torsdag 20. juni 2013

Istanbul: Reisedagbok

Dette er, etter mi telling, innlegg nr. 100 på bloggen. Eg skreiv i si tid at dette skulle vere ein "personlig" blogg, men det har vel mest blitt meir allmenne kommentarar på ting i Midtausten, sett observarande utanfrå. Men for denne jubileumsbloggen kan eg kanskje bryte litt med det og gjere slik som andre bloggarar, skrive om stort og smått som fell meg inn i kvardagen, kvar eg gjekk og kven eg møtte. I dette tilfellet, ei lita dagbok frå dei tre dagane eg besøkte Istanbul nå sist helg. Ikkje for å forske eller noe slikt, det Svenska Forskningsinstitutet i Istanbul (SRII) fylte 50 år og samla likt og ulikt til eit møte om nordisk samarbeid. Eg slengte på eit par helgedagar for å vere turist i den historiske byen, det var vel sikkert noe nytt å sjå på der. Slik gjekk det:
.

Laurdag. Eg kom til hotellet utpå natta til laurdag, og etter frokost tenkte eg måtte jo sjå litt på stoda som det stod om i avisene når eg først var i nærheita. Alt var heilt fredelig og gatene fulle av folk på vanlig laurdagshandel. Litt geografi først, sidan det er sentralt for det som følger: Taksim, sentrum for protesten, er ein middels stor plass midt i det "moderne Istanbul", nord for sundet "Det gyldne horn" (oppe til høgre på kartet her. Det historiske området er sør for det Det gyldne horn). Geziparken ligg rett ved Taksim, og sørvest for dei  går det ei lang og brei handle- og gågate, Istiklal-gata ned til "Tünel" (Istanbuls første undergrunn, frå 1875), på kartet ser ein det under ordet "Beyoglu". Her ved Tünel ligg det svenske konsulatet som husar forskingsinstitutet, og hotellet vi budde i like ved sidan av, i Istiklal-gata, halvannan km eller 10-15 minutts gange frå Taksim-plassen.
Eg gjekk altså opp til Taksim, som var opent og fredelig, på sjølve plassen var det ingenting. Det var også heilt opent og fritt inn til sjølve Gezi-parken, der protesten starta og fortsatt heldt fram. Gezi er ein "fransk" type park, altså med mye grusgangar og firkanta grønne flekkar i etasjar, ikkje ein "engelsk" park av typen bakkete grasplen. Der var det nå som ein marknadsplass, alle smågrupper hadde satt opp sine boder med materiell og standpunkt, transparenter mot Erdogan og regjeringspartiet AKP, det meste på tyrkisk, naturligvis, og derfor uforståelig for meg, men det eg fått omsett var relativt straite parolar mot maktmisbruk og undertrykking, "AKP bulldozer". På graset fullt opp av telt, det var vel eitpar tusen demonstrantar der da, og nesten like mange turistar og journalistar, alle intervjua alle, og om ikkje det var intervju, sto kameraene oppstilt til noen skulle ha bruk for dei. Sjøllaga restaurantar, helsestasjonar og anna i større telt for dei "fastbuande".
Proletarar i alle land, forein dykk (tyrkisk og kurdisk)
Det var som å vere tilbake på søtti-tallet, Marx, Lenin, Atatürk og andre revolusjonsheltar; det var opnbart ei "europeisk" venstreside som dominerte her. Berre ein stad noe religiøst, men til gjengjeld ganske aktiv stand med bilde av imam Ali og hans utsagn mot undertrykking. Eg fekk seinare bekrefta av vår lokale spesialist at dette måtte vere aleviar, noen av dei er ganske aktive i protesten. Svært interessant (for ein ikkje-spesialist), både av di dei slik framstår som shia'er (noe dei vel ikkje er), men også fordi dei normalt sekulære aleviane i denne sekulære forsamlinga presenterer seg religiøst. Eg var likevel turist, og tok ikkje noe intervju.

Alt var fredelig og hyggelig, og det fortsatte det å vere utover dagen. Først om kvelden, da eg åt köfte på ein restaurant i stroket, vart fjernsynet brått satt høgt på, med bilde av politiet som rykka inn i Gezi. Alle gjestane i restauranten begynte å hamre tallerknane mot bordet, og sammen med dei ute i gata ropte slagord og applauderte. Men kva sa dei? Applaus for politiet eller for dei som vart jaga? Det fann eg aldri ut, men eg trur helst det siste: Folket i Istanbul og Tyrkia er openbart delt på midten, men i dette mellomklassestroket og dei som går på restaurant laurdagar, er nok på protestens side.

Ute i gata var det igjen normalt uteliv, så eg begynte å spasere oppover Istiklal for å sjå om det skjedde noe (tvers mot UDs reiseråd). Butikkar opne, kioskar selde döner og iskrem til barna, folk gjekk fram og tilbake. Men oppover gata såg eg noen med munnbind klart rundt halsen spasere hit og dit - så noen fleire, og smått om senn endra sammensettinga seg, fleire og fleire med munnbind og nå også noen få med plasthjelmer, færre familiar med barn. Vel hundre meter frå Taksim var dette nå tydelig ein demonstrasjon, jamnlig applaus for dei som strømma nedover, folk som var blitt jaga frå Gezi. Vel, dette var jo eigentlig ikkje min protest, så eg trakk meg tilbake - igjen så hadde eg jo lite nytte av det verbale. På hotellet igjen sjekka eg Twitter, og Richard Engel frå NBC rapporterte at politiet hadde rydda nedover Istiklal - altså der eg hadde vore - med vasskanonar, det må ha vore berre noen minutt etter at eg gjekk. Close shave, altså.

I "min" ende av gata var det fortsatt rolig. Men litt seinare hørte eg slagord utanfrå, og gjekk ut igjen for å sjå om det skjedde noe. Nå var gata full av demonstratar, heile vegen ned til Tünel og vidare, som ropte taktfast. Tydelig at det var tett med folk heile vegen opp. Eg gjekk noen få meter, men så begynte noen å springe nedover, og alle følgte på, før ordensvern (?) roa ned, det var ikkje noe som skjedde. Men likevel, eg vende nasen heim att - men da kom hovudstøtet, nå sprang alle det dei kunne, i gata overfor small tåregassgranatane, og det tok berre sekund før gassen nådde oss. Da var eg alt utanfor hotelldøra, og dørvakta jaga alle han kunne inn i fullt firsprang, derimellom meg, og inn i beskytta rom. Dermed var det berre eit snev av gass eg merka, litt sviing i auge og nase, etter litt hosting i eitpar minutt var effekten borte, så dramatikken var begrensa for min del. Vårt hotell er det einaste i Istiklal, men vi hørte om liknande frå andre dører som vart haldne opne for å la folk berge seg. Verre var det på luksushotellet Divan, rett ved Gezi, der fleire hundre demonstrantar trakk inn og politiet følgte etter og fyrte av tåregass inne i lobbyen, med den effekten det fekk i eit lukka rom. Men ingen slik reaksjon nede hos oss heldigvis.

Kampane heldt også fram utover natta, eg hørte slagord runge ute i gata vidare, før det gav seg.


Søndag: Stille etter stormen, gatefeiarar spylte opp bosset etter kampen i går kveld. Opp gata var det ingen sperrar, før ein kom fram til Taksim-plassen, der politiets eigne ryddefolk var i gang, rolig med berre noen nysgjerrige (som meg). Ein liten flokk på baksida heldt motet oppe med slagord, men politiet brydde seg ikkje, dei slappa av i sidegatene med gæværa over skulderen. På ein grasplen bak Divan-hotellet låg noen demonstrantar uforstyrra og sov. Ikkje mye meir å rapportere, så eg forlot staden og gjekk over til å bli vanlig turist i gamlebyen sør for det gylne hornet, Sultanahmet som var heilt uberørt. Det nordiske møtet skulle starte med middag først om kvelden, avtalen var å møtas utanfor det svenske konsulatet. Men da eg skulle tilbake, gjekk det ingen trikkar i den retning, alle stansa ved Eminönü på sørsida av brua. No trams, no no. Elles var det heilt vanlig, folk rusla heim frå jobb, på brua stod fiskarane med sine lange stenger tett i tett som dei pleide (korleis klarer dei å hindre snøra å vikle seg saman?) Men på andre sida såg vi kvifor trikken stod: der stod noen hundre som tydeligvis venta på noe (AKPs varsla motdemonstrasjon?). Seljarane med sine boder ropte ut varene sine - ikkje iskrem og brente maiskolbar her, dei var bytta ut med kullfora munnbind og høge haugar med sirlig innpakka plasthjelmer. Så det var der hjelmane kom frå.

Utanfor hotellet, det svenske konsulatet til venstre 
Eg måtte jo forbi, og stakk oppover bakkane, til turistmagneten Galata-tårnet, der utlendingar slikka is og sol, og vidare opp i retning hotellet. Men igjen som i går, bit for bit endra folkebildet rundt meg, fleire og fleire skulle samme veg, og fleire og fleire gjekk med munnbind og hjelm, noen også med flagg og anna. Oppe ved Tünel var det opplagt at dette var ein demonstrasjon, folk stod tett i gata, transparenter og slagord. Tettare og tettare, så langt ein kunne sjå opp Istiklal, folk stod stille og venta. Nå var det grunn til å bli lett nervøs, kom det eit rusj nedover nå slik som i går, ville eg bli feid nedover bakkane igjen. Så eg småsprang opp til hotellet og pressa meg forbi, vakta som stod klar med skikkelig gassmaske, fekk meg inn saman med eitpar andre. Eg vart ståande og tok eit par bilder (men diverre ikkje video av folk som tok "bølgen" - headbanging med løfta knyttneve), men vakta skyssa oss ut av lobbyen, som ikkje var trygg. Dessutan hadde eg altså ein middagsavtale tre kvarter seinare, så eg gjekk på rommet, posta litt Facebook og gjorde meg klar. Men å møtas utanfor konsulatet, ville eg/vi klare å komme oss dit, 30 meter i folkehavet? No problem, viste det seg, i mellomtida hadde politiet rusha demonstrantane ned gata og satt opp sperring litt nedanfor ved Tünel. Innanfor sperringa var det folketomt, stille i stormens auge, og det meste av tåregassen hadde drive bort, berre når vinden snudde svei det litt i augene, men heller ikkje i dag så ille. Restauranten (mellom dei to husa) hadde stengt, ingen kundar kom fram, men opna for oss. Litt gass dreiv jo også inn i restauranten, men vi  berre flytte oss innomhus og stengte vindua, så gjekk det greitt. Svenskane stilte, dei som hadde komme seg innom jernringen i tide. Men noen av våre vart stengt ute av politisperringa og måtte finne ein annan stad å overnatte.


Måndag: Møtet var i det svenske konsulatet / instituttet (med anar tilbake til Karl XII) på svensk jord, så det gjekk greitt, som i går var det berre gatefeiarar og vanlig handel på morgonen. Men lunsjen rett over gata fekk vi beskjed om å avbryte, for nå vart området utanfor fylt opp av politi, og vi risikerte ikkje å komme over gata inn i konsulatet att. Dei viste seg likevel å vere berre der i bero, ingen fleire demonstrantar kom,  så trass i litt spent stemning gjennomførte vi møtet om nordisk samarbeid i god orden. På kvelden var det heilt fredelig, vanlig kveldstrafikk. Eg ser media rapporterte om varsla streikar den dagen, men dei var tydelig ikkje omfattande, vi merka ikkje noe til dei.


Tysdag: Før returen heim, ein kjapp tur opp til Taksim. Sjølve plassen er nå open, men på trappa opp til Gezi-parken sit det ei rekke ned politifolk i flukstolar og sørger for at ingen terroristar, agentar eller noen andre for den del kjem inn. Reserven slangar seg i fortauskafeane rundt, avslappa men klare. Vanlig trafikk fram og tilbake. Ein mann står heilt stille med ansiktet mot Atatürk-senteret. I avisa dagen etter ser eg at dette var ein balettdansar som på denne måten viste sin protest; den einaste som politiet godtok (andre som prøvde stille seg ved sida av, vart jaga).


Kva vidare? Følg med i avisene. Men kva kan eg konkludere frå min turisme? Eg gjorde jo ikkje noe forsøk på å knytte kontaktar eller gjere forskning, så det fremste er kanskje viktigheita av språk: utan tyrkiskkunnskap var det mye som gjekk meg hus forbi. Det eg såg bekrefta vel i og for seg inntrykket eg hadde frå før: Ein protest først og fremst mot den valdsbruken som politiet og styresmaktene hadde brukt i konflikten, altså protest mot reaksjonen på protesten. "AKP: bombarane av Roboski [ein kurdisk landsby, bomba i 2011], panser på Taksim, ødeleggar av forstadane". Mest unge og mellomklasse, masse ulike marxistiske smågrupper, men også eldre, openbart kemalistar.

Elles var eg jo berre i utkanten av det heile, men for det det er verdt: i denne poshe handlegata såg eg ikkje ei knust vindusrute, og ikkje eit einaste balltre eller anna slagvåpen hos protestantane. Nå var naturligvis butikkeigarane kjappe til å trekke ned stålgardinene foran butikkane, og vi veit at det vart satt fyr på bilar andre stader og at provokatørar frå ulikt hald skal ha prøvd yppe til vald, men eg såg ikkje noe slikt; når protesten var over tok dagliglivet og handelen seg opp utan noe merke frå det dramatiske noen timar før. Det verka rimelig som det er rapportert, at organisatorane klarte å unngå det meste av valdsbruk frå si side.

Så får vi seinare vurdere kva slags konsekvensar dette har fått, om det blir eit blaff, om det svekker eller styrkar Erdogan på sikt, og om det skapar varige sår i det tyrkiske samfunnet (som nok har vore gjennom harde tak før).

tirsdag 18. juni 2013

Iran: Presidentens handlerom

På snarvisitt i urolige Istanbul, ser eg at det også har skjedd interessante ting i nabolandet i aust, ny og uventa president. Eg går ut frå at i mellomtida har dagsmedia både komme seg gjennom stadium ein: ein reformist vann valet, og stadium to: valvinnaren er ingen reformist. Dermed kan vi gå vidare og reflektere på kva dette kan få å bety, vel vitande at det vil vi først få vite ettersom tida går.

Valet visar iallfall at demokratiet er ein merkelig plante. Ingen vil vel finne på å kalle Iran for noe demokrati, spesielt ikkje nå da alle unntatt dei mest håndplukka vart nekta å stille til val - det er jo kriteriet for eit fritt val at alle kan stille. Samtidig tapte dei tre vi rekna som regimets favorittar, og ein outsidar som i valkampen var overraskande kritisk vann. Det viser iallfall eit minimum av folkelig innverknad på resultatet. 

Men kva betyr det i forhold den reelle makta i landet, som jo ikkje ligg hos presidenten, men hos rahbar, "Leiaren", ayatollah Khamene'i? Betyr det ein slag over nasen for han, ei feilberekning der han trudde Rohani ville bli eit moderat alibi som måtte tape? Eller er det ein snedig plan som viser at han egentlig er lei av alliansen med dei ultra-konservative og vil orientere seg inn mot sentrum? Begge delar er foreslått, men det siste virkar vel konspiratorisk, det ville bety at røystetellinga var heilt fiktiv og styrt ovenfrå. Det er det neppe, da hadde det vore meir effektivt å la ein ekte reformist få stille og så "tape". Heller er det slik at Rohani fell innanfor ramma av den typen politikar Khamane'i kan arbeide med. Han kunne foretrukke Jalili, eller Qalibaf, dei to favorittane, men Rohani var også akseptabel. Regimet set rammene, men lar velgarane - "demokratiet" - få noe innverknad innanfor desse rammene, som altså i år var på størrelsen med ein telefonkiosk. 


Det betyr også at vi ikkje skal sette forhåpningane til Rohani alt for høgt, sjøl om han likevel blir ei klar endring frå den flamboyante og populistiske Ahmadinezhad. Rohani er ein pragmatikar og diplomat, med god erfaring med Vesten frå si studietid (jus og psykologi) i Skottland. At han også har teologisk utdanning, som hojjat al-islam og stod Khomeini nær er viktig, men han blir altså nå rekna som å nær kretsen til tidligare president Rafsanjani. Men han er langt meir neddempa i stil, og skal - ulikt Rafsanjani - ha eit godt personlig forhold til Khamene'i, noe som vil bli sentralt om han skal kunne påvirke politikken i landet.  

Rohani overraska nok mange ved å gå såpass klart ut mot sensur, støtte til likestilling for kvinner og andre liberal-liknande synspunkt, som det blir spennande å sjå om han står ved. Dei politiske tyngdelovene i Iran er nok likevel slik at vi ikkje skal vente oss noen store endringar i samfunnspolitikken i landet. Etter å ha fått eit såpass klart votum frå folket, vil det nå vere viktigast for han å bygge eit solid godt forhold til Khamene'i og dei konservative som fortsatt styrer både i parlamentet og i dei religiøse organa. Mest trulig vil vi derfor høre mindre til regimekritikken, iallfall opent, framover. Noen valløfter vil han likevel kanskje måtte innfri, t.d. i forhold til dei politiske fangane i landet. 

Viktigast er nok likevel utanrikspolitikken, der han lovde å gjere slutt på dei internasjonale saksjonsane som har fått ganske stor innverknad på iransk økonomi og dermed på folks dagligliv. Dette er trulig ein viktig grunn til at veljarane - også trulig mange som sist støtta Ahmadinezhad - snudde dei konservative ryggen og satsa på Rohani. Her må han levere, og det betyr naturligvis forhandlingar om atomstriden, forhandlingar han sjøl leidde før, og etter sigande nesten fekk i havn før Ahmadinezhad vann valet i 2005, avbraut forhandlingane og sparka Rohani. Nå kan dei tas opp att.

Men problemet er jo nå om han får lov til det. Han vil her stå mellom Scylla og Charybdis: På den eine sida er det vanskelig å tru at Khamene'i vil godta noe som kan oppfattas som avbikt og ei kritikk av regimet eller svakheit for Iran. På den andre sida er Vestmaktene, og særlig USA, generelt trege med å løfte sanksjonar når dei først er i gang, fordi det kan oppfattas som svakheit frå deira side; dei vil ha "seier". Til sammen gir det dårlige vilkår for diplomatiske mellomløysingar der ingen riktig veit kven som har vunne og tapt. 

Men konflikten har vart lenge, og kan kanskje få lov til å døy. Syria er jo her det sentrale: Vesten vil forlange at Iran demper innblandinga si i Syria, ser dei det vil dei nok kunne finne løysingar på andre problem. Men er det egentlig presidenten som bestemmer kva slags politikk Iran har i Syria (t.d. når det gjeld evt. våpenstøtte til Assad)? Iran har mange maktsentra, fleire enn berre president og religiøs leiar, det kan vere andre grupper som arbeider på eiga hand, og som er mindre villig til å godta presidentens autoritet, i det minste om ikkje Khamene'i kjem heilt klart og tungt inn med støtte til ei avspenningsline, om altså Rohani presenterer ei slik. Ei slik klar stilling frå Khamene'i er slett ikkje opplagt, tvert imot ville det vere overraskande. Men nå var jo valresultatet i seg sjøl ei overrasking, så vi får vente og sjå. 

søndag 9. juni 2013

Tyrkia: demokrati og protestar

I dei pågåande protestane i Istanbul og Tyrkia elles den siste veka, har kommentatorane krangla om dette er ei fortsetting av "den arabiske våren", eller om det er noe heilt anna enn den arabiske protestbølga. Skillet går openbart på at "våren" var ein protest for demokrati og mot diktatorar, mens den tyrkiske leiaren Erdogan heilt klart har vunne demokratiske val, det siste i 2011 med jamnt 50 prosent av røystene, eit svært høgt tal i eit reellt fleirpartistyre.

Eg spekulerer på om det ikkje kan vere bedre å sammenligne Taksim-protesten med det som har skjedd etter den arabiske våren, altså dei fortsatte protestane som vi har sett det siste året i Egypt og Tunisia, protestar som har retta seg mot dei nye makthavarane som kom i kjølvannet av revolusjonane. Her kan vi finne fleire likheitstrekk:

Misnøye med valde leiarar
Makthavarane har klart demokratisk legitimitet: Det er avhalde val, og trass i murring frå opposisjon i noen av landa, så har det vore liten tvil om at vala var i hovudsak skikkelig gjennomført, med ulike alternativ, og det er også liten tvil om at makthavarane representerer ei brei folkemeining, enten dei i dag ville ha fleirtal eller ikkje. Ordbruken "makta mot folket" er altså ikkje rett i noen av tilfella, om ein med folket meiner eit samstemt folkefleirtal.

Kritikken har i staden gått på måten makthavarane har forvalta dette demokratiske fleirtalet: At i staden for å finne samlande løysingar, har dei drive splittingar inn i landet og favorisert sitt syn eller sine grupper på urimelig vis: Ja, Erdogan har 50 prosent, men han må også hugse på dei andre 50 prosent, som demonstrantane seier det. Det går også på forholdet mellom partia og staten, det som i Egypt kallas "ikhwansiering", eller "brorskapisering", at regjeringspartiet plasserer sine folk inn i statsfunksjonar som burde vere heva over politikken, slik at staten blir dominert av Brorskapet. Det samme gjeld media, partiet prøver å styre dei uavhengige media ved å plassere sine folk der, eller legge lokk på reell kritikk av staten.

Er dette ein rimelig kritikk? Det må ein nesten finne ut med konkrete undersøkingar, både ja og nei er mulig. Vi kjenner jo igjen samme type kritikk av "Arbeidarpartistaten" her i vårt land, eller "ARK", ein kritikk som venstresida kjenner som urimelig, mens høgresida meiner den er reell: Det kan altså avhenge av politisk ståstad korleis ein vurderer forholdet mellom den utøvande politiske makta og det uavhengige statsapparatet. Men det er opplagt at i land som Egypt og Tunisia var det før revolusjonen nesten ikkje noe slikt skille: Tunisia hadde t.d. lenge ikkje kommunestyre, det var dei lokale avdelingane av regjeringspartiet som administrerte kommunane. I Egypt, styrt av dei militære, var regjeringspartiet nær ein utvekst av staten. Når dette nå skal endras, er det derfor opplagt ei utfordring å bestemme nøyaktig kvar balansen skal ligge - ikkje minst fordi det ikkje finnes noen felles idealmodell, vi veit jo at t.d. i USA er mange av dei vi reknar som statsfunksjonærar (politisjefar osv.) demokratisk valde, gjerne på partilister. 

I Tyrkia er situasjonen annleis, dei har hatt fleirpartistat og skiftande regjeringar i over seksti år, og den viktigaste statsmakta hæren - som lenge var nær knytt til rettsapparatet - stod utanom partia og vokta nidkjært over dei. Men problemet stat og sivilsamfunn er likefullt eit problem her, med den sterkt autoritære statsmakta dei trass sine demokratiske tradisjonar har hatt, både overfor kurdarane, naturligvis - her kan ein knapt kalle det eit demokrati - men også over pressa. Vi må her også tenke på arven frå 1970-åra, då militante og valdelige kampar mellom geriljagrupper frå ytre venstre og ytre høgre satte heile landet i fare, noe som for mange rettferdiggjorde at hæren greip inn og stramma grepet overfor sivilsamfunnet.

Sekularisme og faren for islamisme
Eit anna fellestrekk er jo at makthavarane hører til meir eller mindre samme politiske retning, den moderate islamismen. AKP i Tyrkia bruker jo ikkje det ordet, fordi islamisme er forbudt i Tyrkia, og dei er nok også klart mindre "islamistiske" enn dei i Egypt og Tunisia, ikkje minst fordi det er eit reint politisk parti og ikkje på samme måte vakse ut av ei stor sosial rørsle. Men AKP blir jo ofte brukt som modell for Egypts Muslimske Brorskap og Tunisias Nahda-parti, riktignok gjerne som retorisk poeng, eit vest-vennlig motstykke til det anti-vestlige Iran motstandarane skremmer med, likevel kan vi sjå dei som ulike delar av samme familie.

Dei blir altså utfordra av sekularistar og liberale, som kjem frå litt ulik ståstad: Alle tre land har hatt i prinsippet hatt sekulære styrer fram til i dag, men Mubarak-styret i Egypt var sterkt sosialt konservativt og gjekk langt i å gi reelle konsesjonar til islamske straumdrag, både i lovverk og i praktisering (hijab kunne vere forbudt på universiteta, samtidig som 1001 Natt vart sensurert av moralske grunnar). Tunisia var like autoritært, men langt meir liberalt i forhold til sekularitet og skille religion og styresett, mens Tyrkia altså var og er autoritært sekulært, der religiøse ovringar av ulik type ofte var og er forbudt.
      I alle tre landa har regjeringane gjort små steg i retning av å gi religion, moral eller islam større plass. Innhaldet er forskjellig: I Egypt dreide det seg om shariaens plass i lovverket, eit stort spørsmål, i Tyrkia om å forby sal av alkohol i butikk etter kl. 22, eit svært lite spørsmål. Begge delar har da altså vore med å utløyse store protestrørsler. Det er klart ikkje tiltaka i seg sjøl, men retninga som har vore problemet: Gir du djevelen veslefingeren, tar han heile handa. Stansar vi ikkje dette nå, så har vi full sharia om kort tid.

Det dreier seg derfor igjen om tillit. Dei som protesterer manglar grunnleggande tillit til makthavarane: Dei er ikkje diktatorar eller radikale islamistar i dag, kanskje, men vi er redd dei kan bli det. Dette er jo naturligvis også ein mistillit til det politiske systemet: Vi har hatt val, men vi trur ikkje at vi kan klare å stanse denne utviklinga vi fryktar gjennom kommande val: vi må fjerne leiarane ved direkte aksjon, i gatene. Makthavaren, presidenten eller statsministeren må gå, ikkje etter det og det valet, men nå, som resultat av våre protestar. Elles så er diktaturet her.

Mangel på reelle alternativ
Kvifor trur dei ikkje på maktskifte ved val, ikkje i noen av landa har jo det sittande styret gjort noe som helst som tyder på at dei ikkje planlegg ordinære kommande val eller at dei skulle nekte å gå til sides om dei tapar vala? I to av dei står fortsatt eit sekularistisk militærvesen som garantist mot eit slikt maktkupp frå ei islamistisk regjering; sjøl om hæren har trukke seg tilbake frå aktiv politikk både i Egypt og Tyrkia, er deira sekulære innretning og vilje til å forsvare dette ubestridt.

Problemet er heller politisk: AKP har vunne val etter val, fordi dei har hatt ein effektiv politikk som klart har ført til framskritt økonomisk og sosialt for mange grupper i landet. Men først og fremst har dei vunne vala fordi det ikkje har eksistert noe truverdig alternativ. Da dei vann første gong i 2002, hadde tyrkisk politikk i eitpar tiår vore dominert av parti som alle saman var så tilskitna av korrupsjon, vanstyre, personkrangel, ja reint mafiøst bandittvesen (partileiarar og bandeleiarar samarbeidde nært) at veljarane feide dei alle ut. På dei ti åra som har gått, har opposisjonen ikkje klart å komme seg over dette og samle seg til noe som kan gi veljarane eit alternativ å tru på.

I Egypt og Tunisia har på samme måte dei sekulære partia ikkje vore i stand til å samle seg om noe anna og bedre enn at dei er mot Brorskapet og Nahda, også her er dei i beste fall elitefenomen prega som andre elitegrupper av nærsynt krangel og personlige motsetningar. Hadde dei liberale kreftene kunne stått sammen om ein politikk som tilbaud eit truverdig alternativ til folk flest, så hadde dei nok både i Tunisia og i Egypt hatt gode sjansar til å vinne i ordinære val, som dei altså har all grunn til å rekne med vil finne stad. Når folk går til gatene, er det kanskje mye i frustrasjon over at dei ikkje ser fram til å ha noe slikt alternativ ved urnene. Men det er da knapt makthavarane sin feil, men heller mangelen på modning i den liberale leiren.

Dette gjer jo at regjeringane i dei tre landa ikkje treng føle seg alvorlig trua politisk av opptøyene, sidan dei berre retter seg mot makta, men ikkje har noen alternativ leiing som dei kan vere for og som kunne true regjeringspartia. Men naturligvis fører kaoset som opprøra drar med seg til ein politisk kostnad: Det blottstilller problem - i Tyrkia både Erdogans veksande autoritarianisme innanfor AKP-systemet (ser han seg som ein ny Atatürk? Indre kamp i AKP?) og maktapparatets brutalitet, i Egypt og Tunisia dei nye styresmaktenes manglande samarbeids-, og kanskje også regjeringsevne - som i sin tur vil svekke deira autoritet og muligheit til å gjennomføre politikken sin. Dersom det nåverande styrets basis forvitrar utan at det er noe alternativ som kan ta over, kan det vere uheldig for utviklinga i dei tre landa.

mandag 3. juni 2013

Fortid og nåtid: Ymse epistlar

I det siste året har eg vore med i ein spaltist-syklus i Stavanger Aftenblad, under overskrifta "Livssyn". Nå er vel egentlig ikkje livssyn sånn generelt mitt felt, men eg har tolka det vidt for å skrive småstykker dels om nåtidige, dels om historiske ting på Midtausten og islam. Omtrent slik som på denne bloggen altså, men innanfor 5000 tegn, og med tanke på ein kanskje vidare lesarkrets på Sør-Vestlandet. Eg veit ikkje heilt korleis copyright-reglane er, derfor har eg ikkje kopiert tekstane inn på denne bloggen, men så lenge dei ligg tilgjengelig på deira servar, kan det kanskje vere katalogisk å iallfall lenke til dei, for den lesaren som måtte vere interessert, nå som syklusen er iallfall p.t. over.

Dette er spaltene:  
2012
“Inn i den syndige verda”, 15. mai 2012
Nåtid: Om salafistane, spesielt i Egypt, og deira inntreden i det partipolitiske livet etter revolusjonen, og forholdet til Brorskapet: "Dersom dei to islamistretningane finn sammen, har dei stort fleirtal i parlamentet, men dei er rivalar, og Brorskapet ville heller samarbeide over midten til dei liberale enn med dei uforutsigbare salafistane. Taktikken til det største salafistpartiet ser ut til å prøve å hindre det og heller tvinge Brorskapet til å gå i allianse med dei sjøl, og dermed trekke det i meir konservativ retning."

“Islam og toleranse før og no”, 26. juni 2012.
Fortid: Om dei religiøse minoritetanes posisjon i klassisk islam. "Ein fann som oftast ein balanse som fungerte. Men det betyr ikkje at muslimar, jødar og kristne stod likt, eller at dei hadde noe vi kan kalle religionsfridom. For det første var islam makta sin religion. Vel så viktig er at dette var eit fastlåst system. Du var født inn i ei religiøs gruppe, og måtte bli der."

"Jakta på eit nytt kjetteri", 25. september 2012.
Nåtid: Om den veksande agitasjonen mot shi'aer i Egypt: "Nå finn tilmed det moderate Azhar grunn til å hisse opp til konflikt mot shia'er, sjølv om det knapt bur noen få hundre slike i Egypt. Den islamske revolusjonen i Iran i 1979 vart helsa med begeistring blant islamistar i heile den sunniske verda. I dag blir det iranske regimet av dei same kreftene rekna som kjettarar."

”Skilsmisser vanleg i islams gullalder”, 6. november 2012
Fortid: Om kvinners dagligliv i mamluk-perioden: "I det klassiske islamske samfunnet var skilsmissefrekvensen langt høgare enn den er i vestlige samfunn i dag. Det ser ut som om dei aller fleste skilsmissene kom til ganske udramatisk gjennom ein avtale mellom mann og kone, der det var økonomien som var det viktigaste." Empirien tatt frå Youssef Rapoport, Marriage, Money and Divorce in Medieval Islamic Society.

”Den historiske Muhammad”, 18. desember 2012
Fortid: Om skillet mellom dei truandes "normative" Muhammad, og kva vi kan vite om den historiske personen, kildekritisk: "Vi kan ikkje stole på detaljane kjeldene fortel, dei kan vere forma av ettertidas ideal om korleis rett handlemåte var. Faghistorikaren kan ikkje gi noen fasit om den historiske personen, om han var blodig eller vennlig, og forlange at den truande enten må vedkjenne seg historikarens Muhammad eller ta avstand frå han og dermed frå si tru."

2013
”Tru, vantru og historie”, 14. februar 2013
Både før og nå: Om forskarens møte med det overnaturlige, spesielt sufianes helgenar: "Mirakelhistorier florerer. For dei skrifttru muslimane er dette folketru og overtru. For oss kan det òg vere det. Men for mange er dette realitetar. Kanskje treng forskarane sette vår skepsis til sides, og seie at om alle i mystikaranes krets ser det som sjølvsagte ting, så bør også vi seie at effekten er at det faktisk har skjedd slik dei fortel det." (Noen sufi-historier lånt frå Michael Gilsenan, Valerie Hoffman, og andre.)

"Forsvar, angrep og religion", 9. april 2013
Fortid: Om jihad-begrepet i klassisk islam: "I klassisk teologi var det ikkje noe skilje mellom offensiv og defensiv kamp, alle konfliktar mellom muslimar og ikkje-muslimar var jihad, også erobringskrigane. Det reiser derfor spørsmålet om jihad då var ein misjonerande krig: å utbreie islam med sverdet. Og her blir det historisk interessant, for i klassisk teologi er svaret ja. Jihad skal vere misjon. Men i realiteten skjedde dette nesten aldri. Jihad hadde andre formål enn misjonen." (Opphavlig til eit seminar i Gammeltestamentlig Selskap om "Hellig krig".)

”«Brorskapisering» av Egypt?", 21. mai 2013
Nåtid: Om den politiske situasjonen i Egypt, og protestane mot "ikhwanisering" av staten under Mursi: "Det religiøse preget på Egypt er ikkje blitt dramatisk sterkare enn før, det vi har sett er først og fremst maktkamp mellom ulike politiske krefter og manglande tillit til nye demokratiske institusjonar som knapt er på plass. Den sosiale uroa vi ser i Egypt tar form av kritikk mot Brorskapets islamisme, men er vel så mye retta mot deira økonomiske politikk. Det blir berre framført i ordelag for eller mot islamisering når det er Brorskapet som set IMF-politikken ut i livet."

fredag 24. mai 2013

Iran: Frå dobbelmakt til einevelde?

Den 21 mai 2013 vart Iran eit heilskapt diktatur, proklamerte Le Monde lett bombastisk på leiarplass i går. Nå vil nok mange opposisjonelle hevde at det har Iran vore lenge, men det er likevel grunn til å spørre seg om det ikkje skjedde eit grunnleggande skifte i den spesielle iranske styringsforma denne veka. Det kan derfor vere grunn til å sjå litt på kva som fann stad.

Det konkrete var, som vi har sett i nyheitsmediene, at to framståande kandidatar vart nekta å stille i presidentvalet 14. juni: den tidligare presidenten Ali Akbar Rafsanjani, og presidentens stabssjef Esfandiar Mashaei. Begge har altså hatt høge postar i ayatollah-regimet, og står nær maktas sentrum. Men ikkje ein gong det var godt nok for Voktarrådet, som har makta til å godkjenne eller avvise kandidatar til president- og parlamentsvala.

Kven er da desse to, og kvifor vart dei stengt ute? Rådet grunngir ikkje vedtaka sine, men det siste er lettast å svare på, dei to stod i fare for å kunne vinne valet. Rådet godkjente kandidaturet til ein langt meir reformistisk kandidat, Muhammad-Reza Aref, men han er relativt ukjent og upopulær og utgjer liten fare for å bli velgarmagnet. Rafsanjani og Mashaei er også knapt noen store folketribunar som vekker massanes begeistring, men dei er iallfall så kjente at dei kunne bli fokus for ein reell valkamp som sist gong i 2009. Styret brente seg den gongen på dei store demonstrasjonane som satte Tehran i brann, og vil ha eit "kjedelig" val som ikkje fører til uro. Der ein av deira to-tre konservative favorittar tar seieren.

Ali Akbar Rafsanjani
Ingen av dei to uteslutta er reformistar som har noen ide om grunnleggande endringar i det styresettet Khomeini utvikla etter revolusjonen i 1979. Ali Akbar Rafsanjani er først og fremst ein businessmann, svært rik og sverta med omfattande korrupsjonsklager. Men han er kanskje Irans mest smidige politikar, som har skifta mellom lojalitet både til Khomeini og hans arvtakar Khamene'i, og støtte til reformistar når det har passa seg i hans planar. Han er opportunist til det yttarste, og nå er han uroa over den isolasjonen som Iran befinner seg i. Den er så absolutt bad for business, og Rafsanjani går derfor inn for å forhandle med omverda og lette restriksjonane, utan nødvendigvis å endre noe dramatisk med dei indre forholda i Iran eller det religiøse systemet. Det gjer han populær i utlandet, og også eit håp for økonomisk bedring hos dei i Iran som kjenner tyngda av boikotten sterkast.

Kandidaten, den tolvte imam og Dommedag
Den andre uteslutta kandidaten, Esfandiar Mashaei (uttalas Mashâ-e-î med to lange vokalar), er meir ukjent i utlandet, men langt meir interessant i styrets indre gemakkar. Han er politisk parhest med avgåande president Ahmadinejad, og det var presidenten som pusha på for å få Mashaei som sin etterfølgar. Dette viser altså splittinga inne i det som vi har kalla "regimet" i Tehran, ei splitting mellom presidenten og "leiaren", Khamene'i, som har vart i fleire år nå, trass i at det var Khamene'i som pressa igjennom gjenvalget av Ahmadinejad i 2009. Så kva går det ut på?

Esfandiar Mashaei
Det første kan ein alt sjå i klesdrakta. Dei fleste høgre leiarar i Iran går med turban og kjortel: leiarane Khomeini og Khamene'i, opportunisten Rafsanjani, reformisten Khatami, alle er mujtahidar, altså religiøst utdanna ulama. President Ahmadinejad og hans kollega, derimot, er ikkje det og går altså i vestlige klede. Dei har begge bakgrunn i revolusjonsgarden, og støttar "prestestyret", men kanskje ikkje "prestane" i styret. I noen omtalar blir dei slik presentert som å ha ei meir "nasjonalistisk" haldning i forhold til dei religiøse. Dette høres tilforlatelig ut, men det ser ut til at det med dette ikkje meinas noen form for sekulær nasjonalisme, men ein religiøs nasjonalisme. Iran er det langt største senteret for shia-islam, men dei religiøse har tradisjonelt vore ganske transnasjonale mellom dei tre store sentera for shiisk lærdom, Iran, Irak og Libanon - irakiske lærde buset seg i Iran, iranarar og libanesarar i Irak. Mashaei og Ahmadinejad hører til ei retning som meiner iransk shiisme står i ei særstilling over dei andre, og vil styrke det iranske preget i religionen.

Dette setter dei straks i motstrid til dei tradisjonelle lærde. Men det virkar som det går mye lenger, sjøl om ein må bruke noe kjeldeskepsis: det er fare for å bygge for mye på negative tolkingar i iranske medier. I alle fall skal dei to høre til ei spesiell "låg-kyrkjelig" [låg-moskeelig?] og sterkt eskatologisk retning i shiismen, altså ei retning som meiner at Dommedag er nær foreståande, og med det er shiaenes skjulte 12. imam på veg. Enn meir, dei arbeider for å fremme imamens komme (og dermed Dommedag), og Mashaei skal hevde å vere i direkte kommunikasjon med den skjulte imamen, noe som er reint kjetteri etter shiisk teologi, imamen er skjult for alle. Men dette skal også vere grunnen til Ahmadinejad støttar så kraftig opp om Mashaei, det er slik ikkje klart kven som er leiar og følgar av dei to. At Mashaei skal ha sagt at "israelarane er våre venner [berre ikkje det fæle styret]" er meir skjellsord frå motstandarane enn signal om reell endring. Det samme er vel at to dusin i kretsen rundt han vart fengsla for "hekseri" for to år sidan.

Vi kunne altså knapt vente oss liberal reform frå den kanten, men det kunne kanskje ført til redusert spenning mot omverda. Uansett, det blir det altså ikkje noe av, når dei begge to er ute. I teorien kan Khamene'i omgjere utestenginga, men sidan alle jo reknar med at det er han som har gitt ordren om det, er det meir teoretisk.

Kvifor meiner så Monde at dette vedtaket er så dramatisk, Voktarrådet har jo luka ut reformistar frå kandidatlistane mange gonger før? Det er likevel mulig at balansen i styret nå har endra seg.

Slutt på dobbelmakta?
I omtale av den spesielle iranske styringsforma, har eg gjerne kalla det ei form for dobbelmakt. Khomeini lagde ikkje noe "prestestyre" i den forstand at den shiiske moskeen tok over som stat - dei høgaste lærde utanom Khomeini heldt seg, eller vart haldne, utanfor makta. I staden oppretta han to "maktpyramidar", ein ordinær og sekulær, med valgt parlament og valgt president, og ein religiøs og utpeikt mellom kvalifiserte lærde, ikkje valgt, med eit Voktarråd fylt av tradisjonelle ulama (ofte meir tradisjonelle enn Khomeini sjøl), og seg sjøl som Leiar (rahbar) på toppen. Dei skulle balansere kvarandre, slik at den ordinære stod for statsstyret, mens den religiøse heldt overoppsyn og sørga for at alt var i tråd med revolusjonstanken og korrekt islam.

Begrepet "dobbelmakt" er problematisk, for det stammar frå situasjonen i Russland etter bosjevik-revolusjonen, der ein valgt Duma (parlament) i ein periode styrte parallelt med dei nye statsorgana, sovjetane, som bolsjevikane stilte opp. Ei slik dobbelmakt er ei ustabil overgangsordning etter ein revolusjon, enten det gamle eller det nye systemet må vinne og bli det som styrer landet; i Sovjet vart altså dumaen oppløyst etter kort tid. Bruker vi samme ordet på den iranske revolusjonen, så er altså problemet at dobbelmakta vart permanent, den er her fortsatt over tretti år etter.

Det som ein nå kan spørre seg, er altså om "strukturen" likevel er i ferd med å hente seg inn igjen, og at dobbelmakta i Iran er i ferd med å bli ei enkeltmakt, der Leiaren tar meir og meir over direkte styring og  parlamentet i større grad skal bli eit instrument i hans og Voktarrådets hender. I den retning kan peike mistanken om at Khamene'i ønsker å avskaffe presidentvervet og slik bli utvetydig statsoverhovud sjøl (med ein statsminister under seg?). At valet i år skal bli så "kjedelig" kan altså vere del av ein plan for å gjere både valet og stillinga irrelevant og dermed lett å avskaffe.

Men det er ikkje opplagt at det er mulig. Khamene'i kan nok bli statsleiar, men han må ha eit apparat for å styre landet. Voktarrådet er openbart ikkje kapabelt til det, det er eit sensurorgan og ikkje eit styringsorgan. Skal Khamene'i samle makta inn i éin pyramide, må han altså arbeide direkte med parlamentet, og meir og meir fungere som ein president sjøl, berre ein som ikkje er vald. Teknisk sett er han faktisk også sjøl vald, men av ei særlig valforsamling dominert av Voktarrådet, som han sjøl i hovudsak peiker ut, så det er ein grei sirkel. Men kva når tida og naturen tvinger fram eit skifte i Leiarstolen (Khamene'i er 74), vil da den neste bli meir og meir som ein ordinær president likevel?

tirsdag 7. mai 2013

Syria: Kaos og kollaps

Sommaren 1985 besøkte eg Syria for første gong. Eg hadde berre noen dagar ledig under 'id til besøket, men kasta meg på bussen til Aleppo for helga for å få med meg høgdepunkta for ein historieinteressert turist. Ved sidan av citadellet, var det Umayyademoskeen midt i gamlebyen som trakk interessa. Ikkje så stor som sin namnebror i Damaskus, er Umayyademoskeen i Aleppo om lag like gammal, frå mellom 710 og 720, med sin karakteristiske firkanta minaret som viser stilen frå den tidlige muslimske epoken (minareten vart rett nok bygd først rundt 1090 og ombygd på 1200-talet, men likevel).

Umayyade-moskeen før og etter: finn ein feil
Men nå er den ikkje meir. I førre veke raste minareten sammen etter bombing i området. Regimet og opprørane skuldar kvarandre for å ha skote på den historiske moskeen, mens noen bygningskyndige meiner også at ristinga frå bombenedslag i området kan rett og slett fått tårnet til å kollapse av seg sjøl. Uansett, dette er kanskje den mest tydelige ødelegginga av Syrias historiske arv som vi har sett i krigen. Filosofisk og historisk har det vore krigar og ødeleggingar her sidan hetittane og babylonaranes tid og før, men likevel, det er trist og dramatisk kvar gong det skjer. Eg er iallfall glad eg fekk sett moskeen i fredelige tider.

Gass eller ikkje gass
Syria er elles i nyheitene desse dagane med eit meir flyktig stoff: Er det brukt gass eller ikkje, og i så fall av kven? Det mest rimelige er nok å følge Jan Egeland frå Human Rights Watch: Det finnes ikkje noe bevis for noen ting, frå noen kant. Ingen har handfaste prov, berre vitnemål ofte av relativ upresis art eller uklare bilder som kan tolkas på ulikt vis. Det kjem også ulike fortellingar frå ekspertar i Vesten. Britiske kjelder meiner dei har bevis for bruk, og Obama har komme ut og sagt det motsatte av Egeland: vi veit det er brukt gass, vi veit berre ikkje av kven og i kva omfang. Det er da også komme meir enn berre ein slik påstand, i dei siste par vekene er det rapportert opp mot eit tital ulike tilfelle av noe som minner om gass brukt mot enkeltpersonar, både frå sør og nord i Syria. Bilder viser fråde og andre tegn på kjemiske agentar.

Franske eksperter er likevel meir skeptiske, og peiker på at dei gassane vi snakkar om, sennepsgass og sarin, er vanskelige å kontrollere og spreier seg lett. Om dei faktisk er brukt, vil dei mest trulig ramme langt fleire enn dei to-tre ofra som er rapportert frå kvar stad. Dei symptoma som vi har sett kan heller tyde på at styresmaktene eksperimenterer med å legge ekstra kjemiske stoff i f.eks. tåregass for å bedøve og kontollere heller enn å drepe. Sjøl om det er "kjemisk" - det er vel tåregass i seg sjøl - så vil det ikkje kvalifisere til "masseødeleggingsvåpen", meiner franskmennene som nå er meir tilbakehaldande enn britane.

Vi utan spesialkunnskap kan ikkje avgjere, i slike tilfeller flyt "ekspertisen" lett rundt på alle kantar. Men vi ser jo at dette er politikk, og dét er det mulig å observere. Grunnlaget for alt dette er naturligvis Obamas "raude line", som han nok angrar på at han formulerte. Det opnar for spekulasjonar om politiske motiv for kvar part for å bruke eller ikkje bruke gass.
       For opprørane, som jaktar på internasjonal støtte særlig frå USA, vil det slik få store positive ringverknader om Obamas raude gass-line blir overtrådt. Regimet skuldar dei derfor for å ha arrangert gass-episodane. Det treng dei ikkje ha gjort, men det er rimelig å rekne med at dei er meir ivrige i å rapportere om akkurat dette, dei har mye å tene på det dersom det skulle vere sant og få USA til å gå inn.
         For regimet er det omvendt, dei har mye å tape på amerikansk intervensjon, og ein ville derfor vente at dei nettopp ville respektere denne "raude lina" (det er jo derfor Obama kom med den advarselen). Kan dei likevel ha trådt på eller over lina? Noen spekulerer i om dette kan vere "brinkmanship", at Assad trur at USA ikkje vil gå inn uansett - det er jo openbart at det er ganske liten entusiasme både hos Obama og hos amerikanarane for eit nytt Midtausten-eventyr. Assad kan derfor ha prøvd å stresse grensene for å sjå kor langt han kan gå, og kanskje påvise at USA er ein "papirtiger" utan tenner. Men alt altså berre dersom det faktisk er noko hald i gass-skyene.

al-Qa'ida i Syria?
Mens gass er opprørets retoriske trumfkort mot regimet, har regimet fått ei gladmelding frå opposisjonen: den irakiske al-Qa'ida-gruppa erklærte at opprørsgruppa Nusra-fronten nå var underlagt dei og al-Qa'ida. Er det noe Vesten frykter meir enn gass, så er det al-Qa'ida. Der ser de, kroar regimet: vi hadde rett heile tida. Dette "opprøret" er berre utanlandske jihadist-terroristar.

Nå gjekk leiaren av Nusra-fronten raskt ut og bad irakarane ta det med ro i bakkane: Dei hadde slett ikkje tenkt å legge seg under noen irakisk sentral, dei har sin eigen kamp i Syria. Men noe realitet er det jo i dette likevel.

Opprøret i Syria har alltid vore sammensatt av mange ulike og sjølstendige grupper, og det er ganske uoversiktelig utanfrå. Men det ser ut til at vi kan snakke om (minst?) tre kategorier grupper mellom dei som kjemper:
         - For det første, den mest kjente alliansen av militsar som reknar seg som del av den "Frie Syriske Hæren" (FSA på engelsk). Det er dei som blir kalla "opprørane" i vestlige medier, og dei er openbart ein viktig, kanskje den viktigaste kompontenten. Den er på ingen måte samla, og uttaler frå "leiarar" i FSA må tas med ei klype salt, dei fleste av militsane der er enten heilt autonome eller samarbeider først og fremst lokalt. Politisk spenner dei frå liberale og sekulære til islam-orienterte grupper, mange er tiltrukke av det Muslimske Brorskapet i Syria, som var fråverande inne i Syria under Assads hardstyre, men nok har klart å få noen basis i landet nå. Dei fleste er nok likevel lokale utan noen klar ideologisk profil bortsett frå ei meir eller mindre vag tilslutning til islam.
         - Mange islamistiske militsgrupper rekner seg ikkje som del av FSA, og avviser både eksilleiinga i det Syriske Nasjonalrådet (og tildels også den større Koalisjonen, som nå ser ut til å vere dominert av Nasjonalrådet igjen). Mange av dei blir finansiert av Qatar og Saudi-Arabia (som også finansierer FSA-grupper?), og politisk blir dei gjerne rekna som salafistar, altså strengare enn "Brorskaps-islamismen" vi finn i FSA, og kanskje også enn dei meir spontane islam-orienterte militsane - men dette må ein nesten vere på bakken for å få klar oversikt over.

Og så har vi altså den største og viktigaste salafistgruppa, som er Jabhat al-Nusra (eig. "Støttefronten", men namnet spiller trulig på støtte til eller frå Gud). Så langt vi kan sjå, så er det rett at initiativet til fronten kom frå Irak og gruppa "Den islamske staten Irak", som er namnet på irakisk al-Qa'ida. Dei vart da også kjent med samme type aktivitet som al-Qa'ida i Irak, med bombeangrep i Damaskus som også ramma sivile i regjeringskontrollerte områder. Men gruppa har endra strategi til å bli ei regulær militsgruppe som kjemper på samme måte som FSA og andre for å vinne og utvide kontroll over områder i ulike delar av Syria. Dei har hatt stor suksess, og kan trulig måle seg med FSA i styrke og er langt bedre strukturert og organisert. Ikkje minst blir dei kreditert med den viktige seieren i byen Raqqa i Eufrat-dalen aust i landet for noen månader sidan. Slik sett har Nusra vokse seg til å bli noe anna og meir enn sitt irakiske opphav, og er i dag langt sterkare og viktigare enn den irakiske Qa'ida-gruppa. Når dei siste nå prøvde å hevde sin opphavsrett, vart det nok derfor ikkje minst oppfatta som veslebror som ville ta styring med sin mektigare og viktigare storebror.

Ideologisk er det likevel ingen og liten forskjell: Nusra ser ut til å stå på Qa'idas ideologiske grunnlag, slik som irakarane, og dei erkjenner Ayman al-Zawahiri (som sit isolert kvar han no er i Afghanistan eller Pakistan) som sin inspirator. Men i strategi har denne syriske gruppa slått inn på ei heilt anna line. Mens Qa'ida i Irak sloss like mye mot rivalar som mot amerikanarne, er Nusra-fronten heilt klar på at våpna berre rettas mot regimet, og dei kjemper side med side med, og ikkje mot, FSA og dei andre militsane. Derfor, og på grunn av sine klare sigrar, har dei stor respekt hos opprørane. Dette har ført til at mange aktivistar er trukke til Nusra, og det har nok igjen endra fronten og gjort den breiare og meir "nasjonal" (det har også trukke utlendingar, ikkje berre Qa'ida-sympatisørar men også andre "aksjon-hungrige" nettopp til Nusra, derimellom norske, og det ser ut til at Nusra har klart å absorbere og organisere dette internasjonale innslaget). Nusra virker slik strategisk som meir moden enn andre Qa'ida-avleggarar, og kan såleis bli både viktigare og potensielt farligare enn dei andre fragmenta av denne jihadismen - men så langt ser det altså ut som om Nusra, ulikt Qa'ida sentralt, er heilt fokusert på den nasjonale syriske kampen og ikkje på den globale jihad.

Mareritt for USA: Alternativet til Assad kan bli eit regime dominert av Qa'ida (eller sympatisørar). Men kor stor fare er det for det? Vel, for det første ser det ikkje til å vere noen ende på krigen; om noe har regimet hatt noe framgang i dei siste vekene og står slett ikkje foran undergangen - intet nytt frå Vestfronten virker meir som ein historisk parallel. Men la oss si at Assad-regimet plutselig forsvinn, kva skjer da?

Nå har forholdet til FSA og andre har slett ikkje vore utan gnissingar. I dei områda der Nusra har kontroll, har dei prøvd å sette sitt merke med sine litt sære tolkingar både av politikk og shari'a, som har vekt motstand. Spesielt har kampen om flagget ført til protestar og nesten trefningar: Nusra vedkjenner seg ikkje det kjente grønne, kvite og svarte opprørsflagget som FSA og andre brukar. Dei vil ha eit islamsk kalifat, med eit reint svart flagg. Derfor har Nusra-folk rive ned FSAs syriske flagg og heist sitt eige, mens dei andre har gjort det motsatte. Det har også vore rapportar om krangel og slåssing rundt tiltak Nusra har prøvd å gjennomføre. Dette er urovekkande for den breiare opposisjonen, sjøl om dei offisielt prøver å halde samla front og kan kritisere Nusra for ekstreme kampmåtar (sjølmordsbombar) men like fullt erkjenner dei som ein sentral del av motstanden. Det er likevel relativt tydelig at det berre er kampen mot Assad som held dei to frå å barke sammen. Skulle dette også vere situasjonen når Assad evt. fell, er det liten tvil om at vi vil umiddelbart få ein borgarkrig mellom Nusra og FSA (og deira støtter), sidan deira mål for Syria kan ikkje foreinas sjøl på kort sikt. På den andre sida; kampen forandrar også aktørane. Som nemnt har Nusra trukke til seg mange ut frå sin effektivitet mot Assad. Vil desse også bli "sosialisert" til å bli fullblods jihadistar i kamp mot rivaliserande islam-orienterte og islamistiske grupper i FSA? Eller vil Nusra over tid bli "nasjonalisert" og miste sitt jihad-revolusjonære preg (slik ein kan si Hizballah gjorde på 1990-tallet)? Eller vil tvert om salafistar utanfor Nusra og kanskje tilmed innanfor FSA trekke i motsatt retning, slik at dei blir til ein dominerande salafist-koalisjon (med eller utan Qa'ida-stempel) som vil overdøve både brorskapsfolk og gjenverande sekulære i FSA? Dette er det alt for tidlig å svare på, men det blir viktig å følge med. Og da har eg ikkje nemnt Israels angrep, som blir eit "side-show" til det som elles foregår i Syria: "Vi fordømmer den sionistiske krigserklæringa mot vårt land, men beklagar at vi er opptatt på anna hald akkurat nå og håpar vi kan komme tilbake til dette seinare".

lørdag 4. mai 2013

Historie og moral

I samband med "Korsfarardagane" som blir avhalde i Oslo med jamne mellomrom har det, som ved tidligare høve, vore tendensar til ein historiedebatt om Midtaustens middelalder. Det er jo bra for historia å bli debattert. Men diverre har slike debattar tendensar til å dreie seg om Saladin, korsfararane og heile tidsperioden i Europa og Midtausten er "bra" eller "dårlig". Det er neppe noe historia kan svare på.

Det er jo naturlig at den offentlige debatten har eit slikt normativt fokus, og kvar enkelt av oss, både historikarar og andre, har jo våre standardar for kva som er "bra" i fortid og nåtid og kan vurdere historia opp mot det. Men målet for historia som vitskap er ikkje å si om Saladin var ein "god og nobel" riddar eller ein "blodig og nedrig despot". Det vi skal gjere er å fastlegge, så langt vi kan, kva han gjorde, når han gjorde det, kva grunnar som låg bak hans handlingar og kva konsekvensar dei hadde. I dei siste to spørsmåla ligg det vurderingar og val i kva vi trekk fram, det er slikt (meir enn det enklare "kva" og "når") som driv historiekunnskapen framover. For noen er det samfunnet rundt eller "materielle vilkår" som er viktig, for andre maktpolitikk og strategi, og for noen psykologi og sultanens indre liv. Det siste er notorisk vanskelig å bestemme i ein annan tidsalder da vi ikkje kan "snakke med Saladin", det avheng av om det er mulig å dra parallelar til vår tid: kan vi studere psykologi eller ideologi hos individ i dag og gå ut frå at eit individ på 1100-talet fungerte på samme "allmennmenneskelige" måte?

Det kan ein altså drøfte, faglig. Men det er mye verre å sette eit objektivt vitskaplig stempel på om personen derfor var "god" eller "vond". Dersom kong Bjartmar den fromme sat i sitt middelalderslott heile livet og las bibelvers i staden for å kjempe mot baronane (og slik styrke statsmakta), gjorde det han til ein god konge eller ikkje? Det kan avhenge av om vi tar med parentesen eller ikkje; ein fredelig konge kan vere ein svak konge eller sterk konge alt etter omstenda, og er det dessutan bra eller dårlig at statsmakta er sterk? Kvar av oss gir subjektive svar på det, alt etter kva vi legg vekt på. Det samme gjeld naturligvis spørsmålet om den europeiske middelalderen var "bedre" eller "dårligare" enn den muslimske, som også blir hissig diskutert. Det avheng av kva vi legg vekt på. Vitskapen skal berre legge grunnlaget. Vi kan måle element objektivt, at det er større produksjon av slik og slik litteratur, at det økonomiske velstandsnivået gjekk opp eller ned (i dei og dei sektorar eller sosiale lag), at levealder var høg eller låg og at sjukdommar fekk større eller mindre fatale utfall. Vi kan slå slike faktorar sammen og seie at "sivilisasjonsnivået" er høgare i ein region enn i ein annan (større politisk samhald, litterær produksjon, økonomisk velstand, levealder aukar, osv.), men dette må heile tida vere basert på objektive mål. Romarriket scorar trulig høgt på mange av desse variablane, men kan likevel ha vore undertrykkande og "vondt" for dei som vart utsatt for det.

Kva faktorar ein skal ta med i sammenstillingar kan også alltid diskuteras, men det er ganske rimelig å oppsummere at det arabiske riket stod ganske høgt over det kristne Europa i sivilisasjonsnivå i starten av middelalderen, og kanskje også gjennom mye av europeisk høgmiddelalder, alt etter som kva kriterie ein legg mest vekt på. Men ein debatt om at det arabiske riket dermed var "bedre" enn det kristne Europa virkar fremmend og uvitskaplig. Naturligvis kan vi alle meine noe om det, og diskutere det fillene fyk kva som er det viktigaste for ein "god" sivilisasjon, men vitskapen må nøye seg med å skaffe fram faktiske argument. Debattar om det normative bør da også bygge på ein etablert faktakunnskap, som ideelt er felles uavhengig av normativ ståstad.