tankar. I paragraf 10 står det, "Familien er grunnlaget for samfunnet og er basert på religion, moral og fedrelandstru", i følgande paragraf 11, "Staten skal ... fremme eit høgt utdanningsnivå i religiøse og patriotiske verdiar, vitskaplig tenking, arabisk kultur, og folkets historiske og kulturelle arv". Begge desse kjem frå 1971-lova, som også hadde ein eigen paragraf om religiøs utdanning som nå er tatt bort. 
Det var stor strid om ein paragraf om kvinnerettar, der det var lagt til "så sant det ikkje er i strid med Shari'aen", men denne passusen var også avskrift frå 1971-lova. Resultatet vart iallfall at heile den paragrafen vart tatt, både kvinnerettar (omtalt annan stad) og sharia-reservasjonen.

Paragrafar 43-46 dreier seg om fridom for tru, tanke, oppfatningar, informasjon og skapande verksemd (sensur blir t.d. forbudt i fredstid). Her er komme inn ein paragraf 44, som går indirekte på islam:
Å fornærme eller fornedre alle religiøse sendebod og profetar er forbudt. 
Dette fører altså blasfemi inn i grunnlova, men medfører neppe stor forskjell frå praksis i dag. Som ein kan vente, er berre dei tre "abrahamiske" (samâwiyya) religionane beskytta. 

Islamsk stat?
Desse paragrafane, som er dei einaste som nemner "islam", "shari'a" eller "religion" er i seg sjøl ikkje nok til å seie at den nye grunnlova gjer Egypt til ein islamsk stat, og at det er Shari'aen som nå blir lov i Egypt. Det blir den ikkje, sjøl om det er akkurat det salafistar (og brorskapsfolk?) har ropt i demonstrasjonane. "Islamiseringa" av Egypt, om det blir noen, vil komme gjennom konkrete lover og vedtak som styresmaktene kan sette i verk - dei treng ikkje noen ny grunnlov for å forby alkohol og stenge nattklubbar. Det som det er snakk om i §2 og §219 er jo ankemuligheiter mot lover som ei seinare liberal statsmakt ville ønske å sette i verk. Her kunne domstolane stenge dei ned (men gjorde det ikkje), mens det nå blir Azhar-leiinga som kan gjere det. 

Det er heilt klart eit steg i feil retning, om ein ønskar at Egypt skal gå mot dei liberale verdiar vi hos oss reknar som naturlige, men vi veit ikkje heilt kva den konkrete effekten vil bli. Det vil heilt sikkert bli eit stridsspørsmål seinare å prøve å fjerne §219, eller modifisere den - den er jo nå så teknisk at berre islam-juristar sikkert kan forstå kva det skal bety. Å fjerne sjølve ordet "Shari'a" eller "islam" frå grunnlova er neppe politisk mulig, men utan §4 og §219 og spesielt den siste setninga der blir det øvrige relativt symbolsk. 

Det er derfor grunn til å sjå nøye på dei debattane som vil komme, og i kva grad det opnas for modifisering av denne spesielle paragrafen i lova.

mandag 10. desember 2012

Syria: samling eller deling?

Regjeringa har i dag erkjent den nye opposisjonsalliansen, "Nasjonalkoalisjonen for syriske revolusjonære og opposisjonsgrupper", som den legitime representanten for det syriske folket, slik også fleire andre vestlige land har gjort i dei siste vekene. Er dette for tidlig, eller er det nå på tide å erkjenne at det er her Syrias framtid ligg?

Samlinga i denne Nasjonalkoalisjonen kom som eit resultat av sterkt press frå det internasjonale samfunnet, både frå Vesten og frå Gulfen - dei to viktigaste aktørane på opposisjonen si side - for å få til ei breiare samling enn det gamle Nasjonalrådet. Det nye organet strekker nok også klart breiare, og har fått tilslutning frå fleire militsar som ikkje ville vite av Nasjonalrådet. Det har fått ein leiar, ein moderat religiøs lærd med godt rennomé, som ser ut til å ha god legitimitet inne i landet. Men det er nok likevel spørsmål om ikkje samlinga er blitt til "ovanfrå", fordi omverda forlangte det, og ikkje "innanfrå" opposisjonen sjøl. Den viktigaste grunnen opprørarane har til å følge dei ønska omverda kom med, er naturligvis eit desperat behov for internasjonal materiell støtte, og spesielt våpen som dei treng for å kjempe mot regimet. Da kan dei ete kamelar av ulik størrelse for å få det til. Men det betyr ikkje at dei motsetningane som låg til grunn før er borte, dei er berre i beste fall satt til sides for nå.

Slik har det alt begynt å knake i denne Nasjonalkoalisjonen, ikkje minst har det gamle Nasjonalrådet vore misnøgd med at dei fekk for liten representasjon i det nye. Men dei vart langt på veg lagt døde i internasjonalt diplomati da Hilary Clinton slo handa av dei, og dei er relativt lite populære mellom dei aktive opprørarane inne i landet. Enn så lenge kan nok derfor den samla fronten haldas oppe.

Viktigare er det om Nasjonalkoalisjonen faktisk klarar å opprette noen autoritet over dei mange militsane som er i kamp. Det er ikkje opplagt, fordi dette fortsatt er ein politisk front basert i utlandet. Dei har nylig snakka om å prøve opprette ei felles militær leiing, men det gjorde også Nasjonalrådet fleire gonger, utan at det kom noe ut av det, og det er ikkje nok å få støtteerklæringar frå den "Frie Syriske Hæren", som altså fortsatt ikkje er noen samstyrt hær, men ei rad militisar og opprørsgrupper. Først når vi ser at Koalisjonen lager ein felles militær strategi, og dei aktive militsane faktisk følger denne strategien fordi dei underlegger seg ei felles leiing, og ikkje berre fordi dei har lyst den dagen, så kan vi si at Koalisjonen reellt representerer ei samla opprørsleiing. Vi er klart ikkje der nå.

Frigjorte områder
Når det er sagt, så er det også klart at utviklinga på bakken går opprøraranes veg. Det er relativt betydelige område, særlig i nord, som nå ser ut til å stå permanent under opprøraranes kontroll, altså tilnærmar seg "frigjorte områder". Det som trugar dei, er luftangrep som dei ikkje kan verge seg mot, så det som militært vil gjere den store forskjellen her, er nok effektivt luftvern i desse områda. Men elles ser dei ikkje ut til å trenge frykte offensivar på bakken frå regimet. Det er klart ei endring frå tilfellet for noen månader sidan, da det var meir ein geriljakrig også i nord, der opprørane tok noen område "om natta" men måtte vike når regimet satt inn motkreftene.

I andre delar av landet har regimet enten rimelig god kontroll (særlig i nordvest), eller områda er omstridt på bakken, der regimet held alle dei større byane, mens opprørane held noen mindre byar, landsbyar og (over kortare eller lenger tid) landområdet mellom byane. Det er altså område av Syria der det ikkje er aktive kampar, men overalt pregar krigen landet, ved at økonomi og infrastruktur er i ferd med å bryte sammen.

Kurdarar og salafistar
I dei områda der regimet er borte, kan andre motsetningar begynne å spille inn. Nå er det spesielt forholdet mellom kurdarane og (resten av) opprørane som mest spent. Det har vore ganske harde sammenstøytar mellom kurdiske opprørsgrupper og arabiske, og opprørsleiinga er ikkje sikker på kva side desse kurdarane står på. Kurdarane er naturligvis delt, mange deltar i det felles opprøret, men andre blir skulda for å stå på regimets side ved å slåss mot FSA. Rettare er nok at dei prøver å halde avstand til begge to for å skaffe seg mest mulig rom for eit kurdisk autonomt område. Her spiller kurdiske grupper i begge nabolanda, Tyrkia og Irakisk Kurdistan, klart ei rolle, og gjer dette til eit regionalt problem vel så mye som eit lokalt nord-syrisk. Vi har også sett at kristne bydelar eller område har på samme måte oppretta eigne (små og svake) militsar for å prøve å verge seg mot begge partar, både mot regimet og mot opprørane, og halde dei begge ute frå sitt område. Med vekslande taktikk og vekslande hell.

I tillegg har vi også dei salafistiske eller andre radikale islamistiske grupper som blir uglesett av dei vestlige maktene, og også rivaliserer med dei liberale. Men her er det glidande overgangar som gjer det vanskelig å få oversikt. Av dei reine jihadistgruppene er Jabhat al-Nusra den mest kjente og etablerte, og er blitt knytta til "Den islamske staten i Irak", ein jihadist-koalisjon der al-Qaida i Irak er ein viktig del, dei har tatt på seg ansvaret for ulike bombeangrep i Damaskus og andre byar, men også avretting av tilfangetatte regimesoldatar. Openbart er dei heilt uspiselige for liberale i Syria og utanfor, og Nasjonalkoalisjonen har markert seg klart frå dei. Men ikkje alle er samde i det. Nusra har, ulikt Qai'da/Irak, unngått å angripe rivaliserande grupper, og noen andre opprørsgrupper ser dei som slagkraftige, kanskje nødvendige, allierte meir enn som motstandarar. Andre grupper som blir rekna som salafistar får klart også våpenstøtte frå Qatar, noe som bekymrar spesielt USA som helst ikkje ser at avanserte våpen kjem på mulig avveg i framtida (dei peiker spesielt på det som skjer i Mali nå, der våpen Qatar ga til libyiske grupper er komme i hendene på opprørane i nord-Mali). Det er mulig at leiinga diplomatisk og i utlandet, overfor donorane, trekker klare grenser mellom "gode" og "dårlige" opprørsgrupper, grenser som kan vere meir flytande på bakken i Syria. Men det kan også vere at slike, eller andre, forskjellar tvert om kan vekse seg meir påtrengande ettersom regimet svekkas og blir ein mindre farlig trussel.

Regimet som milits
Enn så lenge er likevel Assad-regimet hovudfienden, og er naturligvis ei dominerande kraft. I lufta har dei heilt herredømme, og også i tungt artilleri, som dei brukar med stor brutalitet. Håpet om at dei skal kunne komme på offensiven igjen må nok bli svakare også i dei kretsar, men dei har styrke nok til å halde ut lenge, ikkje minst fordi dei naturligvis har reell støtte i viktige delar av Syria, ikkje minst mellom alawiar og andre folkegrupper som fryktar opprørarane. Desse folkegruppene kjem ikkje til å forsvinne. Dersom opprørarane klarer sitt diplomatiske arbeid og t.d. får materiell som kan nøytralisere regimets luftvåpen, så kan vi komme til ein situasjon der regimet i staden for å vere den store samlande fienden, blir ein milits mellom mange, som kjemper like bittert for "sine" folkegrupper, som den nåverande opprørsfronten kjemper for sine. Det er kanskje eit vel så sannsynlig neste steg som ein "libyisk" utgang der regimet plutselig kollapsar på noen dagar, og kan bli, for å si det slik, ein ganske utfordrande situasjon.

Vi er langt unna den situasjonen ennå, den lange og vonde kampen der frontane sliter kvarandre ned ser ut til å vare lenge ennå. Men situasjonen ser ut til å vise at samtidig som vi heilt klart ser teikn til i det minste lokal og taktisk samordning mellom militsgrupper som reknar seg til FSA, så er det også klare og farlige teikn til fragmentering. Det kan da føre i to retningar: enten at opprørane, eller ei retning av dei, får hegemoniet i kampen og klarer å samle seg og enten nedkjempe eller forhandle seg fram til overtak over smågrupper i utkantane. Eller ei ytterligare fragmentering der Syria blir kamparena for eit sammensurium av militsar, der det blir vanskelig å skille frå kvarandre dei som opphavlig stod for og dei som stod mot Assad-styret. Uansett, det er i Syria og ikkje på den diplomatiske arenaen i Doha at dette vil bli avgjort.

fredag 7. desember 2012

Egypt: Frå krise til kva?

Utviklinga i Egypt den siste veka har opplagt vore foruroligande, og når begge sider har hatt dødsofre, kan det vere vanskelig å finne den middelvegen som er nødvendig om det gryande demokrati skal få vakse vidare.

Dette er ikkje repetisjon av revolusjonen i fjor, sidan det da var det eit ganske samla folk (eller iallfall samla aktivistar) som stod mot eit gammalt og tilstivna styre. Nå er det to ulike delar av folket, som begge kan påstå seg ein massebasis - det har dei begge vist i demonstrasjonane - som står på kvar si side, og det dei kjemper om er eit nytt og uferdig demokrati.

Begge sidene seier dei fryktar eit kupp som vil stenge vegen for demokrati: Protestantane fryktar at islamistane vil ta all makt og hindre opposisjon å arbeide, eit nytt (og verre) styre av Mubarak-slaget. Islamistane fryktar at demonstrasjonane er frå det gamle Mubarak-styret som vil sabotere det demokratiske framskrittet som vart gjort i fjor. Begge har trulig litt rett, men mest feil.

Kva kjemper dei om?

På eit nivå er dette rein maktkamp. Ingen av sidene er vant til å arbeide i eit etablert demokrati, der ein opposisjon kan rekne med at om dei tapar eitt val, så har dei rimelig sjanse til å vinne det neste om fire eller fem år, så er det deira tur. Derfor blir det lett dramatisk "det er nå eller aldri", og alle partar vil rake til seg mest mulig makt, eller redusere motpartens makt, nå, mens alt flyter og dei har sjansen. Frykta ser ut til å vere det dominerande i denne kampen: Om vi ikkje hindrer "dei andre" i sitt prosjekt nå, så vil vi miste all sjanse om politisk deltaking.

Opposisjonsalliansen har faktisk noen innslag av gamle Mubarak-tilhengarar, og støtter seg ikkje minst på dei delane av statsapparatet som heng igjen frå det gamle, som delar av rettsvesenet der mange heilt klart ønsker å motarbeide islamistane uansett. Det blir ein ujamn allianse med dei liberale som stod i spissen for revolusjonen i fjor, arm i arm med dei samme islamistane mot Mubarak. Men det ser ut som om også mange av dei liberale nå ikkje vil akseptere at islamistane, Brorskapet og salafistane faktisk vann dei to vala som har vore, og har demokratisk legitimitet. Å trekke fram fjorårets slagord om "ned med systemet" virkar mot si hensikt, når det faktisk var eit demokratisk system som har ført det nåverande styret til makta. Presidenten, Mursi, er i dag einaste utøvande makt, men det er jo fordi parlamentet vart oppløyst av det samme rettsvesenet, og med ein ganske teknisk og tvilsom begrunnelse (om ein kunne bruke partilister ved enkeltmannsvala). I dette parlamentsvalet vann jo islamistane ennå større fleirtal enn i presidentvalet, og så langt ein kan sjå på ein heilt fair måte. Det er ikkje rimelig å ville avskaffe systemet fordi ein ikkje vann vala. Tvert om burde det vore i deira interesse å få fortgang i grunnlovsprosessen, slik at nye val blir haldne, for alt tyder på at Brorskapet vil da gå ytterligare tilbake og opposisjonen få sin sjanse. Ved nå å sette heile overgangsprosessen i fare og kanskje risikere eit nytt militærkupp setter dei si eiga framtid på spill.

Presidenten og Brorskapet har openbart også sitt ansvar for den krisa som vi nå ser. Valseieren gir dei rett til å sette sitt preg på styret, ingen kan forlange at eit parti som vinn eit val skal vere nødt til å sette berre dei tapande partias program i verk. Men det er også rett og viktig som opposisjonen seier, at ei grunnlov stiller i ein annan kategori enn vanlige lover; den skal vare utover eit enkelt parlament eller valperiode, og må ha legitimitet frå meir enn berre eit kortvarig fleirtal: det må bygge på ein konsensus av flest mulig i samfunnet. Til sjuande og sist må det voteras mellom formuleringar, men i arbeidet må ein søke samarbeid. Det gjeld frå begge sider, i dei vanskelige punkta om islams rolle i grunnlova må både dei sekulære og religiøse komme fram til formuleringar som begge kan godta. Det har ein ikkje klart her, og det ser ut som om Brorskapet har lagt større vekt på å komme til semje mellom seg sjøl om dei meir religiøse salafistane (der mange jo egentlig ikkje anerkjenner korkje demokratiet eller grunnlova), enn mellom seg og dei langt fleire sentrumsorienterte og liberale. Dette er ein del av grunnen til at arbeidet i kommisjonen braut sammen og mange trakk seg (om enn dei kan ha gjort det for lett og for tidlig). Når representanten for al-Azhar trekker seg frå kommisjonen fordi grunnlova er for strengt religiøs, er det eit dårlig tegn.

Styret det siste året har også tatt noen urovekkande grep mot opposisjonelle medier, noen er trukke for retten, andre forsøkt motarbeidd av statlige tiltak. Dette har vore få og sporadiske tilfeller, og kan føras opp på overmot og mangel på modenheit i ein ny maktsituasjon, men det har openbart gitt grunn til uro for dei i den liberale leiren som kjenner slike tiltak alt for godt frå det gamle styret.

Men spesielt har Mursi vore alt for uvillig til å arbeide for konsensus nå i den nåverande krisa. Å ville presse gjennom ei folkerøysting på grunnlova berre etter to veker, og utan at alternativa er klarlagt og teksten i stor grad ikkje kjent av velgarane, tyder ikkje på kompromissvilje. Noen av dei omstridde dekreta kan forsvaras som å komme sabotasje frå det gamle styret i forkjøpet, men dei gjekk openbart langt utover det. Med dei protestane som kom ikkje berre frå opposisjonen, men langt inn i hans eige parti, burde han komme dei i møte ved å trekke eller modifisere det som vekte mest oppsikt, spesielt at alle hans vedtak var urørlige av domstolane, noe som lett førte til kritikk om forsøk på allmakt. At han i staden i praksis står hardt på, og spesielt at Brorskapet har gått til voldelig konfrontasjon med opposisjonen, er hans ansvar og kan også føre til at krisa får ein meir dramatisk slutt enn den burde ha fått.

Det kan fortsatt roas ned, og vi må håpe dette er meir vokstersmerter for demokratiet enn ei for tidlig dødskrampe. Men aukande vold gjer det vanskeligare å finne fram til det kompromisset som er nødvendig. Utspillet ligg nok hos presidenten, å utsette folkerøystinga, ta ein ny runde på kontroversielle paragrafar i grunnlovsframlegget - slik det har komme framlegg om - og å legge til sides iallfall noen av hans "allmakts-dekret", vil vere nødvendig. Så må opposisjonen komme i dialog og erkjenne at presidenten faktisk er president og har fullmakter.

Det er krefter som arbeider for slike mellomløysingar. Wasat-partiet, eit liberalt islamistisk parti som står i opposisjon til Brorskapet, argumenterer for grunnlovsløysingar, den tidligare presidentkandidaten Abu 'l-Futuh og hans "Sterkt Egypt"-parti arbeider for at dekreta må bort utan at presidenten må gå, slik dei ytterliggåande på opposisjonen krev, og det er andre. Men dei som har makta, og det er Brorskapet, må ta dei avgjerande stega mot ein felles plattform, elles er det diverre vanskelig å sjå ei god løysing på denne krisa.

mandag 26. november 2012

Egypt: Ny farao?


Here we go again, kan ein seie: På Tahrir lyder ropa "al-shaab yurid isqat al-nizam", folket ønsker systemets fall, Mursi-Mubarak samme sak. Er det slik? Har Brorskapet nå vist sitt sanne ansikt, slik Khomeini gjorde to månadar etter at han også var alliert med dei liberale i februar 1979?

Mursi hadde overraska alle med sine politiske evner, først ved å utmanøvrere dei militære i sommar, og nå ved å gjenvinne ei nøkkelrolle for Egypt i regional politikk gjennom å forhandle fram avtalen i Gaza. USAs president takkar islamist-leiaren for hans bidrag i ein konflikt med Israel! Men nå, med dei siste dekreta, har nok Mursi overspilt handa si. Han vil mest trulig bli nødt til å gi seg på dei, iallfall delvis. Det er heller ikkje noe nytt, to steg fram og eitt tilbake har vore taktikken mange gonger siste året.

Dette vil trulig skje ganske raskt, det har alt oppstått sprekker i Mursis indre sirklar, fleire ministre har kritisert vedtaka, og rådgjevarar har gått av. Det er altså ikkje noe konsolidert Brorskap som har gått til offensiv, sjøl om Mursi openbart har drøfta og fått støtte i leiarskapet i organisasjonen og partiet sitt. Vi får sjå kva resultatet blir, full avbikt, revisjon i dekreta, eller halstarrig forsøk på halde ut så lenge som råd. Han har alt lufta frampå om å forhandle fram endringar i sine vedtak, men vil kanskje vente iallfall til etter dei tillyste demonstrasjonane for og mot i morgon tysdag, vi får følge med om korleis utviklinga blir.

Det er altså eit politisk spill vi er vitne til, med mange spillarar. Men kanskje ligg det noen føringar under som er meir urovekkande enn sjølve dei dekreta som utløyste protestane: vi kan vere på veg mot eit dysfunksjonelt politisk system. For å sjå det må vi sjå litt breiare på det som har skjedd den siste tida.

Det er to hovudelement i det settet med dekret som Mursi kom med sist torsdag. Eit gjeld rettsoppgjeret etter opptøyene i fjor. Ein del antatt ansvarlige for undertykkinga vart stilt for retten, men riksanklagaren, utnemnt på livstid av Mubarak, benåda dei under store protestar frå "dei revolusjonære", dei som deltok i protestane. Mursi har fleire gonger prøvd å fjerna han, og ligg i open konflikt med eit rettsapparat som han meiner beskytter Mubaraks folk og hindrar ny utvikling. I dette har han i sak brei sympati hos dei revolusjonære, men berre ikkje i den direkte måten han prøver å sette dommarane til sides. Også heilt klart uavhengige dommarar som gjekk imot Mubarak, men også er kritiske til Mursi, vart satt på sidelina. Likevel, dette i seg sjøl er det nok mulig for Mursi og dei sekulære å komme til einigheit om, og ville ikkje ført til krav om hans avgang.

Verre er det med arbeidet rundt grunnlovskommisjonen, dei som vart nedsatt for å lage eit utkast til ny grunnlov. Denne kommisjonen vart oppnemnt av det nyvalde parlamentet i fjor. Da grunnlovsdomstolen, den som Mubarak hadde oppnemnt, oppløyste parlamentet, var det lenge frykt for at også kommisjonen for ny grunnlov skulle bli oppløyst. Det skjedde likevel ikkje, trass i stor usemje om sammensettinga. Til slutt vart ein samd om 50/50-fordeling av kommisjonsmedlemmene mellom islamistar og andre, og kommisjonen har arbeidd fram mot eit utkast som ennå ikkje er offentliggjort, men der fleire forslag er gjort kjent (og i noen tilfeller trukke tilbake).

Her har det gått fram at salafistar i kommisjonen har pressa på for å gi Shariaen større plass i grunnlova. Brorskapet har avvist di fleste av forslaga derifrå, men har gått inn på noen meir eller mindre vage kompromiss, slik at Shariaen blir faktisk nemnt meir enn før, og med formuleringar som kan vere munnsvær slik det har vore til nå, men kan også seinare brukas som brekkstang for at reelle sharia-reglar skal komme inn i lovverket. Det har ført til kraftige reaksjonar frå dei sekulære, som er grunnleggande mistenksomme mot den store plassen islamistane fekk der etter sin store valsiger i fjor. Grovt sett seier islamistane at dette valresultatet må bli demokratisk reflekterert i arbeidet, mens dei sekulære seier (og Brorskapet forsåvidt også stemmer med i) at ei grunnlov må peike ut over eit enkelt val og representere heile Egypt, både dei på den eine og andre sida i det politiske landskapet.

Spørsmålet er berre om det er mulig å spenne ei bru over "islam må vere meir reflektert i grunnlova" og "islam må ikkje vere reflektert i grunnlova". Juridisk og teoretisk er nok ikkje det umulig å finne balansen (t.d. ikkje gjere noen endringar frå dagens lov på dei punkta), men politisk ser det ut til at begge sider nå vil bruke høvet til å kjøre fram sine primære standpunkt, i staden for å søke kompromiss med eller utan innhald.

Det som kan vere urovekkande, er om dei liberale kreftene (det vil her i praksis si alle utanom Brorskapet og salafistane;  "sentrums-islamistar" som tidligare presidentkandidat Abu 'l-Futuh har slått lag med opposisjonen),  fell tilbake til gamle takter frå Mubarak-tida. Den gong var det umulig å få reell politisk innverknad, og einaste "maktmiddel" dei hadde var boikott, noe dei brukte ofte og gjerne. Slik har dei liberale dei siste vekene begynt ein etter ein å trekke seg frå grunnlovskommisjonen i protest mot at dei ikkje fekk gjennom sine krav, til nå er 22 av dei 100 medlemmene gått av, mellom dei fleire av dei tyngste kreftene, alt frå det islamske Azhar-universitetet (som tydeligvis ikkje ser med velvilje på Brorskapets islam-tolking), til dei koptiske kristne og dei mest framståande liberale politikarane.

Som strategi kan dette vere farlig. Det kan enten gi salafistane større makt, dersom det berre blir dei og Brorskapet som blir sittande att som tunge krefter i kommisjonen. Eller, så kan det vere ein politikk som styrer mot at Grunnlovsdomstolen til slutt griper inn og oppløyser kommisjonen likevel, før dei får lagt fram eit forslag til folkerøysting. Det er dette Mursi ville komme i forkjøpet med eit av sine dekret, som beskytter grunnlovskommisjonen frå å bli oppløyst av domstolen; noe som opposisjonen kallar for diktatorisk.

Men skulle dette bli resultatet, at Mursi må trekke dette dekretet og grunnlovskommisjonen blir oppløyst, så blir Egypt ståande utan grunnlov, t.d. utan noe som definerer presidentens makt, og ikkje minst utan ny vallov. Ei ny kommisjon - om den ikkje skal bli oppnemnt av presidenten, den einaste valte statsmakta i dag! - og ei ny grunnlov kan da berre komme etter eit nytt parlamentsval, som jo først skulle komme etter at det var laga ny grunnlov! Catch-22. Skal ein så halde nytt val med den gamle vallova igjen, den som skapte problema i fjor, og som openbart ikkje er spesielt funksjonell? I det minste må det bety ei lang utsetting i arbeidet med å lage eit nytt politisk system.

Dette smaker med andre ord av klar styring mot kaos. Det virkar som om dei liberale er så redd for eit diktatur at dei lar det gå troll i ord - om ikkje Brorskapet og presidenten finn noen å samarbeide med (andre enn salafistane, da), så kan han bli frista til å styre heilt åleine. Mursi er nok bedre politikar enn å ville prøve på det, men det kan vere høgt spill for dei sekulære, kanskje krisemaksimering. Bak sit jo også fortsatt hæren og vakar, slik at om det mot formodning skulle komme forsøk på eit Brorskapsdiktatur ville det få kort varigheit. Men er eit militærkupp noe å trakte etter for dei liberale?

torsdag 15. november 2012

Palestina: Ny einstatsløysing?

Det har blitt meir og meir klart at vi knapt kan snakke om ein "fredsprosess" i Israel-Palestina-konflikten, og dei politiske utsiktene ser ikkje meir lyse ut i framtida. Dei israelske busettingane blir utvida, høgresida festar grepet i Israel og venstresida er demoralisert, og på palestinsk side ser det ikkje stort bedre ut med stadig større avstand mellom Vestbreidda og Gaza.

Stat?
I dette dystre atmosfæren begynner noen å snakke lågmælt om det kanskje ville vore best for palestinarane å gi opp planen om ein eigen stat som ikkje ser ut til å kunne bli meir enn ein "bantustan", ei ufritt lappeteppe av dei flekkene av Vestbreidda israelarane ikkje har lyst på, utan sjanse til å bli ein fungerande stat. I staden burde dei gå inn for ei "einstatsløysing", ein felles statsbygnad over heile området som i dag er Israel, Vestbreidda (og Gaza, da nødvendigvis), med krav om lik status og like rettar for alle. Dersom Israel tar på seg ansvaret som stat for heile den regionen dei nå faktisk styrar, så vil dei ikkje i lengda kunne avvise krav til rettar og statsborgarskap for innbyggarane på Vestbreidda, slik arabarane i "det egentlige" Israel frå før 1967 alt har.

Dette er fortsatt ein teoretisk tanke utan tydelig oppslutnad, og går naturligvis tvert imot den nå pågåande palestinske kampen for å bli anerkjent som stat (eller ikkje-stat, heiter det visst nå) i FN. Det er nok også merkt av desperasjon, vegen til eit sjølstendig Palestina som eigen stat  ser ut til å vere heilt blokkert, og sjøl om diplomatiet skulle føre fram, så er "realitetane på bakken" - dei israelske busettingane og byane på Vestbreidda - alt slik at det ser ut som ein ønskedraum å kunne "reversere situasjonen tilbake til 1967", som uansett knapt gir palestinarane eit økonomisk levedyktig område. Og busettingane blir fleire og tar stadig meir plass men diplomatiet står stille. Er det på tide å tenke nytt?

Einstatsløysing 1: Binasjonal stat
Nå er ikkje dette, å ha ein felles stat for jødar og palestinarar over heile området noen ny tanke. Alt da britane trakk seg ut i 1948 var spørsmålet om ein ”binasjonal stat” for jødar og arabarar aktuell. Det var da spesielt liberale og venstreorienterte jødar som argumenterte for det, med filosofen Martin Buber (1878-1965) som ein viktig talsmann for ei løysing der ingen av folkegruppene skulle dominere over den andre. Dei kalte seg også ”sionistar”, men vart avvist av hovudretninga som arbeidde for ein spesifikk jødisk stat. På arabisk side var det heller ingen sympati for tanken, og den døde bort i og med krigen i 1948 og utviklinga deretter.

Einstatsløysing 2: Eitt Palestina
Da den palestinske nasjonalismen vaks fram med Fatah og PLO på 1960-talet, gjekk jo også dei inn for ei einstatsløysing, men av ein annan karakter: Eitt Palestina over heile området. Israel skulle opphøyre, mens dei jødane som budde i Palestina i 1948 skulle reknas som palestinarar og få høve til å bli borgarar i PLOs Palestina. Det var altså ein retur til situasjonen i 1948, men nå da med eit nasjonalt palestinsk (arabisk) overtak. Dei som kom til Israel etter 1948 var ikkje inkludert i denne løysinga.

Einstatsløysing 3: Sosialistisk stat
Mellom dei meir eller mindre luftige ideane frå 1970-talet, kan vi også nemne den antisionistiske organisasjonen Matzpen, som var eit venstre-utbrot frå det israelske kommunistpartiet Maki. Dei stod eigentlig ikkje for ei einstatsløysing for Israel/Palestina, men for ein større sosialistisk føderativ stat for heile Midtausten. Den jødiske nasjonen i Israel var ein realitet, meinte dei, og hadde rett til nasjonalt sjølstende innanfor denne større sosialistiske føderasjonen, på samme måte som ”kurdarar, sør-sudanesarar” og andre ikkje-arabarar. Men dette betydde ikkje nødvendigvis noen separat israelsk-jødisk stat, utan at dei var klare på korleis dette sjølstendet da skulle framstå.

Også på palestinsk side var det tidlig på 1970-talet liknande tankar frå dei mest venstreorienterte, spesielt den Demokratiske Folkefronten (DFLP). Dei var kritiske til den ”borgarlige nasjonalismen” til Fatah, og låg ikkje langt unna tanken om å skape ein felles jødisk-arabisk stat foreint i sosialisme og utan nasjonal undertrykking. I 1974 endra dei derimot retning til det nær motsatte, og vart dei første på palestinsk side til argumentere for ei tostatsløysing, som altså innebar ei erkjenning av Israels eksistens og at Palestina måtte opprettas i Vestbreidden og Gaza. Først fleire år seinare gjekk PLO inn på samme tanke, som vart grunnfesta i Oslo-avtalen i 1992.

Einstatsløysing i teorien
Den prosessen er det altså som noen både på israelsk og palestinsk side meiner er komme til sin ende utan å ha gitt noe resultat. Er palestinarane nå kanskje bedre tent med å akseptere at det er geografisk, politisk og økonomisk umulig å dele opp dette landområdet i to levedyktige statar? Legg den partikulære nasjonalismen til sides, og sats i staden på demokratiske krav: Dersom ein godtar integrering av heile området i ein stat, så vil kravet om fulle rettar for alle innbyggarane i den staten bli uimotståelig. Ja, seier dei, israelsk politikk på Vestbreidda kan sammenliknas med apartheid: Dei opprinnelige innbyggarane blir tvungne inn i leirar eller i små, usjølstendige områder som ikkje er levedyktige (bantustans). Dei som er utanfor manglar rettar, arbeid, økonomi, får ikkje bruke dei samme vegane som busettarane, får oliventrea sine hogd ned og så vidare. Dette er i strid med almenne menneskerettar og er berre mulig fordi dei er ”utlendingar”, ”fremmende” i forhold til den dominerande israelske staten. Fjern dette stemplet av ”utlending”, aksepter staten og forlang rettar som innbyggarar på line med alle andre, så vil det bli umulig for staten på sikt å fortsette denne diskrimineringa; palestinarar på Vestbreidda vil da måtte få samme rettar som palestinararne i Galilea og resten av Israel.

Det kan vere ein besnærande tanke, men det møter noen problem. For det første, så vil det vere eit nederlag for den palestinske nasjonale tanken som har halde nasjonen og folket i live dei siste generasjonane: Statens navn vil vere Israel, og ”palestinar” vil berre bli eit etnisk merke mellom israelarane. Det er vanskelig å tenke seg at det er politisk mulig for palestinarane å godta.

For det andre kan eller vil det bety dødsstøtet for den sionistiske tanken om ein ”jødisk stat”. Israel tolererer i dag ein arabisk minoritet på 20 prosent i det ”egentlige Israel”, altså innanfor 1967-grensene. Det gir likevel eit så stort jødisk fleirtal at statens jødiske karakter ikkje er utfordra. Men om ein legg på tre millionar palestinarar frå Vestbreidda og Gaza, blir balansen annleis: Fortsatt eit jødisk fleirtal, med ca. 6 millionar jødar mot 4,5 millionar palestinarar. Men sjøl utan å skule til den demografiske utviklinga (at palestinarane har større folkevekst) vil dei to gruppene vere såpass jamnstore at det over tid vil vere vanskelig å bevare Israel som ein reint eller i hovudsak jødisk stat. Ein slik binasjonal (eller bi-etnisk) stat er nok noe heilt anna enn det statens grunnleggarar tenkte seg. Og heller ikkje statens leiarar idag, det ville trulig vere like stort politisk sjølmord for israelske leiarar å gå inn på ein slik oppgivelse av sin nasjonale karakter, som det ville vere for dei palestinske.

Og dei har også støtte for det i folket. Det vart nylig gjort ei spørreundersøking mellom israelarar om rettane til dei israelske arabarane, altså dei innanfor ”Israel av 1967” som nå har israelsk statsborgarskap. 47 prosent meinte at desse bør fråtas statsborgarskapet og overføras til dei palestinske områda. Ein tredel meinte at arabarane burde miste stemmeretten i israelske val. 60 prosent meinte at jødar måtte gå foran arabarar ved tilsettingar, og 40 prosent ville ikkje at deira barn skulle gå i samme skule som arabiske. Dette gjaldt altså dei arabarane som har hatt israelsk statsborgarskap i fleire generasjonar. Om Israel skulle annektere Vestbreidda (noe 40 prosent støttar), så avviser heile 70 prosent at arabarane der skulle få stemmerett, og tre av fire meiner arabarane ikkje må få kjøre på jødanes vegar. Det vil si, seier Ha’artez som gjorde undersøkinga, at dei utan hemningar støttar ein apartheidpolitikk. Det virker dermed lite trulig at eit palestinsk krav om ”ja til integrasjon i Israel, mot fulle demokratiske rettar”, vil få noen særlig respons i israelsk politisk opinion.

Einstatsløysing i praksis
Det virker altså vanskelig å sjå at ei einstatsline vil føre til noen store framskritt for palestinaranes rettar. I staden kan ein vel heller seie at vi faktisk står foran ei heilt anna einstatsløysing i realiteten: Ein einskaplig israelsk stat utan palestinske rettar. Haldningane til den israelske opinionen reflekterer jo langt på veg ein realitet: Større og større områder av Vestbreidda blir israelske, palestinarane drivas fysisk tilbake, og den palestinske autoriteten blir meir og meir ein lokal administrasjon som lever på Israels nåde. Unntaket er altså Gaza, som har meir og meir si eiga historie, i desse dagar under fornya press, men som er for lite både i folketal og område til å utgjere noen palestinsk stat på eiga hand.

onsdag 14. november 2012

Antisemittisme, anti-sionisme og Israel

I det siste har temaet antisemittisme og kritikk av Israel komme opp fleire gonger i media, i ulike sammenhengar. Standpunkta er oftast dei samme: på den eine sida advarslar mot veksande anti-semittisme,  på den andre understreking av at det "må jo vere lov å kritisere israelsk politikk".

Og det er heller ingen motsetning mellom dei to utsegnene: Den nylig utgitte rapporten frå Holocaust-senteret viser ein vekst i anti-jødiske haldningar som må tas på alvor. Og det kan ein naturligvis godt gjere utan å gi frå seg retten til å ha ulike oppfatningar om det som hender i Midtausten.

Det som skapar problem er når ein drar lenker frå det eine til det andre, slik t.d. ein nylig utgitt rapport frå OSSE gjorde da dei peikte på norsk Israelkritikk som faretruande og eit mulig grunnlag for aukande antisemittisme. Slike påstandar blir gjerne nøytralisert ved å bruke Kåre Willoch som eksempel på (potensiell) antisemittisme, noe som for dei fleste norske lesarar blir eit openbart overspill. Meir  vanlig er likevel utsegner som talsmannen for det mosaiske trussamfunnet kom med i går, om at "antisemittismen i si moderne form er anti-sionisme" (kommentar til Trond Ali Lindstads påstand om at han ikkje er antisemitt, berre anti-sionist).

Da kan det vere grunn til å ta eit steg tilbake og sjå på desse begrepa litt meir analystisk og kjølig, kva som det er rimelig å legge i "anti-semittisk" og "anti-sionistisk", og sjå om det er, det må vere eller kan vere sammenheng mellom dei. I tillegg skal vi kaste inn eitpar nye begrep som kan enten klargjere eller forvirre.

Anti-kva?
Vi kan her altså bruke tre ulike begrep, anti-semittisme, anti-sionisme og Israel-kritikk. Alle desse kan ha ulikt innhald.

Det enklaste å definere er nok det første. "Anti-semittisme" kan vi omsette med jødehat, hatefulle eller diskriminerande handlingar og haldningar til jødar som gruppe, i egenskap av at dei er jødar.
Det handlar altså om jødar; noen liberale har prøvd å fri arabarane frå skuldinga ved å si at "araberne er jo også semittar, dei kan derfor ikkje vere anti-semittar", men dette er useriøst. For det første finnes det ingen "semittar", det er ein språkfamilie (som også omfattar t.d. fleire etiopiske språk) og ikkje noka folkegruppe. Ordet "anti-semittisk" oppstod i Europa på 1860-talet, da "hebrearane" var dei einaste "semittane" ein hadde foran seg; det var rett og slett ein litt finare skrivemåte av "anti-jødisk". Så ein som snakkar arabisk, amharisk eller anna semittisk språk kan nok godt vere anti-semittisk utan noe sjølvhat.
Det som pregar antisemittismen er altså at motviljen eller hatet retter seg generelt og kollektivt mot jødane som folk og gruppe, og ikkje mot konkrete handlingar. Det kan likevel vere tvil om kritikk av den jødiske religionen (som jo er felles for jødane) fell inn under begrepet eller ei. På den eine sida kan ikkje jødedommen fritas frå den religionskritikken som rimelig rettas mot kristendom eller islam; på den andre veit vi at klassisk antisemittisme hadde djupe religiøse røtter. Her må det vere innhaldet i kritikken som er avgjerande, om den er rimelig i forhold til den jødiske religionen eller prega av hatske mytar og vrangforestillingar.

Meir problematisk er den andre termen, "anti-sionisme". Dette er eit begrep som mange kritikarar av Israel har brukt, spesielt dei på venstresida: dei er ikkje mot jødar, dei er berre mot sionismen. Dette skillet gir ikkje meining for mange israelarar og israel-venner, fordi dei oppfattar dette som to ord for samme tingen. Det venstresida kallar for antisionisme er berre eit finare ord for antisemittisme. Kven har rett av dei to?

For å svare på det, må vi trekke inn eit tredje begrep, som vi kan kalle "israel-kritikk". Kritikarane seier: "Det må jo vere mulig å kritisere Israel / Israels politikk utan å bli stempla som anti-semitt: Sjå berre på den sterke og hissige debatten som går inne i Israel sjøl om deira politikk". Ja, nettopp, seier Israel-vennene, men den norske og vestlige kritikken har ein annan karakter: Dei demoniserer Israel, dei lar Israel få skulda for alt som er problematisk i Midtausten og kanskje elles, dei nektar for eller overser den skulda som den andre parten i konflikten har. Israel blir angripe og satt i ein særstilling, fordi det er jødisk. Dette er klart antisemittisk, seier dei. Det vi ønsker er at Israel skal bli behandla som alle andre statar i verda.

Nivå i kritikken
Det går altså ikkje på om ein kan kritisere Israel eller ei, men kva slags type kritikk som er mulig utan å falle i den antisemittiske grøfta.

Vi kan prøve å gruppere dette i forskjellige nivå av kritikk av Midtausten-konflikten.
- Lågaste nivå kan vi kalle "kritikk av Israels konkrete politikk". Det er å ta opp bestemte standpunkt eller handlingar landet gjennomfører, det vere seg busettingspolitikken, muren, forholdet til flyktningar, konkrete krigshandligar eller anna. Slik kritikk kan andre statar eller politikarar, i Norge eller USA komme med på eitt eller fleire områder, og er naturligvis også sentral i den indre politiske debatten i Israel. Den vil gjerne, ved behov, bli knytta til forsikringar om full støtte til Israels rett til å forsvare seg, ha sikre grenser, og deira sjølvsagte rett til å eksistere.

- Ein slik kritikk av enkeltstandpunkt kan likevel summere seg opp til ei meir allmenn negativ oppfatning av Israels rolle i Midtausten, der Israel blir generelt sett oppfatta som problemet i konflikten. Det vil si at ein ser dei israelske enkelthandlingane som eit mønster, Israel blir oppfatta som "ei bølle", som "aldri tar hensyn", eller liknande, det er "Israel som har skulda for alle konfliktane vi ser". For israelarar oppfattas dette oftast både som sårande og feilaktig, nettopp med tanke på den opposisjonen som jo finnes mot israelsk politikk inne i Israel. Ein slik "anti-israelisme" kan i mye likne på den anti-amerikanismen som rådde delar av europeisk offentligheit på 1970-tallet, eller for den del antikommunismen på 1950-tallet. Også da førte fiendebildet til at fienden fekk "skulda for alle konfliktar", det vart eit sammenhengande tolkingsmønster som i sum var urimelig i forhold til kompleksiteten i verdspolitikken den gong. Eit slikt tolkingsmønter, som nok er klart rådande i Midtausten og dels også utanfor, er altså ikkje spesielt for Israel, men er trulig ein naturlig måte å forenkle komplekse konfliktar på. Så lenge fokuset er på Israel og ikkje overføras til jødar utanfor, er dette ikkje antisemittisk i seg sjøl, men kan naturligvis koplas til antisemittisme om "Israel" her blir uttrykk for "det evig jødiske".

Anti-sionisme og sionisme
Antiamerikanismen stilte likevel ikkje spørsmål ved "USAs rett til å eksistere". Ein slik "anti-israelisme" kan derimot koplas til begrepet anti-sionisme, og da meiner altså mange at dette nettopp er Israels rett til å eksistere som blir benekta, at dei som fører slik Israel-kritikk ønsker å "kaste jødane på sjøen". Igjen: er dette ei rimelig tolking?

Svaret kjem an på kva ein meiner med "sionisme", altså det som dei "anti-" er imot. Sionismen er jo den politiske rørsla som oppstod sist på 1800-tallet om eit eige heimland for jødane, som endte opp med at Israel vart oppretta i 1948, og fortsetter som grunnlag for dette landet og staten. Dette grunnlaget kan defineras på to måtar: "ei rørsle for eit heimland for jødane i Israel", og "ei rørsle for eit jødisk heimland i Israel". Tilsynelatande likt, er det likevel ein vesentlig forskjell på dei to formuleringane. Den første peiker på ei folkegruppe, jødane, som var forfulgt og utan heimland og skulle få det. Den andre peiker på ein bestemt karakter, ein jødisk karakter for dette landet og staten der, utover berre at det skal vere eit land for folkegruppa.

Arabiske og norske haldningar
Det går an å vere mot begge delar, og den arabiske haldninga etter 1948 var openbart det: Dei var imot at jødane som folkegruppe skulle komme til Palestina og spesielt at dei skulle få opprette ein stat der. Å "feie jødane på sjøen" var heilt opplagt det som var målet, altså fjerne den folkegruppa som hadde fordrive den tidligare befolkninga, palestinarane og hadde sendt dei på flukt til flyktningeleire. Flyktningane skulle tilbake til sine landsbyar, og situasjonen på ein eller annan måte føras tilbake slik det var før 1948.

Dette er fortsatt offisiell politikk i mange land i regionen, sjøl om berre fjerne og meir ytterliggåande land som Iran argumenterer høglytt for det. Etter tre tapte krigar innser dei fleste nabolanda at Israel er her for å bli, det er ikkje snakk om å feie noen på sjøen. Dette grunnar seg også på Oslo-avtalen, der PLO anerkjente Israels rettar. Hamas har ikkje vedgått dette, mange meiner det er berre forhandlingstaktikk: dei vil ha meir enn det PLO fekk før dei erkjenner realitetane, men i offentlig retorikk står Hamas klart på at Israel må opphøre.

Da den norske venstresida tok opp palestinaranes sak i byrjinga av 1970-tallet, var det naturlig for dei å følge det som da var PLO og Fatahs offisielle line, som var at "Israel må erstattas av eit samla Palestina. Dei jødane som budde der i 1948 er palestinarar og har rett til å bu der, men ikkje dei som kom seinare". Haldninga var altså at Israel måtte opphøre, utan at det var heilt klart kvar ein meinte det skulle bli av israelarane, det var "ikkje palestinaranes ansvar" å finne ei løysing for dei.
Samtidig gjorde den norske politiske konteksten, som da var massivt pro-israelsk og pro-jødisk, det nødvendig for palestina-vennene å understreke at dei tok avstand frå all antisemittisme og at dei ikkje heldt jødar i utlandet ansvarlig for Israels haldningar. Dette vart mistrudd av israel-vennene som hadde lett for å trive til jødehat-kortet, men det er nok rimelig å si at det var alvorlig meint og også praktisert, særlig av dei som var mest aktive og skolerte i spørsmålet. "Sympar" i periferien kunne kanskje bruke "jødane" der dei skulle ha sagt "israelarane", men var det ein meir trent aktivist innan hørevidde, vart dette raskt slått ned på: ein skulle aldri bruke ordet "jøde" i negativ forstand.
Eit unntak var "lov", den jødiske lobbyen i USA var og er reell (AIPAC og andre organisasjonar), og det var tillatt å peike på den innverknaden denne hadde på USAs Midausten-politikk. Men alt ut over det var ukorrekt, og det er nok rimelig å si at dei venstreorienterte internaliserte dette; dei har rimelig grunn til harme over å bli kalt fordekte antisemittar. Dette er også blitt klarare etter at PLO anerkjente Israel, og solidaritetsorganisasjonane meir eller mindre motstrebande aksepterte dette og har seinare fokusert på kritikk av forholda til palestinarane i dei okkuperte områda, ein kritikk som er blitt meir allmenn i Norge men altså i hovudsak går på konkret politikk.

Anti-sionismen og Israels karakter
Det er likevel eit skille mellom dei israel-kritiske mellom dei (særlig på venstresida) som fortsatt vil kalle seg for anti-sionistar, og dei som avviser ein slik merkelapp, nettopp fordi dei ser på Israel som ein sjølsagt realitet trass i den kritikken dei måtte ha av landets politikk. Det er den første gruppa som uroar mange jødar, fordi dei ser "sionisme" som eit namn på Israel, som ein ide om at også jødane i Israel har rett på eit land slik som alle andre, og den som er mot det er jo dermed mot at jødar skal ha ein slik rett.

Slike haldningar, som det faktisk er rimelig å kalle antisemittiske ved at dei setter jødane i ein særlig kategori, finnes nok, særlig på ytre høgre fløy i Europa, sjøl om dei kanskje knapt er representert i Norge. Men for dei fleste på venstresida betyr "sionisme" noe anna. Det er ikkje "rett til ein stat som alle andre statar", men "retten til ein stat slik ingen andre har". Det går altså på Israels "jødiske karakter".

Israel er i utgangspunktet ein sekulær stat som dei europeiske. Men den har to særtrekk som skiller den ut: For det første erklæringa om at den er "ein stat for jødane", i staden for "ein stat for innbyggarane sine". Det er spesielt fordi størstedelen av jødane ikkje bur i Israel, men Israel er likevel til for dei; og det er spesielt fordi ein ganske stor del av innbyggarane i Israel ikkje er jødar. Dei siste, arabarar eller palestinarar med israelsk statsborgarskap, har vanlige statsborgarlige rettar, men Israel er likevel ikkje ein "stat for dei".

Konkret går det da på lovregelen om "retten til å vende tilbake". Alle av jødisk avstamming, uansett kvar i verda dei bur, har (rett på) israelsk statsborgarskap, som dei kan få når som helst dei flytter til Israel, mens dei som budde i landet fram til 1948 men ikkje var i landsbyen sin på ein bestemt dato det året, ikkje har eller kan få slike rettar til det landet dei budde i. Det siste er eit resultat av krigen, og fell under spørsmålet om flyktningars rettar, men det første kjem ikkje av krigen, det er ein del av Israels fortsatte sjøl-definering. Israel ønsker stadig fleire jødar til landet, og har gjort store anstrengingar opp gjennom åra for å styrke "demografien", å vippe balansen klarare i jødisk retning. Noe slikt finn vi ikkje i noe anna land. Ein person av norsk avstamming men utan opphald i riket (i så og så lang tid) har ingen større rett til norsk statsborgarskap enn andre utlendingar.   (Tyskland hadde derimot ein liknande, uavgrensa, "blodsrett" til statsborgarskap, dels på grunn av delinga av landet, men har nå avskaffa denne retten.)

Det andre gjeld statusen til dei arabiske israelarane. Formelt har dei samme rettar som jødiske israelarar, men dei har heile tida kjent seg diskriminert i praksis, utestengt frå bestemte stillingar og at dei ikkje blir fullt ut godtatt. Eit døme på denne dobbeltheita kom nylig da ein arabar for første gong vart utpeikt til israelsk høgsterett. Det viste jo at ein arabar kan komme til dei høgste posisjonane i landet. Men da han ikkje ville tone med i den israelske nasjonalsangen, som i arabiske auger hyller utdrivinga av deira folk frå landet, vart det likevel reagert sterkt på at han ikkje var "ekte sionist" og dermed eit fremmedelement i landet. Det samme gjeld i nasjonalforsamliga, Knesset. Det har alltid vore eit monalig arabisk innslag der, sidan dei jo utgjer opp mot 20 prosent av folketallet. Men frå høgresida blir det stadig krevd avgrensingar mot dei, og mange ønsker nok at heile det arabiske mindretallet skal forlate landet, det er ikkje "deira".

Den "jødiske karakteren" kan dessutan gå på det religiøse, sidan "jødisk" jo også er ein religion. Ved opprettinga av landet gjorde dei sekulære leiarane noen kompromiss til dei religiøse kreftene, ikkje minst kva gjeld definisjonen av "jøde" (statsborgarskap, ekteskap, konvertering osv), slik at dette området vart liggande under ein religiøs og konservativ autoritet. I dei siste tiåra har også religiøse krefter styrka seg i Israel, i sterk konflikt med liberale og sekulære krefter, noe som har ført til betydelige spenningar inne i Israel.

Dette, hevdar altså anti-sionistane, er jo ikkje noen kritikk mot Israels rett til å eksistere, men er døme på at sionismen ikkje gjer Israel til "eit land som alle andre". Hadde det berre vore det, så hadde det ikkje vore noe å klage på. Det anti-sionistane ønskar, er nettopp at Israel skal bli eit land som alle andre, og da må det bli eit "land for sine innbyggarar", det vere seg jødiske eller ikkje-jødiske, alt etter det som på eit kvart tidspunkt er folkefleirtalet. (Dette peiker da i retning av debatten om kva ein skal gjere med "Palestina", som vi skal ta opp i eit eige blogginnlegg).

Definisjonane
Hovudspørsmålet vårt, "er anti-sionismen i slekt med anti-semittisme", kan altså besvaras med ja, dersom ein med "sionisme" meiner "eksistensen av den israelske staten, at også dei israelske innbyggarane (som er jødar) skal få lov til å bygge og bu der dei nå gjer det". Dersom ein nektar israelarane ein slik rett til å bu der fordi dei er jødar, så kvalifiserer det til antisemittisme.

Derimot, dersom ein med sionisme meiner "at den israelske staten skal ha ein spesifikk, jødisk, karakter som ikkje tilsvarer det noen andre nasjonalstatar har" - det vere seg i forhold til statsrett for dei som aldri har budd der, eller etnisk og religiøst innhald i statsforma - så er det stor forskjell på anti-sionisme og anti-semittisme. Som ein kan forstå, er det den siste tolkinga dei som kallar seg anti-sionistar hevdar, mens det er den første dei som kritiserer anti-sionismen legg til grunn. Det kjem altså an på definisjonane. Men ut frå det som er den faktiske offentlige debatten vi har i vårt land og ut frå det som blir lagt i begrepet frå dei som brukar det, så må det vere vere ei avsporing å si at "anti-sionismen er den moderne formen for anti-semittisme", og å skulde dei som er kritiske til staten Israels ideologiske grunnlag for å vere jødehatarar.

søndag 23. september 2012

Midtausten: Opportunisme eller raseri?

Mye aktivitet dei siste par vekene, som ein har sett i media. Ein oppsummeringsblogg frå mi side vart lagt ut på nrk.no, men sidan dei vil ha eksklusivitet, kan ein lese det direkte hos dei: "Ein arabisk haust" (med eit dramatisk bilde). Her kan vi følge litt opp rundt spørsmålet, om korleis vi skal analysere denne serien av hendingar.

Grunnspørsmålet er altså kva er det som er "genuin" reaksjon, og kva er det som er opportunistisk bruk av ein oppheta situasjon frå politiske krefter? Som vanlig er det eit poeng å prøve å "dekonstruere" hendingane, og å sjå dei som ein kombinasjon av ulike faktorar, noen felles for alle muslimske land, noen ut frå lokale kontekstar.

Genuin reaksjon
At religiøse menneske føler seg krenka når ein angriper deira symbol, er ikkje overraskande. Debatten om dei "burde" løfte seg over det og ignorere det, er forsåvidt ein annan og normativ debatt - openbart er det mange muslimske leiarar både i Vesten (slik som i Frankrike) og muslimske land som seier nettopp det: Dette er ikkje bryet verdt å hisse seg opp over. Men empirisk kan vi altså observere at mange muslimar hissar seg, og spesielt "filmen" er openbart laga for å vekke slik reaksjon. Nå eksisterer det mest trulig ingen film, iallfall har ingen sett den - det kan nok ha vore gjort fleire opptak, men skuespillarane tydeligvis har spilt inn ein heilt annan film om "George", og det er berre etter eit heilt fantastisk dårlig dubbingarbeid at "George" vart til "Muhammad". Mye tyder på at denne "tilpassinga" berre vart gjort på dei 14 minutta som ligg ute på YouTube.
            Uansett, filmen kvalifiserer ikkje til "religionskritikk" med si oppsamling av skjellsord. Når vi skal vurdere "kvifor" mange truande blir så provosert, må vi naturligvis ta inn kva plass Muhammad har som mønster for trua. Når dei truande identifiserer seg med Muhammad, vil ei nedrakking av han måtte oppfattas som ei nedrakking av dei, og av heile den kulturen og fellesskapen dei står for. Når film-folka seier at "islam er ein kreftsvulst" bekrefter dei jo også at det er hensikta. Dei norske truande lot seg provosere av at "kristendommen er den tiende landeplage", så det er ingen grunn til å bli overraska over at muslimske truande lar seg krenke på samme måten.
            Men det handlar jo også om kontekst. Dei som "hever seg over" dette tøvet, er nok dei som i størst grad ser på forholdet mellom religionane som nokolunde likeverdige, altså fremst intellektuelle muslimar i Vesten. Dei som er mest ramma, er dei som ser dette innanfor ei vidare forståingsramme, der "vi" (den muslimske verda generelt) stadig blir angripe og undertrykt, og altså i tillegg håna av dei overmektige "dei" (vesten/USA). Det passar altså inn i pakken av Israel-støtte, Irak-krig, Afghanistan, men også kulturell nedrakking av dei "dumme" arabarane og "farlige" muslimane. Journalistane frå egyptiske Masri al-Yawm var ute i gatene, og snakka med protestantar som trudde det var snakk om ein Hollywood blockbuster som gjekk for fulle hus, der "pakkar dei seg inn i kinosalar over heile USA og sit og gaflar i seg popkorn mens dei skoggerler over vår Profet!" Her må ein vise at ein ikkje godtar passivt dette, meiner altså noen.
            Samme journalist hadde også eit godt poeng: I Egypt er det filmsensur. Det er heilt utenkelig at det kan komme på kino filmar som staten ikkje berre har godkjent, men også støttar økonomisk. Derfor reknar mange egyptarar (og sikkert også i andre land) det som gitt at ein "Hollywood-film", slik den er presentert, må nødvendigvis representere iallfall godkjenning frå den amerikanske staten. Slik altså då kravet om at denne godkjenninga må beklagas og trekkas tilbake.

Opportunisme og lokal kontekst
Så det er det eine. Kor sterk er denne genuine protesten? Den er openbart vidspreidd, det har jo vore demonstrasjon uendelig mange stader. Men dei aller fleste har kvar for seg vore små. I dei aller fleste tilfeller har det vore ansamlingar på eitpar hundre, i større byar kanskje to-tre tusen, som jo ikkje akkurat er noe folkehav i ein millionby; vi kunne i Bergen sikkert raskt fått inn like mange til støtte for eit kastanjetre. Toget i Oslo var på tre tusen, ikkje av dei minste relativt sett, men det var vel dels også for å svekke inntrykket frå salafistanes oppmarsj foran den amerikanske ambassaden. 

Noen stader har det altså vore mye større demonstrasjonar, og spesielt da naturligvis intense demonstrasjonar med mye vald. I mange av desse landa er det lett å sjå opportunismen og kven som står bak. I Egypt og Tunisia er det (som eg skreiv i nrk-bloggen), eit forsøk frå noen salafistar på å sette Brorskaps-regjeringane i forlegenheit ved å fokusere på forholdet til USA, der Brorskapa har måtta dempa sin gamle kritikk. Her er forresten forskjellen mellom Egypt og Tunisia interessant. Egypt har altså fleire store salafistparti som fekk bra velgeroppslutning til (det nå oppløyste) parlamentet, spesielt Nour, og det eks-jihadistiske Gama'at Islamiya. Begge har her følgt Brorskapets line ganske nøye, distansert seg frå den militante protesten og fordømt ambassadeangrepa. Det virker altså som om det å delta i dei parlamentariske organa faktisk har ein klar disiplinerande og modererande effekt, også på salafistar. I Tunisia, derimot fins det ikkje noen salafist-parti. Dei nye salafistgruppene som har oppstått siste året står utanfor politikken, og utfordrer det islamistiske Nahda-partiets regjering med militante aksjonar, slik da altså nå mot den amerikanske ambassaden. Nahda har reagert ganske svakt, mange seier unnvikande, så langt, men nå har deira historiske leiar Ghannouchi varsla ei hard line mot dei militante bråkmakarane.

I Libanon er det like klart kva som ligg bak Hizballahs plutselige engasjement, dei har lidd i opinionen etter si sterke støtte til Assad-regimet, og prøver her å samle ein felles muslimsk (ikkje berre shiisk) opinion mot USA og stå i spissen for denne. Ser vi i andre land, som Sudan (under press frå verdsssamfunnet), Pakistan (langvarige motsetningar med religiøst islett) og Malaysia, vil vi trulig finne lokale kontekstar som vi kan kople til kva grupper som har oppmoda til protestane, og kva desse aktørane kan få ut at mobiliseringa. Dei kan altså spille på den genuine reaksjonen som nemnt i førre avsnitt, og dei kan spille inn i (og er kanskje sjøl del av) den vidare politiske og kulturelle konteksten om ei kjensle av "oss" mot "dei"; der sjølve den hånande handlinga ikkje er så viktig, den blir ei stadfesting av det som vi alt veit, at dei er ute etter å ta og tyne oss. 

Men så har det altså, unikt, oppstått ein kontekst som går i motsatt retning: I går fekk vi for første gong på lenge ein tydeligvis også relativt spontan og vidspreidd oppstand for USA og mot salafistar, og mot militsar generelt, i Libya. Naturligvis frå folk som støtta opprøret i fjor (slik nesten alle i Benghazi nok gjorde) og som ser det urimelige i å angripe dei som hjalp og "redda" deira revolusjon. USA-vennlige regimer i Midtausten er vi vant med, USA-vennlige opptøyer not so much. Det vil nok vere isolert til Libya, ingen andre har den bakgrunnen, men det er interessant både i forhold til vegen vidare i det landet, og som eit mot-eksempel i den vidare regionale sammenhengen.

onsdag 22. august 2012

Islam og placebo

I vår kom det ut ei artikkelsamling, Motgift, som skulle vere "ein akademisk respons på den nye høgreekstremismen". Ei rimelig stor gruppe forskarar skreiv der kvart sitt kapittel om eit av dei tema som er oppe om islam og innvandring; eg vart bedt om å skrive om forholdet mellom islam og politikk i fortid og nåtid. Boka har vore meldt her og der, og sidan den tydeligvis er plasert som "liberal" eller "radikal" politisk, har boka gjerne, det eg har sett, blitt gitt til meir kritiske meldarar; Bergens Tidende gav den til "Fjordman" (Peder Jensen, som naturlig nok ikkje heilt forsto behovet for motgift mot han sjøl). Eg har ikkje problem med den merkelappen, men var nettopp derfor litt uroa over at fleire av desse meir innvandringskritiske meldarane plukka ut min artikkel som ein dei fann mye godt i (Fjordman meinte rett nok eg ikkje hadde forstått jihad rett).

Men i det konservative Minerva er det iallfall nå komme ei melding som går kritisk i rette med det eg skreiv om islamsk historie, skriven av redaktør Nils August Andresen, "Placebo er ikke motgift". Nå er det dårlig tone å polemisere mot bokmeldingar, forfattaren har sagt det han har å si, og så må meldarane fritt vurdere det. Eg skal derfor ikkje si noe om vurderinga av sjølve boka eller artikkelen. Men sidan dette er eit historisk og - etter tittelen - akademisk bidrag, går det an å ta opp debatt om det historiske innhaldet i det vi snakkar om, og sjå om vi kan komme noe vidare.

Stat og jus i klassisk islam
Andresen noterer at eg trekker eit skille mellom religion og politikk i klassisk islamsk tid (kalif- og sultanperiodane), f.eks. gjennom at dei religiøst lærde var uavhengige av den politiske makta, sultanen. Men, seier han, det er å hoppe over det juridiske systemet: Sultanen utnemnte dommaren, qadien, som styrte den islamske domstolen og skulle applisere islamsk lov. Dette er heilt rett, eg nemner det såvidt i artikkelen, og som han kanskje veit, er det eit tema eg har drøfta relativt utfyllande i boka mi om islamsk lov, Mellom gud og stat, som langt på veg handlar nettopp om dette. Her trekker eg opp eit skille mellom "stat" (sultanen) og "sivilsamfunnet" (her dei frie religiøse lærde) som to polar, og viser korleis islamsk lov er ein "anomali", ulikt slik vi vanligvis tenker rettsvesen og det "repressive maktapparatet" som ein grunnleggande del av statsmakta. I klassisk islam var dette delt: Appliseringa av lova, det repressive elementet, var ein statsfunksjon: det som tidligare var privat straffeutmåling (blodhevn utført av offerets slektningar) vart statliggjort (straff idømt og satt i verk av domstolen). Men utforminga av den lova domstolen skulle applisere var fjerna frå statens / sultanens autoritet, det var eine og aleine dei religiøse lærdes ansvar, og forsøk frå staten på å diktere lovenes innhald vart slått ned. Dommaren, qadien, vart her sittande i stress, med ein fot på kvar side. Han er religiøst lærd, og skal kjenne den religiøse lova; men han er også utpeikt av sultanen, som kan fjerne han ved forgodtbefinnande. Han hører altså både til stat og sivilsamfunn; og det fører til jamnlige konfliktar både mot dei andre lærde og mot sultanen.

At det er rimelig å sjå dette som ein anomali kan vi også utleie av at det var ustabilt. Det var heile tida eit press frå staten for å få mest mulig kontroll over retten. Først ved oppretting av eigne domstolar som utførte sultanens vilje utanom qadien og dei lærde, seinare (i osmansk tid) ved at sjølve qadi-domstolen vart pålagt å dømme sultanens lov (kanun) i tillegg til sharia. "Tyngdelova" presser mot det "normale", at jusen hører inn under statsmakta. Men fortsatt i dag har vi element av privat lov i muslimske land, på lovområder som andre stader er statlige.

Poenget er altså ikkje at det ikkje er noen kontakt mellom det religiøse og det politiske, og jusen er forsåvidt ikkje noe spesielt poeng her; det var naturligvis mange tilsvarande områder for kontakt; kalifen var jo "dei truandes leiar", og hadde som legitimitetsgrunnlag å forsvare islam og muslimane. Andresen viser til Lars Gule, som har kalt klassisk islam for "nomokrati", det vil si at det er "ordet som styrer". Men det er altså ei mistyding; det er heile tida kalifen og sultanen som styrer, og på samme måte som dei lærde avviser å bli dirigert av sultanen, avviser naturligvis sultanen også å bli styrt av dei lærde. Det prøver dei heller ikkje på, ikkje minst historisk fordi kalifen/sultanens makt var godt etablert lenge før det lærde hierarkiet er på plass på 900-tallet. I teologien seier dei istaden at ein muslim har plikt til å følge den som har (politisk) autoritet, i kraft av at han har autoritet. Altså sjøl om han er ein dårlig muslim og gjer feil valg, skylder dei truande han likevel respekt og skal følge hans ordre. Berre dersom sultanen fjerner seg så langt frå trua at han har forlatt samfunnet av truande, er det rett å gjere opprør mot han. Denne aksepterande haldninga vart naturligvis utfordra av revolusjonære grupper, men den er rådande islamsk teologi gjennom den klassiske perioden. Dette er altså noe heilt anna enn "nomokrati", kalif- og sultanstyra var klart monarkiske styresett. Forskjellen til middelalderens Europa ligg først og fremst i at vi i Europa hadde ein sterk religiøs institusjon, kyrkja, mens dei religiøse i islam var uorganiserte og opererte gjennom ein vag "konsensus" istadenfor pavemakt.

Brorskapet og shari'a
Andresen meiner også eg er for tillitsfull overfor Det muslimske brorskapet som nå har fått regjeringsmakt i Egypt, om dei vil innføre sharia. Det er ei rein vurderingssak, og vi vil etterkvart få sjå kven som får rett - vi har jo vore inne på det på denne bloggen fleire gonger, og kan love vi skal halde auge med utviklinga. For ikkje å bli forvirra, må vi altså likevel halde klart i hodet kva som meines med "shari'a", som openbart betyr ulike ting for ulike aktørar.

Om vi ser konkret på situasjonen akkurat nå: Vi har tidligare vore inne på spørsmålet om grunnlovas §2, med den famøse formuleringa frå 1971 om at "shariens prinsipp er hovudkjelda for lovgivinga". Her ville altså at salafistane at "shariaens prinsipp" skulle endras til "shariaens reglar", så dei kunne trekke inn konkrete rettsreglar; mens dei kristne ville ha bort heile paragrafen, evt. få inn ein særlig passus om dei kristnes rettar. Brorskapet, og det øvrige politiske sentrum, stod på at ein ikkje skulle endre paragrafen i noen retning. Nå ser det ut til at salafistane (iallfall deiras største parti) har godtatt dette, men dei ønsker, som kompromiss, at det organet som skal avgjere kva "prinsippa" betyr, ikkje lenger skal vere konstitusjonsdomstolen (som aldri har tatt paragrafen i bruk), men al-Azhar. Det virker litt rart, for Azhar har tradisjonelt vore ganske "statsvennlig" og liberalt, men det er mulig salafistane trur det er større sjanse for å få gjennomslag der enn i rettsvesenet. Brorskapet skal vere positiv til forslaget, men vi får sjå kva som blir resultatet; denne paragrafen vil jo stå sentralt i debattane framover.

Det har likevel vore uro dei siste dagane over utsagn frå leiande Brorskapsfolk om at "det er jo demokratisk at fleirtalet (les muslimane) bestemmer", utlagt til at det er jo muslimane som utgjer fleirtalet i landet, derfor betyr demokrati at Egypt blir forma etter islamsk modell. Dette er nok ikkje nytt, det er Brorskapets forståelse av demokrati, der ein ser meir på grupper enn på individuelle rettar. Også den liberale islamisten Abu 'l-Futuh kom med tilsvarande utsagn under presidentvalkampen. Det viser openbart manglar i deira forståing av kva demokrati er. Men igjen er det det konkrete, kva slags lovendringar dei faktisk vil ønske å gjennomføre, som viser kva dei legg i "sharia". Så langt er det ikkje skjedd noen innstrammingar av noe slag, det skal vere like lett å ta seg ein øl i Kairo i dag som for to år sidan. Ikkje samme utvalg som vi har, men ingen innstrammingar etter maktskiftet. Men det kan altså endras, og som eg skriv, ville det vere naivt å ikkje tru at det vil endras. Egypt vil, enten sakte eller raskt, gå noe meir i sosialt konservativ lei under eit Brorskapsstyre. Kor langt veit vi ikkje, kanskje ikkje så merkbart, kanskje meir omfattande. Det som derimot er rimelig sikkert ikkje kjem til å skje er ei total omlegging av typen Iran eller Saudi-Arabia, vi snakker om ein annan type islamsk bevegelse.

Sufismen
Så har både Andresen og andre hekta seg opp i at eg nemnte sufismen som ei stor kraft. Her kan vi berre oppklare ei mistyding. Det er overhodet ingen tvil om at antallet medlemmer av sufi-ordnar overgår tallet på politiske islamistar mange gonger, i noen land (t.d. i Afrika) kan langt opp mot hundre prosent av muslimane ha ei vag eller sterk tilknytting til ein sufi-identitet. Vi snakkar ikkje om millionar men mange titals millionar. Derimot utgjer dei ikkje nødvendigvis noen kraft. Sufismen er ein måte å leve religion på, og kanskje heller ein sosial identitet, men ikkje noe som treng (slik som politikken) å vere aktivt. Her vart dei nemnt for å fylle ut bildet om "islam og politikk", å vise ein viktig, men for mange nordmenn ukjent, religiøs aktivtet som normalt er ganske upolitisk.

Det er også rett at sufismen kan vere politisk, vi har i historia mange døme på sufi-ordnar som har vore politisk aktive og revolusjonære. Utan å vere for ubeskjeden, vil han også finne ein del om det i mi publikasjonsliste (sjå på norsk, noe utdatert, t.d. "Mystikk og politikk", H.T. 1984). Men i denne enorme mengda sufiar i historie og nåtid har det heilt dominerande fleirtalet ikkje noen kopling til politikken. Nå har Sufi-rådet i Egypt oppretta sitt eige parti for å motvirke salafistane, og dette er ganske samstemt med dei sekulære, dei støtta militær-kandidaten Ahmad Shafiq til presidentvalet. Men dei har så langt vi ser ikkje noen stor "instruksjonskraft", sidan topporganets råd ikkje nødvendigvis blir filtrert ned gjennom dei ulike ordnane og lokale leiarar. Skjer det (lite trulig, vil eg si), så kan det deirmot bli interessant.

tirsdag 14. august 2012

Egypt: Sivilt styre

For ein månad sidan skreiv vi om den stille maktkampen i Egypt: Kven er det som har styringa, dei med stemmemakt eller dei med våpenmakt? Etter sist søndag ser det ut som om vi har fått svaret: Dei sivile står over dei militære. Så får vi sjå om det held.

Etter presidentvalet i juni hadde vi altså ein heilt uklar og open situasjon: Muhammad Mursi frå det muslimske brorskapet hadde vunne valet og var insatt som president. Men to dagar før hadde dei militære oppløyst parlamentet (der islamistane samla hadde fleirtal) og kunngjort ei grunnlovserklæring der dei tok frå presidenten mye av makta hans og la i eigne hender. Spesielt skulle ikkje den sivile presidenten ha noen autoritet over det militære, dei skulle styre seg sjøl og ikkje minst behalde sine store økonomiske ressursar.

Mursi godtok først dette utan å kny, og gjekk til sitt til kontor, som den første sivile presidenten i Egypt nokon sinne. Men etter noen veker gjekk han til motåtak; opphevde oppløysinga av parlamentet og opna dermed ein konflikt med dei militære. Desse heldt seg rolig, men grunnlovsdomstolen, der dommarane var oppnevnt av det gamle styret, greip inn og opphevde Mursis oppheving. Parlamentet møtte i fem minutt (dei som ikkje boikotta møtet), men gjekk så frå kvarandre, i påvente av at ei ferdig grunnlov skulle utarbeidas. Mursi tapte altså den runden.

Freden var gjenoppretta, og i juli utnemnte Mursi si første regjering, i hovudsak med teknokratar, og noen frå Brorskapet. Dei militære utnemnte som før sine eigne menn til regjeringa, forsvarsminister var fortsatt Hussein Tantawi, som var Det øvste militærrådets leiar og Egypts reelle statsleiar gjennom fjoråret. Både den "gamle" militære leiaren og den "nye" sivile satt altså sammen i leiinga av landet, og det var like uklart kven det egentlig var som skulle trekke siste strå.

Men så slo Mursi til igjen etter at noen (kanskje palestinske) jihadistar hadde angripe egyptiske militære i Sinai. Det viste seg at den militære etterretninga hadde blitt varsla, men ikkje gjort noe med det. Leiaren der fekk sparken, men sist søndag tok Mursi runden: Forsvarsministeren, altså Tantawi, vart avsatt og det samme vart forsvarssjef Anan, leiarane for hæren og marinen og fleire andre leiande militære. I staden vart ein yngre offiser, general Sissi, også han ein del av Det øvste militærrådet, utnemnt til forsvarsminister. Mursi opphevde samtidig den grunnlovserklæringa som Militærrådet hadde komme med i juni, det var jo ei forutsetning for at han sjøl skulle kunne utnevne forsvarsminister og hærleiinga slik han nå gjorde.

Per i dag, tre dagar etter, ser dette ut til å ha lykkas. Militærleiinga har godtatt endringane, dei fleste aksepterer at presidenten har fullmakt til å gjere det han har gjort. Tantawi, som er 80 år (og har vore forsvarminister i 27) fekk store heidersbevisningar og både han og Anan utnemnt til spesialrådgivarar for presidenten, slik at dei går av med full ære.

Fleire meiner at dette er resultat av eit makt- og generasjonsskifte innan hæren. Det skal ha vore misnøye med den relativt harde lina som dei gamle under Tantawi og Anan har kjørt for å halde på mest mulig makt. Yngre krefter, leia av den nye forsvarsministeren Sissi, skal ha ønska at ein i staden skulle forhandle med dei nye sivile leiarane, fortsatt med samme formål: å behalde mest mulig av dei militæres privilegier og makt. Men under ein aksept av at dei folkevalde leiarane stod øverst. Dette blir uttrykt som at dei gamle ville ha ei "algerisk løysing", der vi har ein sivil president men dei militære bestemmer alt i kulissene, mens dei unge ønska ei "tyrkisk løysing", der dei militære fortsatt har makt til å gripe inn dersom dei meiner den sivile makta fører landet ut i ulykke, men for øvrig lar dei sivile styre landet uhindra. Denne yngre generasjonen skal altså ha blitt enige, utan Tantawi-fløyens kjennskap, om den handlemåten Mursi valde, og dei skal ha fått dei andre væpna styrkane med på det. 

Er dette siste runde? Formelt ser det slik ut; alle avgjerdsorgan har godtatt at dette er konstitusjonelt og rett, i motsetning til førre runde i juli. Dersom noen av dei militære misliker dette og ønsker seg tilbake til den gamle lina, må dei trulig utføre eit regelrett kupp, iallfall innanfor sine eigne hierarkiar, slik at "dei militære" igjen begynner å protestere mot sivilstyret. Det kan skje, vi veit ikkje korleis dei indre maktforholda er i det ekstremt lukka egyptiske militærhierarkiet, men akkurat nå ser det ut til å ha gått bra. Vi kan i så fall si at det egyptiske militærregimet, som kom til makta i kuppet 26. juli 1952, tok endelig slutt den 12. august 2012, altså nesten nøyaktig seksti år seinare.

Kva har dette å si for forholdet mellom dei politiske partia, islamistar mot sekulære? Det ser ut til å vere unison lettelse og glede hos alle sivile parti over at militærstyret er over, eller iallfall på veg ut. Mange av dei sekulære støtta nok dei militæres inngriping i juni, sidan dei frykta maktmonopol med Brorskapet både i parlament og presidentstol. Noen av desse fryktar nok fortsatt dette, sjøl om dei er glade for Tantawis fall. Fleire peiker med uro på ei rettssak som kom denne veka, der ein privat TV-eigar og ein avisredaktør er tiltalt for å ha fornærma Mursi og Brorskapet, dei fryktar det er tegn på ny sensur og maktmonopol. Men for mange er det også viktig at Mursi insisterer på fortgang i arbeidet med ny grunnlov (innan tre månader, seier han), og påfølgande parlamentsval. Alt tyder på at Brorskapets velgeroppslutning er svekka det siste halvåret (frå 35 til 25 prosent i dei to vala), og dei har eit rimelig håp at dei sekulære partia, som gjorde det mye bedre i presidentvalet i juni, kan skape ein bedre balanse til islamistane når valsystemet kjem i orden. Det vil jo vise seg, velgarstemninga er fortsatt labil, men for den egyptiske demokratiske revolusjonen ser det nå ut til at dei siste daganes hendingar kan vere eit viktig steg på rett veg mot eit demokratisk sivilt styre. Eitt steg, det er lang veg att ennå, men eit steg.

lørdag 28. juli 2012

Syria: Er alawiar shiaer?

Mens vi ventar på utfallet av "slaget om Aleppo", ein liten historisk time-out. I alle medier, norske som utanlandske, blir det sagt at alawiane er "ei grein av shiismen", eller berre "er shiaer". Spesielt blir det kopla til deira allianse med Iran og Hizbullah, begge politiske regimer sterkt prega av shiisk identitet. På samme måte som Jemens zaydier, også dei "shia" og der noen skal ha fått iransk støtte, skal dette da vere ein slags "shiisk allianse". Men dette er så upresist at det fører på heilt feil spor. Alawiane er "shiiske" akkurat på samme måten som mormonarane er protestantar. Dei har det til felles at dei står utanfor fleirtals-retninga (katolikkar hos dei kristne, sunniar hos muslimane), men dei er også utgrupper som har tatt opp i seg fjerne element som plasserer dei (på samme måte som druzarane) religiøst i "utkanten" av islam, sunniar og shiaer har mye meir til felles seg imellom enn noen av dei har med alawiane. For det sekulære Assad-regimet har slike religiøse detaljar ingen betydning, men for eit faktisk religiøst inspirert regime som i Iran (og Hizbullah) gjer det det umulig å sjå på alliansen mellom dei som grunna på religiøst slektskap. For dei er dette maktpolitiske alliansar.

La oss derfor vere litt historiske og sjå på kva dette "alawiar" egentlig er - så langt vi veit. Det er ganske forvirrande det heile.

For det første namnet: På arabisk er det altså 'Alawî, som betyr "knytt til Ali", profeten Muhammads svigerson. I europeiske skrivemåtar som i engelsk blir det til alawites, alawis, eller andre former. Det blir lett blanda sammen med ei anna stor gruppe som også kallar seg 'Alawî, og på samme måten er ei marginal-gruppe i islam. Men dei står sterkast i Tyrkia, og derfor skrivas ofte med enkelt-v: Alavites, alevites. På norsk kan det bli til hhv. alawittar og alevittar. Det er uhyre lett å blande dei sammen, eg har sjøl gjort det. Men det er ingen sammenheng mellom dei to gruppene. (Også andre knytt til Ali kan kallas "alawiar", slik som dynastiet i Marokko. For dei er det ikkje religion - dei er stødig sunniske - men kongefamiliens nedstamming frå Ali og dermed profeten som blir markert).

Den namnelikheita er egentlig ganske fersk. Heilt fram til 1900-talet, var den syriske gruppa kalt "Nusayriar", etter ein av sine tidligaste leiarar. Men sidan det namnet fekk eit negativt stempel - gruppa var diskriminert og sett ned på - fekk dei etter kvart omverda med på å kalle dei etter Ali, eit mye bedre namn; alle ser med sympati på Ali. Når oppstod dei?

I offisiell teologi skilte shiismen lag frå sunnismen kort tid etter profeten Muhammads død i 632. Det var da mange ulike oppfatningar i teologien, og noen retningar la vekt på rolla til profetens jordiske familie, spesielt Ali, hans næraste mannlige slektning. Men dei forma seg til klare retningar først rundt to hundre år seinare. Den retninga som vi normalt kallar "shiisme", imami eller "tolvar-retninga" som dominerer i Iran, Irak Libanon, og så vidare forma seg frå heilt sist på 800- og fram til 1000-talet. Ei anna retning, isma'iliane (eller "sjuarane") er litt eldre, kanskje frå tidlig på 800-talet, og den tredje og minste, zaydiane - dei i Jemen - alt på 700-talet. Desse har altså ikkje splitta seg frå dagens hovudretning, dei er alle eldre enn dei og forma seg uavhengig av dei (isma'iliane var den største retninga i den første tida). Den teologiske forskjellen mellom dei er klar, men skal ikkje overdrivas. Zaydiane spesielt står i ei slags mellomstilling mellom sunniar og shiaer, og det har vore ulike forslag gjennom historia om å rekne dei som ei sunnisk retning.

Våre syriske nusayri-alawiar dukker også opp i denne formingsperioden. Dei skal ha oppstått som ei separat gruppe i Irak midt på 800-talet, kanskje to generasjonar før den skillsettande hendinga til tolvar-shiiane, at den "tolvte imam gjekk i skjul". Dei deler altså ikkje dette hovudfundamentet i shiisk teologi. Dei er kjent i historieverka frå denne tida, og ser ut til å funne sitt nåverande område i det nordvestlige Syria midt på 900-talet, men fekk først vidare oppslutning der kanskje hundre år seinare. Dei har uansett vel tusen års historie i Lattakia-regionen av Syria. Dei var i konflikt både med korsfararane da dei kom, og med assassinarne, den isma'iliske gruppa som utvikla snikmordet som kampform på 1100-tallet. Sidan har dei levd meir og meir isolert i sine fjellområder, og vart etterkvart like mye til ei etnisk gruppe som vart i stigande grad sett ned på som merkelige og heller bondske av dei meir velståande gruppene i områda rundt.

Religiøst utvikla dei seg meir og meir i si eiga retning, og har tatt opp doktrinar som er fullstendig utanfor det vi kan kalle "ortodoks" islam, slik andre muslimar ser religionen. I islam er skillet mellom den eine og einskaplige Gud, skaparen, og menneska, dei skapte, heilt grunnleggande. Det finnes ikkje noen "ikjøting" av Gud, det er vantru. Men for alawiane er Ali ibn Abi Talib, profetens svigerson, nettopp ein inkarnasjon av guddommen, han er al-ilâh al-a‘zam, den mektigaste gud (med liten g). Religionen deira bærer preg av gnostisisme, altså at dei tenker seg ulike guddommelige vesen eller essensar der noen står over andre, den øverste og innerste gud er Gud (Allah), men han viser seg i ulike manifestasjonar for dei opprørske menneska, og der er altså Ali den siste og største. På jorda har han sin representant og mellommann, bab (port), Ibn Nusayr som gav deira første namn, var ein slik.

Ein skal ikkje kjenne mye til islam for å forstå kor totalt fremmend heile denne tankemåten er for ein vanlig muslim, anten han er sunni eller shia, dette er like fjernt som Mormons gullplater er for den jamne lutheranar. Men, som nemnt, Assad-familien og deira regime, basert i nasjonalisme og arabisk sosialisme var og er heilt sekulært. Når dei er basert i alawi-gruppa, er det som etnisk gruppe, altså slektskap og territorium som held dei sammen, religionen er mindre viktig. Da far Assad, Hafez, tok makta i 1970 vart alawiane fortsett rekna som vantru, ikkje-muslimar, av mange religiøse muslimar. Eigentlig brydde han seg ikkje, men det kunne bli diplomatiske problem av det, og det stod i Syrias grunnlov at presidenten måtte vere muslim (Assad fjerna dette, men måtte gi seg og ta det inn att). Derfor kalte han inn noen shiiske lærde frå Libanon - eit land som da var politisk dominert av Syria og dermed Assad - og fekk dei til høgtidelig å erklære at alawismen var ei fullt akseptabel retning innanfor shiismen. Slik vart Assad ein "offisiell shia", og han og nå sonen markerer det ved å gå til vanlig fredagsbønn i ein av Damaskus sine ordinære moskear - noen meiner han vart så ordinær at hans alawisme nærmast måtte reknas som sunni heller enn shia. Dei merkelige trekka i teologien blir skjult og ikkje omtalt; mye av teologien var hemmelig, og alawiane understreker idag at dei følger Koranen, sunnaen og shiaenes etablerte tradisjonar slik som alle andre. Andre tvilar, dei blir kalt frå "hedningar", "halvkristne" (dei blir sagt å feire jul og påske), til altså sunni og shia. Slik sett kan ein si at "alawiar er shiaer", men berre dersom ein lar politikken dominere over religionen slik Assad utan skrupler gjorde. For Irans mullaer er det neppe noen slik illusjon om kva som er kva i trua.

Kva så med dei tyrkiske aleviane? (det finnes noen få "nusayri" - altså "syriske" - alawiar i Tyrkia, og noen "tyrkiske" aleviar utanfor Tyrkia, men la oss kalle dei det.) Også dette er ein relativt moderne term og dekker fleire grupper med basis både i tyrkisk-talande og kurdisk-talande grupper. Før 1800-talet var dei gjerne kalt Qizilbash (raud-huer), eit namn som også vart oppfatta som nedsettande og dei ville bort frå. Det historiske opphavet er her uklart, men gruppene kan ha oppstått på 1200-talet, og vart i det minste skulda for å vakle mellom sunnisme og shiisme. Seinare skal dei også ha tatt opp i seg trekk frå eldre, før-islamske religionar. I dag gir dei tyrkiske aleviane inntrykk av å vere relativt sekulariserte og "moderniserte" og legg liten vekt på religion, noe som utan tvil er ein refleks av at dei fortsatt blir sosialt stigmatiserte i Tyrkia. Men det er altså ingen kopling, religiøst eller politisk, til Syrias "shiiske" alawiar, om aleviane i det heile reknar seg som muslimar, er det helst som ei eiga retning utanfor sunnisme og shiisme.

Dette er kanskje estoreisk. Men det har betydning når ein begynner å blande religiøse skiller inn i politisk analyse. Iran og Syria er begge rivalar til det sterkt sunniske Saudi-Arabia, og slik allierte. Men vi skal ikkje tru Irans leiarar har noen som helst religiøs sympati korkje med det sekulære i Assads styre eller hans eventuelle religiøse ballast.

tirsdag 24. juli 2012

Syria: Endgame?

Etter det store angrepet sist veke kom på ny meldinga frå alle kommentatorar i kor med opposisjonen og vestlige politikarar: Nå er det like før; Assad må gå nå, ja, kanskje han har flykta til Lattakia og alt raknar for han? Men så var han fortsatt i Damskus, krigen heldt fram og scenene frå Homs i fjor gjentok seg i Damaskus: Hard artilleribruk, mange drepte, men til slutt klarte regimet å drive opprørarane ut frå områda sine og ser ut til å sitte igjen på ruinane åleine. Likevel: Det er opplagt at konflikten har skifta karakter. Regimet har fortsatt overlegen styrke, men ikkje så overlegent som før. Det blir trengt tilbake, og opprørarane har opplagt framgang. Så er det eit endgame vi står overfor likevel?

Det er naturligvis alltid farlig å spå. Dersom eit regime av denne typen raknar, så raknar det fort - på eit par dagar kan det gå frå å virke urørlig til å vere borte. Det kan skje her også. Men akkurat nå er det få tegn som tyder på at noe slikt er nær foreståande. Den viktigaste avskallinga er (forutan ein ambassadør) ein general, Manaf Tlass, som har stått Assad nær, men var komme i unåde og forlot skuta. Han ser i eksil ut til å søke ein overgangsrolle, men opposisjonen vil ikkje ta i han, han stod for nær Assad. Men den indre kjernen ser fortsatt ut både til å vere samla og til å ha full kontroll over dei væpna styrkane. Så alt tyder på at kampane vil fortsette, i overskuelig framtid.

Kva er det som har skjedd, kva er tegna på ei endring inne i landet?

For det første, Aleppo. Vi har heile tida sagt, på denne plassen og andre: Watch Aleppo. Den nest største byen og økonomiske sentrum i Syria, langt større betydning sjøl enn knutepunkt Homs, og med ein tradisjon for opposisjon mot Damaskus. Så lenge det er stille der, så sitter Assad trygt, sa vi: sluttar dei seg til opprøret, så kan vi snakke om endring. Vel, det har vore stille der heilt fram til førre veke. Men nå i dag er dei i sentrum for opprøret; fleire sentrale bydelar er p.t. kontrollert av opprørsstyrkar, og regimet har problem med å drive dei ut. Dei klarer det nok over tid, men dersom dette betyr at befolkinga i Aleppo (eller viktige delar av ho) nå er gått aktivt på opprøraranes side - og tegn tyder på det, sjøl om opprørssoldatane nok kom utanfrå - så er det eit nytt og viktig tegn mot regimets posisjon.

For det andre så ser opprørane ut til å ha fått vedvarande kontroll over ein del områder, spesielt i nord og nordvest, der dei kan bevege seg uhindra. Regimet ser ut til å ha trukke seg tilbake frå desse landområda, men held fast posisjonen i byane. Det endrar karakteren til konflikten, det er eit viktig kriterium på "borgarkrig", som vi altså da kan snakke om i Syria. Det medfører også frontliner og meir konvensjonelle fram- og tilbakerykkingar; ein kan måle krigens gang på områder kontrollert og ikkje berre på talet på drepte. Blir dette permanent, gjer det at opprøret også kan bli permanent og desto verre for regimet å drive ut.

Korleis har dette skjedd? Først og fremst er det opprørarane som har styrka seg, meir enn regimet som er blitt svakare. Opprøret har fortsatt berre små våpen, opp til anti-tank-rakettar ser det ut til (men ikkje våpen mot dei helikoptera som regimet har satt inn), men dei har rikelig av dei, og dei er moderne - iallfall dei gruppene som har kontakt med omverda og får våpen, først og fremst frå Gulfstatane Qatar og Saudi-Arabia. Noen grupper klager over at "dei andre der borte" får moderne våpen, mens dei sjøl må nøye seg med det dei erobrar, så det tyder på at ikkje alle er like vel furnert, men openbart mange nok.

Like viktig er det nok at opprøret er blitt bedre strukturert og fått skikkelig strategisk leiing. Det ser vi på at dei klarer å slå til frå ulike kantar samtidig og klarer å flytte seg smidig frå ein bydel til ein annan, og på samme måte i Aleppo som Damaskus. Dette er noe anna enn spontane smågruppene vi såg før. Noen rapportar (spesielt i Le Monde) peiker på at dette har sammenheng med ei splitting mellom den "ytre" hærleiinga i Tyrkia, dei som har snakka i namnet til den "Frie Syriske Hæren" (under leiing av Riyad Asa'ad); og dei kjempande inne i landet. Dei tar ikkje lengre imot ordre frå den ytre leiinga, men har klart å strukturere og samle seg som ein indre front (og blir altså væpna frå Gulfen). Dette har vore ein nøkkel for framgangen, men betyr også ein fare for ytterligare spenningar innan opprørsfronten. Slik gav Asa'ad ordre om å følge FNs oppmoding om våpenkvile i vår, men den indre leiinga overhørte det og fortsatte kampane på eiga hand - det var da delinga oppstod, og det var også omtrent da framgangen deira tok til. Sidan Asa'ad og den ytre FSA-leiinga er dei som har stått i kontakt med dei viktigaste politiske organa, fremst det Syriske Nasjonalrådet (som også støtta våpenkvila), kan dette gjere den faktiske opprørshæren inne i landet til ein meir vanskelig og ustyrlig faktor dersom det skal bli snakk om forhandlingar seinare, enn si organisering av landet dersom regimet faktisk fell (vi tenker, ikkje berre på Libya nå, men ennå meir på Algerie i 1962, da seieren over Franrike vart avløyst av ein, rett nok kort, borgarkrig mellom den "indre" og "ytre" opprørsleiinga, og dei militære endte opp med makta). Vi er ikkje der, kanskje finn dei sammen igjen, men det politiske tyngdepunktet i opprøret kan også ha forskjøve seg til "innenlandske krefter".

Det har også komme ulike meldingar om dei kurdiske områda i grensetraktene i nord og nordaust. I norske media vart det meldt at "regimet hadde overlatt dei kurdiske områda" til PKK, den tyrkisk-kurdiske geriljagruppa, og det vart spekulert i kvifor. Men det ser ut til å vere omvendt: Dei kurdiske organisasjonane har vore splitta, noen for og noen mot opprøret. Den irakisk-kurdiske leiaren Barzani samla dei nylig til eit møte hos seg, og dei vart der einige om ein felles strategi: å lage sitt eige opprør. PKK, som har størst militær styrke, jaga derfor dei syriske regimesoldatane bort og har, med støtte frå lokale organisasjonar, kontrollen over ein del av småbyane i området, men (ennå?) ikkje i den største byen Qimishli, så vidt vi forstår. Dei er altså mot regimet, men potensielt også eit problem for opprørarane. Inntil vidare kan dei oversjå det, og berre håpe at regimet sender soldatar til å vinne dei kurdiske områda tilbake, så blir det mindre igjen der dei sjøl kjempar.

Når kjem så "the endgame"? Det blir altså spåmannskunst, så det får vi sjå. Opprøret ikkje ennå har krefter til eigentlig å utfordre regimet militært - dei vil kanskje ikkje bruke flyvåpen slik som i Hama, i frykt for å utløyse utanlandsk "flyforbud", altså intervensjon, som i Libya, men helikoptera deira er fortsatt farlige, så lenge ikkje opprørane får bakke-til-luft-rakettar. Men regimet klarer trass dette ikkje å få overtaket på opprøret, og det peiker i feil retning for dei. Dess fleire månader det går med ein langsom konflikt som denne, dess mindre blir muligheita for Assad til å overleve, om ikkje den grensa alt er nådd. Han må vise evne til å få kontroll over landet om han skal behalde den samla fronten han har. Tippepunktet vil komme når mange nok i kretsen rundt regimet anser Syria som "uregjerlig" på varig basis. Da vil dei søke andre løysingar. Problemet deira er trulig at da er konflikten blitt så bitter, og ikkje minst hatet mot alle alawiaer, uansett kva posisjon dei måtte ha hatt, så inngrodd, at alle mellomløysingar er umulige; eit nederlag for regimet vil bety blodig hevn overfor alawiaene, nå meir og meir identifisert med dei morderiske "shabiha". Det vil gjere konflikten meir innbitt også på deira side, det er ikkje snakk om å finne den mest rasjonelle løysinga, men om frykta for å bli massakrert. Ei slikt frykt gir sterk sement til bunkersen.