torsdag 31. mars 2011

Syria: mens vi ventar, II

Ja, talen var altså ikkje mye å vente på, men det er satt ned ein komite som skal sjå på unntakslovene og kva som kan gjeras med dei... Kanskje dei blir letta eller løfta, men det finnes fleire lover som kan halde oppe sikkerheitspolitiets kontroll. Andre hint om å opne for fleirparti-system el.l. ser ikkje ut til å vere på horisonten.

Men altså Bashar al-Assad, er han ein reformist (som Clinton har sagt) eller ein diktator som sin far?

Vi kjenner historikken: Hafiz al-Assad hadde styrt med hard hand frå 1970, og ville plassere sonen Basil på trona etter seg. Men Basil kjørte seg i hel mens faren levde, og derfor vart augelegen Bashar henta frå jobben i London for å bli plassert i ei rolle som statsleiar. Det var ikkje mange som venta det skulle gå så bra; da eg besøkte Damaskus første gong i 1985, hadde Hafiz nett hadde eit hjarteanfall, og alle frykta det verste. Rundt Damaskus var det gravd skyttergraver for å forsvare byen om Israel skulle angripe, alltid ein trussel, men det vart sagt at "egentlig" var skyttergravene plassert mellom områda til ulike hæravdelingar, i påvente av den borgarkrigen mellom ulike generalar som ville komme når Hafiz døde. 

Vel, dette skjedde ikkje og var nok meir ei fantasifull utlegning. Regimet heldt sammen, og Bashar viste seg mogen for oppgåva då faren til slutt døydde i 2000. Renoméet hans som reformist kjem av dei endringane han straks sette i verk, han slapp dei fleste politiske fangane fri (mange av dei etter det Muslimske Brorskapets opprør i 1982), og opna ei lita dør for politisk debatt. Ikkje noe stort rom, det var aldri snakk om å tillate organiserte rørsler eller parti, dei vart heller kalla "diskusjonsklubbar" som kunne drøfte politiske saker, og argumentere for meir demokrati. Dette blir kalla "Damaskusvåren". 

Men lite som det var, skremte det dei gamle "dinosaurane", dei som hadde hatt makta sammen med Hafiz, og etter 11. september året etter med auka press i regionen, tvang dei Bashar til å stenge denne døra. Syria gjekk inn i eit nytt hardstyre, og sidan har det ikkje vore snakk om demokratiske reformar i Syria, før nå. 

Den mest påfallande endringa dei siste fire-fem åra har slik ikkje vore på det politiske området, men på det økonomiske. Ba'th-styret hadde jo ei sosialistisk, dvs. stats-sentrert, fortid. Det hadde alltid samarbeidd med handelsklassen ("bazaren") i Damaskus, men under ganske strengt statsmonopol. Dette gjorde også at mange i hæren kunne bruke si makt til å bli økonomiske aktørar, og vi fekk eit "militært-kommersielt kompleks" slik vi såg det i Egypt og også i Algerie. Men oftast i allianse med delar av bazar-klassen. 

Midt på 2000-tallet vart mye av denne statsmonopolismen oppheva, spesielt i detaljhandelen - den egentlige "bazaren" - noe besøkande raskt kunne sjå gjennom eit langt rikare vareutbytte i suqane. Dette gjorde det mulig for mange i denne handelsklassen å legge seg opp store private rikdommar, mens kommandostrukturane fortsatt var og er styrt av den "militær-kommersielle klassen", der ikkje minst Bashars fetter Rami og hans "Makhluf-klan" er symbol på korrupsjon, liknande dei vi kjenner frå andre arabiske land. 

Spørsmålet er da, kva rolle spiller det for demokratirørslas framtid? Oftast er det jo middelklassen som har tatt initiativet i denne, men er middelklassen i Syria fornøgd med utviklinga slik at dei ikkje vil utfordre styret? Rami Makhluf har beinhardt monopol på mobilnettet i Syria, men er det nok til eit twitter-opprør? Eller er det nye krefter innan mellomlaga, slike som ikkje har tent så mye på opninga, som kan drive kampen fram? Slike spørsmål er det som gjer det interessant å følge med om demonstrasjonane spreier seg i noe omfang til Damaskus, der dette samarbeidet mellom bazaren og regimet har vore tettast. Det har jo vore mindre demonstrasjonar der, nettopp i Hamidiyya-suqen!, men vi veit ikkje kor stort potensiale det er her, eller om det berre er politiets strenge kontroll som har hindra større oppreist. Det får vi kanskje vite i dei kommande dagane. 

Ser vi på det som er av opposisjon, så fins det diskrete stemmer i Syria, såvel som mindre diskrete stemmer i eksil. Faktisk så eksisterer det ein myriade av opposisjonsparti i landet, alle teknisk sett ulovlige, og alle utan noen tyngde og betydning; stort sett einmannsforetak som dukkar opp og forsvinn utan at noen legg merke til dei. Noen har prøvd å samle seg i ein felles plattform ("Damaskus-oppropet" av 2005), men spreiinga i politiske haldningar gjorde at dette også var ganske vagt og tok t.d. ikkje stilling mellom sekulære og religiøse idear for det kommande demokratiske Syria. 

Islam er jo den ukjente faktoren i syrisk politikk. På den eine sida har vi islamistane, det Muslimske Brorskapet som altså har ei opprørsk fortid, med revolten i 1982 som vart så blodig knust i byen Hama. Sidan da har det vore under jernhard kontroll frå regimet. I eksil ser dei ut til å ville nærme seg den liberal-sekulære opposisjonen, og er kanskje ikkje så radikale (t.d. gjekk dei i 2006 i allianse med Assads tidligare visepresident Khaddam, ein sekulær 'alawi, som da hadde hoppa av). Men også dette er eksilpolitikk og eksilpolitikarar, og når opprør startar i "gatene" plar eksil-folks planar og alliansar raskt bli irrelevante. Og frå gatene er signala inntil vidare uklare.

Interessant er det også å sjå på det organiserte islam, dei som held seg inne med Assad-regimet. Som nemnt sist, så har den sekulære militær-regjeringa ingen interesse i det heile av å gi styret noe "shi'isk" eller "alawisk" preg. Dei samarbeider heller med og støtter ein tradisjonell sunnisk teologi, dels bygd på sufi-ordnar. To kjente namn her er avdøde shaykh Kuftaru (av kurdisk opphav) og den konservative teologen Said Ramadan al-Buti (også han gammal nå). Kuftaru stod i noen grad for ein teologisk opning for ei meir liberal tolking av islam, forsterka av hans svigerson (og uavhengig medlem av parlamentet) Muhammad Habash, som langt på veg kan minne om ein "islamsk feminist". Dei to, Buti og Habash, er tildels rivalar om å stå for "offentlig islam-tolking", men begge er på trygt teologisk grunnlag sterke motstandardar av ei salafistisk islamtolking. 

Dermed kan det bli interessant å sjå korleis demokrati-rørsla, om den da faktisk eksploderer ut over det vi har sett så langt, orienterer seg i forhold til det islamske. Syria har vore eit i hovudsak sekulært land sidan 1950-tallet, setter dette fortsatt sitt preg på dei som er i opposisjon til styret, eller blir sekularismen knytta til Assad-regimet slik at motstnadarane vender seg til politisk islam? Har Brorskapet eit potensiale, og kva slags politikk vil dei i så fall stå for; moderat og i samarbeid med sekulære som i Egypt og andre land, eller vil dei bli pressa i salafistisk retning? Kva betydning har påverknaden frå Irak, gjennom den millionenen eller meir irakiske flyktningar som har funne vegen til Syria? Vil motviljen mot "alawiyaene" føre til ein sunnisk, religiøs mobilisering?

Og da har vi ennå ikkje tenkt over kva desse interne syriske problemstillingane kan få for effekt i forhold til Syrias uhyre nervøse naboar Israel, Libanon, og for den del Jordan, Tyrkia (kurdarane i Syria!) og Irak. Og USA - Syria er jo ein "bad guy", fordi Israel seier at dei er det (og USAs libanesiske venner er ikkje ueinige), men det er ein bad guy du kan forholde deg til. Kan uro og mulig kaos gjere det til ei kruttønne? Kan dei satse på at snille sekulære demokratar tar over, eller skal dei frykte at det blir stygge islamske Brorskapsfolk som vil gjere Israel vondt? Det er jo ganske umulig å vite nå, før opprøret heilt  har starta. Så, det er nok fleire enn makthavarane i Damaskus som sit på pinnar og ventar på kva som skjer i desse dagar. 

*** Mye av det eg skriv her er for øvrig ikkje sugd av eige bryst, eg plukka fram frå hylla ei artikkelsamling, Demystifying Syria (red. Fred Lawson, 2009) og har bygd på fleire artiklar der, m.a. av Salwa Ismail, Thomas Pierret, Joe Pace og Joshua Landis. Men gettingane og antakelsane er mine eigne ***

onsdag 30. mars 2011

Syria: mens vi ventar

Mens det bølgar fram og tilbake i Libya, har interessen begynt å fokusere på Syria. Det såg ut til at regimet klarte å halde demokrati-krava under kontroll, men så starta ei utvikling som virkar velkjent: Først ein gnist som eksploderte i ein provinsby, så represjon, så større demonstrasjonar, så skot mot demonstrantane og fleire drepte (rundt 60 så langt, ifølge Human Rights Watch), og så spreiing til andre delar av landet. Portestane rettar seg mot regimet: presidenten må gå! Denne svarar med begrensa innrømmelsar, regjeringa blir skifta ut, noen reformer blir innfridd, men demonstrantane er ikkje nøgd, og represjonen blir verre.

Dette er jo som i Tunisia, Egypt, og Jemen. Vil det gå likeeins i Syria? Eller det forskjellar som har betydning?

Ein viktig forskjell er at Syria ikkje har fått noen "Tahrir-plass". Det har vore relativt rolig i Damaskus, og også i den nest største byen Aleppo. Forutan byen det starta, Dar'a (og området rundt) i sør, er det Latakiyya i nordvest der det har vore hissigast, men også i andre større byar i vest som Homs, og visstnok også Hama. Roen i Damaskus kan nok vere påtvungen, regimets kontroll er hardare her. Men det er også spørsmål om kva regionale element som spiller inn i Syria.

Kva gjeld Dar'a, ligg denne i utkanten av syrisk Jabal Druze, eit område der drusarane står sterkt. Eg har likevel ikkje hørt stadfest at byen sjøl er dominert av denne gruppa, eller om dette skal ha spilt inn. Men det ser ut til at regionen har rekna seg som forfordelt kva gjeld økonomiske ressursar. Latakiyya, derimot, kan knapt seias å vere det. Men fleire peiker på etnisk/religiøse motsetningar der: Byen er dominert av sunni-muslimar og kristne, men i seinare tid har 'alawiyaer i stadig større grad flytta inn frå sitt tradisjonelle område i innlandet og lagt press på byen. Dette skal ha ført til ein motvilje mellom gruppene, som kan ha fått si utløysing i revolten: 'alawiyaene er naturligvis knytta til det nåverande regimet. 

Her må ein prøve så godt ein kan å halde tunga rett i munnen. Er dette religiøse eller etniske motsetningar? Det er svært vanskelig å skille, fordi både 'alawiyaer og druzarar kan reknas som begge delar. Dei braut ut frå "vanlig" shi'isme i middelalderen (ingen av dei er knytt til "imami-shi'ismen" vi finn i Iran, Irak og Libanon), og vart tidlig ganske innelukka med ein "hemmelig" religion, men også spesielle etniske kulturtrekk, i eigne geografiske områder. Det religiøse preget vart såleis kanskje mindre viktig for deira "annleisheit" i samfunnet, dei fungerer meir som etniske grupper. Men i vår tid, der religiøsitet er blitt viktigare som sjølmarkering, er det mulig at dei igjen kan bli meir sett som "religiøse avvikarar" av sine motstandardar. Det er iallfall klart at i Latakiyya, og sikkert også elles i Syria, er demonstrasjonane retta mot "alawiyaenes dominans", og da kan det bli "for oss sunniar". 

Viktig er også å sjå på oppfatninga at "regimet i Syria er alawittisk". Det er ei forenkling. Ein ting er at styret er reint sekulært, det er basert i den sosialistisk-nasjonalistiske Ba'th-rørsla frå 1950-tallet. Nettopp tilknyttinga til ein liten minoritet gjer at regimet alltid har tona det religiøse så langt ned som mulig, og om presidenten går til bønn i høgtider, gjer han det iallfall i ein sunnisk moské. Det var altså først og fremst ei gruppe offiserar frå det alawittiske området aust for Latakiyya som i 1970 tok makta i landet, og seinare (på samme måte som ei gruppe frå byen Tikrit samla seg rundt Saddam i Irak), har regimet basert seg mye på slekt og vennar frå dette samme området, ein kan stole meir på sine nærmaste. 

Men det gjeld ikkje "regimet" fullt ut. Det er først og fremst sikkerheitsstyrkane som er dominert av desse 'alawi-gruppene. Innanfor styret er dei allierte med breiare grupper både i det militære og sivile apparatet som er sunniar eller frå anna hald (også dei er sekulære, naturligvis). Det er altså ikkje "alawiyaene mot resten", men "regimet mot resten", der denne gruppa er ein komponent, og altså med presidentfamilien, innanfor regimet. 

Kva så med Bashar al-Assad, presidenten som tok over etter sin far Hafiz i 2000? Er han ein diktator eller ein reformist? Dette vil vise seg i løpet av dagen, "mens vi ventar" er også skrive mens vi ventar på at han skal halde ei stor tale seinare i dag onsdag, der det er varsla reformar. Dette innlegget om Syria blir så langt, at eg rett og slett vil dele det i to, og skrive meir om regimet og demokratirørsla, og mulige reformar, i neste innlegg. Kanskje alt seinare i dag. 

lørdag 26. mars 2011

Egypt: islamsk partipolitikk

Oppi det dramatiske frå nabolanda, så er politikken i Egypt i ferd med å finne noen former. Overgangsstyret vann altså fram med sin meir begrensa grunnlovsrevisjon, og at det blir val alt om seks månader (trulig september), mot protestane til mange i demokratirørsla som ville ha lenger tid til å førebu seg på vala. Samtidig har styret gjort noen vedtak som uroar rørsla, spesielt eit generelt demonstrasjons- og streikeforbud, "fordi styret var blitt nedlesst av krav". Dette skal vare så lenge som unntakstilstanden står ved lag, men eit hovudkrav frå rørsla var nettopp å avskaffe denne unntakstilstanden (som har vart sidan 1981).

Av interesse for dei som er opptatt av islam og politikk er posisjoneringa som skjer på den fronten før valet. Forslaget frå regjeringa er å opne for "alle" å danne sine parti, så lenge dei ikkje er bygd på religiøse, etniske eller geografiske grenser. Altså ikkje reint islamistiske parti. Dei har likevel alt godtatt det islamistiske Wasat-partiet (som har ein handfull koptisk kristne med i leiarskapen), og det islamske Arbeidarpartiet (Hizb al-'Amal) har eksistert lenge. Dette kravet bekymrer derfor ikkje Brorskapet, som heller ikkje vil registerere seg sjøl som parti. Dei vil i staden stå bak eit eige politisk parti, kalla "Fridom og Rettferd", som da vil vere opent også for ikkje-muslimar og såleis stette krava.

Brorskapet har også sagt at dei ikkje vil stille presidentkandidat, og at dei berre vil stille liste i vel ein tredel av kretsane i parlamentsvala, for ikkje å uroe dei som er redd maktovertaking. Rett nok har dei opna for at dei kanskje kan gå i valforbund med andre parti i ei "brei demokratiliste", og da gå utover den tredelen dei har avgrensa seg til.

Men det er også sjølstendige røyster der. Fleire av brorskapets fremste medlemmer har gått ut og sagt dei vil stifte sine eigne parti ved sida av Brorskapets "offisielle", to ulike er meldt så langt. Spesielt viktig er det at 'Abd al-Mu'min Abu al-Futuh har sagt han kan tenke seg å stille som uavhengig presidentkandidat. Han er mellom dei mest kjente liberale leiarane i Brorskapet, og kanskje også den mest liberale. Leiinga i rørsla har slått hardt ned på dette og sagt at å stille til val utanom deira "Fridom og Rettferd" er uforeinelig med medlemskap i Brorskapet. Om desse som vil gå sine eigne vegar gjer alvor av planane sine, kan vi altså sjå ei splitting av Brorskapet. Dei som har gått ut med slike planar så langt hører alle til den "reformistiske" og meir liberale fløyen i rørsla, som ikkje vann fram i leiarvalet i rørsla i fjor.

På denne fløyen vil dei alt møte Wasat-partiet, og det kan bli trangt om plassen. Vi må nok rekne med at vi i tida framover vil få ein liten eksplosjon av småparti av alle mulige slag, kanskje rundt enkeltpersonar. Svært mange vil synke utan spor, alliansar vil oppstå og bli oppløyst, og det vil ta tid før vi får eit varig partimønster i Egypt, langt forbi dette valet.

Interessant er også at ei ny islamistisk retning har meldt seg på: Salafistane. Dette er dei religiøst mest konservative, dei som insisterer på niqab (ansiktsslør), og langt skjegg og kvite kjortlar for mennene. Dei er tradisjonelt innovervende, isolerer seg frå det vantru samfunnet, og strikt apolitiske eller anti-politiske: Dei "ekte" muslimane må drive da'wa, indremisjon, og heve det moralske nivået i samfunnet før arbeidet for ein islamsk stat og politikk kan gi noen meining, seier dei. Eller sa dei, for nå har fleire salafist-grupper sagt dei òg kan tenke seg å stille til val og delta i politikken. Naturligvis med sitt svært konservative syn (som kanskje ikkje har noe stort gjennomslag hos vanlige egyptarar; dei blir kalla for "saudiar"). Det har også vore slagsmål mellom salafistar og andre i Alexandria nylig. Det var fleire i niqab på Tahrir, og det er uklart om dette betyr ei endring av deira strategi, eller om det betyr at "vi må fremme vårt budskap på alle arenaer, også dei tilsmussa". Men vi kan iallfall da sjå kor mange som vil stemme på deira budskap.

Elles er det også litt kiving mellom koptiske og islamske religiøse leiarar. Det er klart det kjem ei ny grunnlov etter kvart, og koptarane insisterer på at da må nåverande §2, som seier at Egypt er eit islamsk land og at "prinsippa til shariaen" skal ligge til grunn for lovgivinga, fjernas. Dette er skarpt avvist av shaykh al-Azhar, og det er uklart om ein vil prøve å finne eit kompromiss som nemner både muslimar og kristne som "partnarar". Koptarane er også uroa over at noen grupper brukte religiøse slagord for å be muslimar stemme "ja" til grunnlovsendringa (som Brorskapet, Wasat og 'Amal alle var for, mens dei fleste andre i opposisjonen var mot), for "elles får vi ein sekulær stat".

torsdag 24. mars 2011

Jemen, Syria: regionanes opprør?

Litt i skuggen av Libya har altså demokratirørsla skutt fart i to andre land. Men begge avviker ganske kraftig frå "Tahrir-modellen", om vi skal kalle den tunisisk-egyptiske overgangen det.

Jemens hovudstad San'a har riktig nok sin eigen Tahrir-plass, men den er overtatt av dei som støttar regimet. Demonstrantane, studentar og andre unge, kallar "sin" plass ved Universitetet for "Taghyir" ("Forandring"). Dei står langt på veg for eit "facebook-opprør" inspirert av dei andre. Men utviklinga i Jemen er i langt større grad driven fram av tradisjonelle motsetningar. Vi har snakka om stammar i Libya og andre land, men i Jemen har desse ei ganske annan grunnleggande betydning for politikken. For å følge utviklinga, må vi derfor plotte aktørane inn i stamme- og regionkartet.

Vi kan ikkje ta heile etnografien her, men berre noen skilleliner:

- Dagens Jemen oppstod, som vi veit, i 1990 da dei to statane "Nord-Jemen" (som eigentlig ligg i vest, kyst mot Rødehavet) og "Sør-Jemen" (i aust, mot Indiske Hav) vart foreint under dagens president Ali Abdallah Salih.

Nord-Jemen er geografisk delt i eit høglandsområde (med hovudstaden San'a), og eit låglandsområde mot kysten. Dette skillet fell delvis sammen med eit religiøst skille: Stammene i høglandet hører i hovudsak til ei shi'isk grein, zaydismen, dei i låglandet er sunniar.

Sør-Jemen har tre hovuddelar: storbyen Aden, landområdet rundt, og det tørrare Hadramawt i nord-aust. Sør-Jemen var ein sosialistisk stat, men braut sammen i intern borgarkrig mellom gruppar, i hovudsak i regionen rundt Aden, noe som førte til samlinga i 1990. Alle er sunniar av religion.

Det politiske tyngdepunktet i det samla Jemen ligg hos dei zaydiske stammane i høglandet. Dei to viktigaste er Hashid og Bakil. Sterkast er Hashid, som president Salih tilhører. Det er ikkje slik at stammen "i seg sjøl" styrer, men at dei fleste i maktposisjonar er knytta til denne. Salihs familie (inkludert hans nå berømte halvbror, general Ali Muhsin al-Ahmar) hører ikkje til den leiande greina i Hashid, sjøl om dei siste bruker samme slektsnamnet, al-Ahmar (det er egentlig eit tilfeldig sammenfall). Ein må også hugse på at stammeleiarar har stor autoritet direkte i sine område utan å måtte bry seg med statsmakta.

Desse inndelinga er delvis reflektert i politikken:
          -Zaydiane, og med dei Hashid, er altså nær knytt til den sittande statsmakta, og president Salih (som altså er militær, men vi ser at det militære og stammane er knytta nær sammen).
         -Sunniane i nord dominerer islamistpartiet Islah. Dette er ein stor og brei allianse dominert til dels av stammar, til dels av meir ideologiske og salafi-inspirerte islamistar under leiing av Abd al-Majid al-Zindani. Noen få zaydiar er også med, spesielt var den tidligaren leiaren for Hashid-stammen medlem av Islah. Dette partiet har i hovudsak stått for ein "moderat" ("ikhwani") form for islamisme, dei har deltatt i val og samarbeidd med regimet, men har ikkje vegra seg for å lage bråk oppe i fjella når det passa seg slik. Partiet står Saudi-Arabia nær, og saudiane har ofte brukt det til å lage trøbbel for Jemen, dei blandar seg gjerne inn for å svekke rivalen på den arabiske halvøya innanfrå.
          -I sør (Aden) eksisterer fortsatt sosialistpartiet, men den viktigaste politiske retninga der er likevel seperatistane, som arbeider for å gjenopprette eit sjølstendig Sør-Jemen.

Dette setter scena. Det gir oss følgande separate konfliktar, nordfrå og sørover:

Houthi-opprøret, leia av grupper nær den saudiske grensa i nord, særlig frå Bakil, sidan 2004. Dei er (som zaydiar) mot dei sunniske salafistane, mot Saudi-Arabia, og mot Salih. Primært ønsker dei meir til seg sjøl. Dei skremmer saudiane, som i fjor sendte troppar inn for å hjelpe Salih å slå dei ned.

Demokrati-rørsla i San'a. Den er driven fram av studentane, men blir støtta av Islah. Dei har nå altså også splitta den gamle zaydiske maktalliansen, ved at den mektige general Ali Muhsin al-Ahmar og fleire andre har gått med dei. Både stammeleiarane for Hashid og Bakil har nå slutta seg til opposisjonen, utan at det betyr at alle stammemedlemmer automatisk følger dei. Som vi veit, har ein del av hæren også stilt seg lojal til president Salih, så denne er nå splitta, og i dag kom dei første meldingane om sammenstøyt mellom ulike hæravdelingar.

Det har også vore store demonstrasjonar i byane i låglandet, som Ta'izz, Ibb og spesielt kystbyen Hudayda, det 150 vart såra i førre veke. Det er uklart kven som egentlig har demonstrert her, men det er rimelig å tru at Islah iallfall har spilt ei viktig rolle, sidan dei står sterkt i desse byane.

I Aden har det også vore gjentatte og kraftige sammenstøytar. Her har klart separatisttanken vore viktig, sjøl om dei også knyttar seg demokratirørsla. Først og fremst ønsker folk i sør (og aust) å minske innverknaden frå dei som styrer i nord, altså både Salih, Hashid, Islah og alle dei andre.

-Og så har vi jo naturligvis Qa'ida, som faktisk finnes i Jemen, og trulig samarbeider med noen stammar i sør, kanskje helst (men ikkje berre) i grenselandet opp mot Hadramawt. Dei liker iallfall ikkje noen zaydi-shiaer, og heller ikkje Islah, eller egentlig noen andre i dette spillet, og vil prøve å fiske i det rørte vatnet dei måtte finne. Dei har så langt ikkje gjort seg bemerka i særlig grad (noen aksjonar kan vere deira), kanskje dei venter og ser kven som vinn og dermed kan bli bombemål for dei.

Så, spørsmålet er: Har desse samme mål: Nei, heilt klart ikkje. Sør vil ikkje bli styrt frå nord eller at dei skal få meir makt, mens det er akkurat det stammane i nord vil ha, berre studentane vil ha demokrati, og Ali Muhsin vil blir president i staden for presidenten. Men alle bortsett frå Salih vil at Salih skal gå. Det som er uklart er om dei andre samarbeider, eller berre passer på å skyte i samme retning så lenge Salih er der, for så å finne andre mål når eller om han skulle falle.

Meir konkret: Det mange ventar er eit statskupp der Hashid-stammen finn ein ny president frå sine rekker. Ali Muhsin eller noen annan, men Hashid vil opplagt at også neste president skal vere Hashid. Men vil noen av dei andre godta Muhsin? Noen demokrat er han ikkje, og mange tvilar på at han blir noe bedre enn Salih. Studentane vil ikkje godta ein frå "det gamle styret"; men da får dei problem med sine nye allierte som vil ha akkurat det. I vestlige auge er denne Ali Muhsin er ein utsøkt bad guy: Han blir beskyldt for å ha støtta Qa'ida i Aden, Houthiar i nord, og han skal vere salafist - altså saudisk agent, men om det er noen saudiane fryktar her, så er det Houthiane og Qa'ida, så dette er litt usammenhengande skuldingar. Han er sikkert ein opportunist, og neppe noe stort demokratisk framskritt. Så, eit kupp frå han vil ikkje løyse noen av konfliktane, dei vil berre skifte ut namnet på leiaren dei er imot.

***

Det andre nye er altså det plutselig har vakna opp i Syria. Men ikkje i Damaskus. Det er ein by få kanskje har hørt om, Dar'a i sør, der vi har fått ein stor og vedvarande bølge demonstrasjonar med uventa vid oppslutning. Kvifor her? Så langt veit vi ikkje så mye. Men det som ser ut til å kunne vere ein nøkkel, er at Dar'a ligg i eit område dominert av druzarane, som ein rimelig stor religiøs-etnisk minoritet heilt sør i Syria. Styresmaktene skal ha hatt svakare kontroll her, og det er også eit område som er blitt forfordelt økonomisk og som altså dermed hadde særlig grunnlag for misnøye. Det kan vere grunnlag for opptøyane, og observartørar ber oss halde utkikk med andre tilsvarande utkantområde i Syria, slik som Eufrat-dalen i nord-aust, i stor grad bebudd av kurdarar. Dei kan bli inspirerte.

Det som foreinar desse to landa er altså at demonstrasjonane, sjøl om dei her også er uttrykt i det allmenne arabiske kravet om demokrati og fornying, er langt meir prega av regionale forskjellar innanfor landet enn i noen av dei andre landa (også Libya, der opprøret i utgangspunktet var nasjonalt på tvers av regionane). Det understreker altså dei nasjonale særtrekka ved kvart lands utvikling.

[Takk til Eirik Hovden og Anne Bang for fakta om Jemen. Vurderingar og evt. feil her er mine eigne. Ein feil om Hudayda, påpeikt i kommentarane, er korrigert i ettertid.]

onsdag 23. mars 2011

Libya: Spørsmål (og svar?)

I debatten om "var det riktig å gå til krig", har ulike spørsmål komme opp, både når det gjeld språkbruken og realitetane. Noen slike er:

- Ville Qadhafi ha "slakta ned", "gjort folkemord", etc. om han hadde vunne fram i Benghazi?
Det kjem litt an på kva ein meiner med orda. Det er rimelig klart at han ville tatt hevn over opprørane, og at han her ikkje hadde skilt mellom "sivile" og "militære". At han ville tatt hevn, og måten, kan vi sjå frå rapportar frå andre gjenerobra byar, der såra på sjukehus enten vart ført bort (trulig for å skytas), eller vart skutt på staden i følge noen rapportar. Vi kan også sjå i det Qadhafis truslar om å "gå frå hus til hus"; ein kan ikkje alltid ta Qadhafis truslar for god fisk meir enn løftene hans, men det er rimelig grunn til å tru at han ville latt hevnen gått ut over fleire enn berre dei som var tatt med våpen i hand, men også over andre som "kunne ha vore med". Kor mange? Igjen kan vi ikkje vite sikkert, med sidan Benghazi stod ganske samla bak opprøret, vil hevnen trulig også vore tilsvarande vid. Det er her viktig å hugse på at Qadhafi ikkje har fengsla og torturert for moro skuld; det er ein del av regimets maktbasis, ei grunnleggande frykt for kva som skjer om ein ikkje gjer som ein blir fortalt. Når vi har hatt eit opprør som har utfordra denne frykta, så må derfor hevnen bli tilsvarande hard for å gjenopprette denne frykta. I sum, det er rimelig å vente langt hardare hevn enn vi såg i Zawiya og andre byar, og "frykt for massakrar" eller "massedrap" er ikkje urimelig. Vi veit ikkje at det ville skjedd i det omfang, men det er ein rimelig stor fare for at det ville skjedd. "Folkemord" er nok eit for sterkt uttrykk. Ser vi på stammestrukturen i Libya, vil heile "folkegrupper" (dei i aust) bli ramma, men ikkje med utrydding eller utsulting. Folkemord bør ein derfor ikkje bruke.

- Bombar Qadhafi "sivile", "sitt eget folk", osv.?
Dette er jo den viktigaste retoriske frasen. Opprørarar som har tatt våpen i si hand er ikkje sivile. At eit regime forsvarar seg mot opprør er illegitimt berre dersom vi reknar regimet som illegitimt og opprøret som den legitime makta. Det er altså tvilsomt om desse uttrykka kan brukas om kampane mellom opprørssoldatar og regimesoldatar.
        Derimot er det rimelig god dekning for at det har blitt skutt på demonstrantar med skarpt (ikkje berre i Libya, for øvrig, det har skjedd i alle dei arabiske opprørslanda, men trulig med ein del større tap i Libya enn andre land). Når ein snakkar om "bombing" må det referere til angrepa på dei byane som gjorde opprør, spesielt Zawiya, men også nå Misurata og andre, der det ser ut til å ha vore generell bombing inn i byen utan spesielle militære mål, og ha ramma boligstrøk og lagt større eller mindre bydelar i grus. Dette er heller ikkje nytt, i Syria (Hama 1982) vart ein stor del av byen lagt flat med bomber og tanks, med sivile begravd inne i husa, og byen måtte byggas opp att seinare. Om ein reknar det som trulig at noe tilsvarande har skjedd i desse byane (vi har ikkje bevis for det, berre at sivile områder er blitt ramma), vil det uttrykket bli treffande. "Sitt eget folk" som NRK brukar fast, betyr berre at det er ein borgarkrig / opprør, da er det jo openbart sitt eige folk som er målet.

- Er dette eit opprør frå Aust-Libya (Cyrenaica) mot Vest-Libya (Tripolitania)?
Nei. Det er viktig å hugse på at "aust" og "vest" ikkje er like størrelser, Tripolitania er langt den mest folkerike og mest utbygde delen av landet). Men opprøret starta samtidig i nesten alle byar vi kjenner til i Libya, både i aust og vest: i større byar i vest som Misurata og Tripoli, mellomstore som Sabratha, Zawiya og Zuwara, og små som Zintan, Yefren opp fjella. Dette er områder med heilt ulik bakgrunn og stammestruktur, dei tre siste er tilmed berberiske. Berre i Sirte, Qadhafis heimby, var det ikkje opprør (frå dei tynt befolka områda i sør, Fezzan, har vi ikkje hørt noe). Dette tyder på at opprøret i utgangspunktet var breitt. Opprøret ser ut til å ha komme overraskande både i aust og vest, i begge områda vart ikkje desse byane "erobra" i kamp, men i hovudsak tatt over av opposisjonen etter at politi og hæravdelingar rømte byane utan vidare. Slik også i aust, men forskjellen der var at i aust slutta ialllfall delar av hæravdelingane seg til opprøret, mens det ikkje ser ut til å ha skjedd i vest. Akkurat dette kjem trulig av stammestruktur, dei avdelingane som stod i aust (iallfall dei som deserterte) hadde opphav der, og det var desse som slutta seg til.
         Vi har derfor delvis fått eit aust/vest-skille, der opprøret i aust er eller kan bli beskytta av flyforbudet, mens dei i vest ikkje er det så langt, og kanskje heller ikkje kan bli det. Dei kan derfor bli spesielt utsatt for hevn. Men det også merkbart at far og son Qadhafi ser ut til å oppfatte dette som eit regionalt opprør frå aust, og derfor har fokus mest i den retning.

- Representerer "Opprørsrådet" opprøret, enn si den opprinnelige demonstrasjonsrørsla?
Vanskelig å si. I utgangspunktet ikkje, det er ein sjølutnemnt komite i den største opprørsbyen. Dei andre opprørsbyane har sine komitear, og noen av dei har møttes i Benghazi og ser ut til å ha ei minimal koordinering med dette rådet, men kan også ha sine eigne agendar. Det er openbart ingen representasjon frå opprørane i vest, det vil nå si Misurata og Zintan (men vi veit jo ikkje om det er telefonkontakt el.l). Rådet i seg sjøl er sammensatt så langt vi ser av ulike "framståande personar" (dommarar, legar osv.) med samme bakgrunn frå Benghazi, heilt ad hoc, i følge noen rapportar er dei alle også frå samme stamme i aust. Så den er ganske smal; men det er den einaste som er der. Det er godt mulig at opprørane i vest vil erkjenne deira rolle som "einaste talsmann som kan snakke fritt" og akseptere den rolla, men det kan også vere at dei vil meine at dette er aust som prøver å styre. Det er umulig for oss å vite, eg har ikkje sett noen meldingar som kan tyde på noe standpunkt eine vegen eller andre vestfrå. Det mest påfallande er nok at det gamle flagget, som mye vart oppfatta som eit "aust-Libya-flagg" vart raskt adoptert også i vest som "det nye Libyas flagg", noe som tyder på at dei ser seg som eitt opprør og ikkje er så opptatt av aust-vest-delinga, iallfall ikkje nå så lenge kampane pågår.
         Så eg vil nok si at opp til eit punkt bør vi sjå på dette rådet som eitt uttrykk for opprørsviljen. At dei ber om flyforbud men ikkje vil ha bakkestyrkar er det ingen tvil om, og det er rimelig å oppfatte dette som ønsket til "gata" i aust, og trulig også anti-Qadhafi-folka i vest.

- Ønsker opprørane at vestmaktene skal kjempe kampen for dei?
Dei som står i frontlina ønsker nok trulig at dei sjøl skal "marsjere utan motstand" til Tripoli og ta Qadhafi på eiga hand, og når dette ikkje lar seg gjere (trass i bombinga, klarer dei ikkje å ta ein gong Ajadbiyya, så langt), så ønsker dei at "noen" skal rydde vegen slik at dei kan gjere dette "og vinne sjøl". Altså ein viss grad av politisk naivitet, men når du blir skutt på utan å kunne svare, og det svirrer superkraftige kampfly over hodet ditt, er det ganske menneskelig å håpe på hjelp frå den kanten.

- Har Qadhafi noen reell støtte?
Det skal vi ikkje utelukke. Det er jo klart at dei som har tent på hans styre er uroa ikkje berre over å miste privilegier, men også for hevn fordi dei stod på feil side. Dette kan gjelde mange. Vi har liten kunnskap om kor mye stammelojalitet faktisk betyr, trulig ganske mye i betydning solidaritet: vi støtter våre mot dei andre, men vi veit mindre om i kva grad den kan dirigeras, om noen tar "ordre" frå stammeleiarar. Spesielt i dei fleire millionar urbaniserte unge. Men det kan vere ein faktor, sjøl om ein by gjer opprør betyr ikkje det nødvendigvis at alle der gjer opprør. Likevel er det grunn å merke seg den geografiske bredden i opprøret, som også må reflektere ein "stammemessig" breidde. Og naturligvis er det alltid ein stor del av befolkinga som "ikkje vil ha bråk"; dei som ikkje har vore ramma av Qadhafis undertrykking men som ser på at levestandarden deira er bedre enn nabolandas, og "kvifor skal nå desse lage ufred". Opportunisme - at ein støtter begge sider ettersom kven som har overtaket - er også med i alle konfliktar.
       Så ja, opprøret omfamnar ikkje alle, men nok ganske mange, og det er ikkje urimelig å snakke om eit folkelig opprør som mest trulig har størstedelen (av dei som har tatt stilling) bak seg.

- Har dei allierte noen strategi for kva som nå skal skje?
Om ser bort frå konspirasjonar på bakrommet og går ut frå det som er offentlig, så ser det ikkje slik ut. Det er uklart akkurat kva dei bombar nå, om det fortsatt berre luftvern osv, altså knytta til flyforbudet som elles er på plass og effektivt, eller om ein har tatt til å bombe også ikkje-aktive libyiske bakkestyrkar. På "fronten" ved Ajdabiyya blir det fortsatt bomba, men i følge reportarar på staden veit heller ikkje opprørane kva som blir ramma, om det er regimets tanks og artilleri eller andre mål. Dei venter derfor med å angripe, sidan dei fortsatt blir beskutt av overlegent materiell om dei prøver å avansere.
        Det er mulig at dei allierte vil fokusere på Ajdabiyya og dermed etablere ei fast og lett forsvarlig frontline inst i Syrte-bukta, dermed effektivt dele Libya i to. Militært høres det rimelig ut, men fryser altså berre ein situasjon som er i lengda umulig.
        Vi har Obamas krav om at Qadhafi skal trekke seg ut av to byar i vest, Misurata og Zawiya. Zintan, også beleira og beskutt, er trulig også med på lista. Det kan vere målet er å tvinge dette gjennom ved bombing frå lufta. Om det viser seg mulig, så vil dei andre byane spørre seg, kva med oss. Skal ein berre stanse der? Kva med Tripoli, skal Qadhafi "trekke seg ut"? Det er det samme som regimets fall, og som vi hører er det stor semje om at "regimet må falle", men klar usemje om dette er dei alliertes oppdrag eller ei.
        Dette er altså den mulige hengemyra vi har snakka om; eller iallfall første delen av den, om dei faktisk slår over i den aggressive konklusjonen om å felle Qadhafi "på dei alliertes bajonettar", så oppstår det nye uløyste, og kanskje uløyselige, spørsmål.

søndag 20. mars 2011

Libya: Vi er inne, men kva er vegen ut?

Så er plutselig Norge også med. Da er vi igjen på medietoppen, og Japan fortrengt. Nyheitene endrar seg fortløpande, mens vi her får ta det litt meir piano og legge meir vekt på vurderingar og meiningar om det som skjer.

Her i Norge falt jo debatten raskt ned i eit høgre/venstre-spor, høgresida er gira på action, mens ytre venstre (Rødt og noen i SV) protesterer. Men internasjonalt er jo dei siste på lag med Tysklands konservative regjering, med republikanske senatorar i USA og mange militære, alle stort sett med samme reservasjon: Ein bør ikkje gå inn i ein krig utan at ein har eit klart og realistisk mål for korleis ein skal komme seg ut av den. Og det må ein kunne si manglar i dette tilfellet, det er ganske uklart kva som egentlig er det målet ein vil oppnå. 

FN-vedtaket er så vagt og opent at det ikkje gir noen retning, ein skal "beskytte sivile og sivile områder". Det kan bety mye eller lite. USAs Clinton seier klart at målet er å fjerne Qadhafi, men det er ei svært vid tolking av å "beskytte sivile". Skal alliansen berre stanse aktive angrep på sivile, eller skal den også fjerne alt som kan true sivile? Er libyiske stridskrefter som held seg passive også krigsmål? I så fall så er FN inne i ein generell krig mot Libya / Qadhafi. 

Stiller vi det opp, blir altså mulige tolkingar av å "beskytte sivile":

- Å stanse aktive krigshandlingar mot nye områder, altså fryse fronten med tanke på ei ikkje-militær løysing (deling av landet eller forhandlingar). Dette er ei rimelig tolking av at Benghazi er spesielt nemnt, og tyder på begrepet "sikre områder" (safe areas), at områder nå under opprørets kontroll skal vere sikra mot hevn frå Qadhafi. Bombinga av regimstyrkane ved Benghazi i går kan falle inn under det, fordi dei vart flytta fram dit etter at FN gjorde sitt vedtak, og etter at Qadhafi sjøl proklamerte si "våpenkvile", altså nytt område.

- Å stanse alle krigshandlingar på bakken, uansett kvar dei er. Utover Benghazi og Ajdabiyya vil det også si at kampane må stanse der dei nå pågår i vest, Misurata og Zintan. Men forøvrig blir konsekvensen den samme, ein stansar kampane, men berre fryser og løyser ikkje konflikten.

- Å stanse alle muligheiter for regimet til å ramme sivile, altså demilitarisere Qadhafi med makt. Det vil si, som eg nemnte over, ein generell krig frå lufta, alle militære mål uansett kvar dei er og om dei er aktive, vil bli bombemål. 

- Å fjerne Qadhafi direkte, ved å bombe hans hovudkvarter i håpet om å treffe han eller familien. Det er, som sagt, godt utanfor ei rimelig tolking av mandatet, men det er ei logisk løysing på konflikten: Ein kan vanskelig tenke seg ei fredelig løysing i Libya med Qadhafi ved makta, og ein kan vanskelig sjå for seg at han vil gi frå seg makta utan å vere fysisk tvungen til det. 

Det var muligheitene ut frå FN-vedtaket. Obama har i sin tale presisert noe som virkar som USAs krav, som ei presisering av FN-vedtaket: Qadhafi må trekke seg ut av fire byar, Benghazi, Ajdabiyya, Misurata og Zawiya. Altså ikkje berre fryse situasjonen, men føre den tilbake til slik den var for to veker sidan. Kvifor akkurat desse fire, og ikkje andre byar som har gjort opprør slik som Zuwara og Sabratha - eller for den del Tripoli sjøl, vart ikkje sagt, heller ikkje om dei fire berre var meint som eksempel og kva slags andre byar som da skal omfattas: alle libyiske byar? Vi veit jo knapt kva byar i innlandet som kan og kan ikkje ha hatt opprør. Altså, ikkje mye klarare. 

Dei to hovudalternativa er altså fastfrysing av situasjonen som mandatet klart dekker, eller ei sluttløysing som mandatet knapt gir dekning for, men som kan bli einaste mulige konsekvens om ein vil unngå permanent deling av landet. 

Om ein da tenker seg det siste: å fjerne Qadhafi, kva må så til? Er det mulig å "innføre demokrati frå 40.000 fots høgde", som Gahr Støre uttrykte det? Det er det kanskje ikkje, så det må føras noen nye faktorar inn i likninga for å få den til å gå opp.

Ein er opprøret sjøl. Dette er kanskje tanken: Dei allierte svekker Qadhafis militærmakt så mye at opprøra i vest startar opp att og denne gongen vinn fram, i Zawiya, Misurata, og Tripoli. Hans militærmakt er ingen match for dei allierte. Men dei er altså i lufta, og på bakken er opprørane fortsatt langt underlegne. Igjen må vi hugse på at opprøret i første runde vann på walk-over, dei regulære soldatane gav opp utan kamp. Det tok Qadhafi to veker å organisere sine lojale styrkar, og straks dei var stilt opp hadde opprørane ingen sjanse. Det vil fortsatt vere tilfellet, om ikkje dei allierte klarer å bombe i stykker også hans landstyrkar, som nå altså i stor grad står inne i dei byane dei kontrollerer. Har dei allierte nok presisjon, og kor store sivile tap er dei i stand til å tåle?  

Det andre, som også kan vere ein strategi for noen, er at denne krigen vil utvikle seg av seg sjøl, og at FN-mandatet er så fleksibelt at det kan strekkas utover det som i dag er politisk mulig. Qadhafi vil klart la seg provosere verbalt, men setter han også ord til handling: dersom han t.d. sender raketter mot allierte handelsskip i Middelhavet, står dei landa i ein ny situasjon, da kan dei i sjølforsvar gå utover FN-vedtaket og gå til ordinær krig direkte mot Tripoli og Qadhafi. Mindre dramatisk, at Qadhafi svarer på ein slik måte mot libyarar at det er tydelig luftkrigen ikkje er tilstrekkelig, f.eks. ved å skyte sivile opprørarar i dei byane han styrer, og at dette fører til slik internasjonal reaksjon at dei allierte må sende inn det som trengs av troppar for å "avslutte jobben". Offisielt under opprørsleiingas flagg, slik at det ikkje er noen "okkupasjon". Men i realiteten blir det altså da vestmaktenes seier, og da vil ikkje dei berre kunne dra igjen utan at å ha "stilt eit levedyktig styre" på beina, dei kan ikkje berre forlate eit kaotisk land. Så da vil det gå som i Irak, Qadhafi vil bli gløymt og nye konfliktar, som mot dei fremmede styrkane, vil mobilisere i staden. 

Dette kan altså vere dei tre vegane ut att:
- Ein lar vest-Libya vere under Qadhafis styre, så lenge han forheld seg rolig. Det ville nesten vere eit nederlag for alliansen om det blir resultatet, uansett FNs ordlyd. Men det kan gi eit pusterom for opprørane der til f.eks. å skaffe seg bedre våpen og balansere den overmakta regimet har militært.
- Opprøret startar att i Tripoli, og klarer ved eiga hjelp å overvinne Qadhafis elitesoldatar som han har samla der. 
- Opprøret startar att, og klarer ikkje å overvinne regimets soldatar, og for å forhindre at dei blir massakrert må dei allierte sende inn bakkestyrkar, med eller utan ny FN-resolusjon, og så følger resten meir eller mindre uavvendelig. 

Mye står altså på kor treffsikre dei allierte bombene er, og på opprørane i Tripoli og dei andre byane i vest.

****
Det var analysen. Kva skal vi som aktørar og politiske menneske meine? Skulle Norge ha slutta seg til FN-vedtaket?

Det var opplagt ein vanskelig situasjon, Benghazi stod overfor faren for nederlag og ei ganske rimelig frykt for massakrar etterpå. FN og dei allierte svarte med å ta ein sjanse. Om det går bra, og opprøret klarer resten sjøl, så vil dei fleste meine ein har avverga eit blodbad. Men om det ikkje går bra, og dette var det første steget på ein veg som fører langt verre blodspille, så vil ein nok si at vi burde ha sett oss om etter andre vegar (som å væpne opprørane utanfrå). Når vi nå først står her, så må det beste vere å sette ein strek i sanden og seie, meir enn dette kan ikkje omverda bidra med før vi gjer meir skade enn nytte. Og den streken kjem iallfall der første framande soldaten set foten på libyisk jord, kanskje før. 

Humanitære intervensjonar er gode til å fjerne det ein ikkje liker (diktatorar), men dårlige til å produsere varige løysingar for ettertida, det er vel det vi har lært frå Irak og Afghanistan. Den gamle parolen gjeld nok fortsatt: Folkas frigjering må vere deira eige verk.

fredag 18. mars 2011

Libya: kva nå?

Midt på dagen fredag. Nå skjer ting så fort at vi knapt rekk å kommentere dei; intervju gjort i dag tidlig er kanskje forelda lenge før dei kjem på trykk.

Men la oss prøve å oppsummere litt, så får det heller bli avkrefta mens vi skriv.

Eg har jo tidligare advart mot eit flyforbudsvedtak, fordi det var stor risiko for at det var ein "slippery slope" som endar i ein Irak-krig; har ein først trådt inn i krigen kunne ein ikkje stanse før både regimet var falle (som kanskje krever utanlandske bakkestyrkar), og fekk da også ansvar for å bygge opp at den staten som måtte komme etter. Og da "i Vestens bilde", noe vi har sett ikkje gjekk så bra i Irak og Afghanistan.

Men det er nå så, nå er vedtaket der, og det har altså gått lenger ut på glatte bakken ved at vedtaket går mye lenger enn flyforbud og snakkar om å "beskytte sivile områder, slik som Benghazi" med alle tilgjengelige midlar, bortsett frå fremmede okkupasjonsstyrkar. Det siste blir tolka som "bakkestyrkar", men kan teknisk også omfatte "støtte" i form av soldatar til ein libyisk opprørshær. Slippery slope.

La oss likevel prøve å stille opp noen mulige "eskalieringsnivå" for den utanlandske intervensjonen:

1. "Passivt flyforbud": Libyiske fly blir avskore, evt. skutt ned dersom dei prøver å ta av, men luftvern osv. blir ikkje bomba med mindre dei blir brukt offensivt mot dei allierte. USA har alt sagt at dette er uaktuelt, men i teorien kan andre land ta denne sjansen på motstand.

2. "Aktivt flyforbud": Alt som kan true allierte kampfly: radar, luftvern, fly på bakken, blir satt ut av kraft (bomba) før flyforbudet blir iverksett og allierte fly startar overvakinga. Det tar lenger tid, iallfall noen dagar, og er altså USAs krav.

3. Bombing av regimetroppar i transport: Fly blir brukt til å stanse regimets artilleri, tanks osv mot "sivile områder, slik Benghazi". Om vi går ut frå at dei libyiske styrkane i aust i dag står ved Ajdabiyya, kan allierte fly bombe dei når dei begynner å bevege seg mot Benghazi. Det er nesten det denne passusen må bety. Det kan beskytte Benghazi effektivt mot angrep, om ikkje Qadhafi-styrkane har nådd fram. Det vil vere militært enkelt, dei er klare bombemål, med liten fare for sivile tap (dette er i hovudsak ørkenstrekningar).

4. Bombing av regimetroppar i byane: Dette er langt meir vanskelig. Det er store fare for bom, spesielt når ein ikkje har etterretning på bakken. Sivile tap er nesten uunngåelige.
Her kjem tidsfaktoren inn. Dersom Qadhafi rekker å få sine tanks inn i Benghazi før dei allierte har sine fly på plass, kan han slåss for å overta byen relativt usjenert, om ikkje dei allierte er villige til å ta risikoen for "collateral damage". Det er dessutan alt tilfellet i Misurata og dei andre byane i vest der Qadhafis troppar alt er inne i byane og derfor beskytta, om altså ikkje dei allierte vil gå til full krig frå lufta.

5. Direkte innblanding på bakken (eller frå skip): Resolusjonen setter altså noen grenser, og ei politisk lesing av denne vil nok også vere restriktiv mot slik bruk iallfall i starten, dersom nvå 1-4 virker. Men ei mild form for direkte innblanding er å utstyre opprørane med meir avanserte våpen, for å balansere styrkeforholdet mellom dei og regimet. Det kan gjeras "utanfrå", over grensa, og rapportar hevdar at egyptiske styrkar alt er på veg mot grensa med våpenforsyningar. Problemet er at opprørane ikkje er trente i å bruke avanserte våpen. Det kan derfor vere mulig, og ikkje i strid med resolusjonsteksten, å sende inn instruktørar. Og så kjem det an på kor vidt dette ordet kan tøyas.

6. Og altså: direkte militær støtte i form av troppar, men under formell styring av det libyiske opprørsrådet. Da er det ikkje "okkupasjon" i teknisk forstand, men kan likevel bli ein vestlig bakkekrig mot Qadhafi. Som Afghanistan under Karzai.

Så det er vestlige alternativ. Kva så med Qadhafi, kva er hans alternativ? Vi kan berre gjette, men kanskje mulige:

A. Å gi seg, akseptere våpenkvilen og seie at nok er nok. Han har nå styring med vest-Libya, og aust-Libya (Cyrenaica) vil da bli ein "lausriven sone" under dei alliertes luftparaply. Han har ikkje muligheit til å rykke forbi Benghazi utan å bli bomba (nivå 3), så Tripolitania kan vere nok, iallfall for nå.

B. Å la flya stå på bakken, men fortsette bakkekrigen mot Benghazi. Trulig er ikkje det noe alternativ nå, sidan dei allierte da sikkert vil iallfall bombe troppetransportar på landevegen.

C. Å utfordre flyforbudet, sende opp sine fly for å bli skutt ned, og dermed få martyrstempelet mot imperialistanes forsøk på å styre Libya. Det ville vere klassisk Qadhafi. Dersom det er sant at pilotane hans er utanlandske leigesoldatar er dei kanskje mindre motiverte til å bli martyrar, men det kan ikkje utelukkas.

Nå er altså meldingane frå Libya at han velger alternativ A: Han har erklært våpenkvile. Eller rettare, blanding av A og B: Misurata er komme under kraftige angrep i dag, og frå fjella i vest (Zintan, Nalut) blir det også nå meldt at dei er blitt bomba etter å ha vore i fred ei tid. Kanskje det betyr at han vil "renske opp" i vest før han blir låst fast i våpenkvile, kanskje han reknar med at nivå 4 (bombing i byar) ikkje vil bli nådd. Eller kanskje det berre er munnsvær. Det vil vise seg i timane og dagane som kjem. Kanskje før du har lest dette.

torsdag 17. mars 2011

Midtausten: Oppsummering

Ei oversikt over utviklinga i ulike land dei siste dagane,

Libya: Litt motstridande meldingar frå austfronten i dag tidlig; BBC melder at opprørane fortsatt prøver å forsvare Ajdabiyya, mens dei fleste rapporterte i går at byen er tapt. Le Monde hadde den mest utfyllande rapporten: Mens opprørane gav opp dei første småbyane stort sett utan kamp, var det faktisk forsøk på organisert motstand styrt av profesjonelle offiserar utanfor Ajdabiyya. Men det viste seg snart nyttelaus, kampen var over på 45 minutt, og ordren om å trekke seg tilbake vart gitt. Regimestyrkane klarte å gå rundt byen og sperre inne dei som ikkje var komme unna. Det kan vere dei som idag prøver å halde ut.
    Vi veit ikkje om regimetroppane har begynt å nærme seg Benghazi, men rapportane seier det er stille der og ingen tegn til at opprørshæren førebur motstand. På den andre sida er Benghazi ein langt større by enn dei andre, og dersom Qadhafis styrkar her faktisk berre er på to-tre tusen mann, kan det ta dei lenger tid å få kontroll enn Sayf al-Islams "48 timar". Dersom det altså blir gjort forsøk på å hindre dei.

Derimot skreiv vi sist at ingen har hørt frå områda sørvest for Tripoli. Nå har Le Monde hatt ein reportar inne der i småbyen Zintan oppe i Jabal Gharb-fjella. Guardians kart viser at denne byen var tatt tilbake 1. mars, men dette er feil, Monde fann ein by styrt av opprørar som venter på oppgjeret. Regimet har latt området vere i fred så langt, der oppe i fjella er byane bedre beskytta av naturen. Men dei har, ifølge reportaren, ingen militær muligheit til å svare på ein større offensiv frå regimet, når den måtte komme. Så langt er det likevel iallfall to opprørsstyrte regionar igjen i vest, Jabal Gharb og kystbyen Misrata.

Bahrain står for den andre dramatiske utviklinga, der vi faktisk har hatt ein saudi-arabisk innmarsj med ca. 1000 soldatar. Dette har ført til ei dramatisk forverring av stoda, soldatar (ukjent om innanlandske eller saudiske) har med hard hand rydda Perleplassen som demonstrantane heldt så lenge. Her trudde eg lenge at resultatet ville bli ei forhandlingsløysing, fordi demonstrantanes krav ikkje var urealistiske (først og fremst at statsministeren skulle gå), fordi det shi'iske protestpartiet Wifaq hadde arbeidd med regimet før, og fordi både kongen og ikkje minst USA ønska ei fredelig løysing (amerikansk flåtebase). Men her har Saudi-Arabia kjørt sitt eige løp, gjennom Gulf-rådet. Det ser ut som om dei ikkje ønska ei minnelig løysing, sidan ei slik nødvendigvis ville bety ei betring for shi'iane, og det kunne føre til at den shi'iske minoriteten i Saudi-Arabia rett over bukta (som òg har demonstrert) ville få blod på tann. Saudiane er ikkje interessert i å gi dei noen konsesjonar og tvang fram ei hard løysing i Bahrain for at kongen ikkje skulle gi etter. Er det slik, så er bahrainarane ofra på den saudiske stabilitetens alter.

Syria: I forgårs demonstrerte 150 personar i Hamidiyya-suqen (for dei som er lokalkjent) i Damaskus for demokrati, men vart raskt brutt opp av politiet. I går var det ein ny mindre demonstrasjon for å få frigitt fanger. Endelig kom altså "bølgen" også til Syria, som ein har venta på, men ikkje i større omfang enn at det er fleire politifolk enn demonstrantar, og regimet treng ikkje halde pusten.

Palestina: Her har det nær sagt vore omvendt resten: Mens ein elles demonstrerer mot sittande regimer, så har "facebook-folket" i Gaza og på Vestbredden (Ramallah) demonstrert for. Meir konkret at dei to rivaliserande partia, Fatah og Hamas, skal komme sammen i ei samlingsregjering. Eit genuint krav nedanfrå, men diverre har begge partia stilt seg bak ved at den andre parten må gi seg og sleppe "oss" inn; Hamas noe meir hardhendt enn Fatah denne gongen. Men det er iallfall interessant med eit uavhengig politisk initiativ som kjem utanfrå dei to "gamle".

Algerie: Forsøka på demonstrasjonar har også her vore halde under kontroll. Men det er interessant at regimet har lova dramatiske lønnsauker, meir enn dobling for noen grupper statstilsette, heilt tydelig for å hindre den "sosiale dimensjonen" i opprøra, kjensla av aukande fattigdom. Viktig er også at dei har legalisert den uformelle grensehandelen "trebendo", som mange fattige har livnært seg med, men som var uglesett av styresmaktene. Algerie er jo spesielt fordi så mange "vanlig folk" hugsar borgarkrigen på 1990-tallet, og mange gir nok president Bouteflika iallfall ein del av æren for at denne vart avslutta. I Algerie har vi jo også faktisk ei Qa'ida-gruppe (AQMI, egentlig den siste fraksjonen av den ekstreme islamistgeriljaen GIA frå 90-tallet). Dei opererer nå mye i og sør for Sahara, og har ikkje gjort så mye av seg i revolusjonsbølgen, men i Algerie er dei også ein faktor som kan legge ein demper på demonstrasjonslysta.

Marokko: Kongen har komme protestane delvis i møte. Landet har alltid hatt fleirparti-val, der ein valseier har ført til regjeringsskifte. Men det har ikkje vore noen automatikk i dette: Kongen (den gamle som den nye) vurderte "den politiske situasjonen" etter kvart val, og bestemte sjøl kven som skulle få regjeringsoppdrag. Kanskje dei som vann valet, kanskje ikkje. Det som nå er foreslått er at parlamentet sjøl skal utpeike, altså eit parlamentarisk styre der regjeringa må ha fleirtal i val. Mange i demokrati-rørsla ser dette som eit grunnleggande steg mot demokrati. Men andre er misnøgde med at kongen fortsatt insisterer på si "hellige" rolle som landets leiar, og er redd at autokratiet vil halde fram. Det har derfor vore mindre demonstrasjonar også etterpå, og det spesielt den ikkje godkjente islamist-rørsla "Adl wa-Ihsane" til shaykh Yassine som har demonstrert.

Jemen: Protestane held fram, og har i dag spreidd seg til havnebyen Hudayda, med over hundre såra, det har også vore sammenstøytar i nord. Presidenten Salih har lova reformar som skal medføre parlamentarisk styre, men dei blir ikkje godtatt av demonstrantane. Det er fortsatt uklart for meg i kva grad dei ulike regionale protestane står sammen, det finnes eit fellesråd, men eg har ikkje sett kor mye dei representerer.

Egypt: Vi ventar på folkerøystinga om grunnlovsendringa kommande laurdag. Nå er opposisjonen delt: Dei fleste av "Tahrir-ungdommens" organisasjonar seier nei til grunnlovsforslaget fordi det er for begrensa og ikkje vil endre regimet tilstrekkelig; det samme seier dei fleste mindre opposisjonspartia og presidentkandidatane Amr Moussa og ElBaradei. Derimot er dei to store partia - og absolutte motpolane - regjeringspartiet NDP og det Muslimske Brorskapet for. Dette går også mye på muligheita for nye krefter å organisere seg og komme til i valet, i forhold til dei alt etablerte (dei to store). Vi får sjå kva som skjer på laurdag, men om det blir slik at kjøttvekta rår, og grunnlovsforslaget får fleirtal mens Tahrirs talsmenn er imot, kan det bli om ikkje kritisk, så iallfall skjellsettande for korleis dei politiske skillelinene vil gå framover.

Elles kan vi nemne at det også har vore små demonstrasjonar i Oman, så nå begynner snart "kvart land få sin" del av bølgen. Men desverre kan nok det trulig kommande nederlaget i Libya og konsekvensane av det legge ein dempar på større nye oppreister i regionen.

tirsdag 15. mars 2011

Libya: stoda

Med alt som skjer i Japan, blir det mindre detaljar frå Libya, så kanskje vi skal prøve å oppdatere litt ut frå det vi veit.

På "vestfronten" ser det ut til at byen Zuwara nå er tatt av regime-soldatar. Zuwara ligg lenger vest enn Zawiya, ikkje så langt frå den tunisiske grensa. Det ser ut til å vere den siste kystbyen vest for Tripoli som vart halde av opprørane. Zuwara er forøvrig spesiell fordi den er dominert av berberar, som elles har eit område i fjellandskapet Jabal Nafusa sør for byen. På dei fleste karta over konflikten er dette eit område som opprøret fortsatt held, sjøl om det nok er mest fordi vi ikkje har hørt noe anna. Rapportane om at opprørane hadde tatt småbyane der (som Zintan, Yefren, Nalut) kom frå flyktningar som kom over til Tunis, og vi har ikkje hørt meir frå slike. Men det kan altså vere eit område i innlandet som fortsatt er omstridt.

I det austlige Tripolitania er Misrata fortsatt omringa, men det ser ut til at presset har letta litt dei siste par-tre dagane. Det er ein relativt stor og viktig by, og det siste større bruhodet for opprøret i det vestlige Libya.

På grensa mellom aust og vest ser stoda ut, akkurat nå midt på dagen tysdag, ut til å vere at Ajdabiya blir bomba frå lufta, mens opprørane påstår at dei nå kjemper utanfor Brega (det er ikkje bekrefta, sjøl om fleire byrå melder det frå samme kjelde). Tidligare sa det at dei hadde "tatt tilbake" byen, noe som kunne tyde på at Qadhafi-styrkane ikkje rykker så fort fram på bakken som i lufta.
Alle desse stadene langs Syrte-bukta blir kalla "byar", men om ein sjekker dei ut i Google Earth (som gir gode bilder her), ser ein at dei: Ben Jawwad, Ras Lanuf og Brega (Burayqa) heller kan kallas "landsbyar" med kanskje eit hundretals hus i velorganiserte kvartal, openbart ganske nye og sikkert bygd for dei som arbeider ved oljelagera. Ajdabiyya derimot er ein gammal og større by (vel 100.000 innbyggarar), og eit viktig kommunikasjonssentrum i historisk tid. I dag er det sentrale det ein ser i kartutsnittet over: Frå Ajdabiyya går det ein veg rett austover inn i landet som omgår opprørssentra som Benghazi, Baida og Derna. Dersom regimet tar Ajdabiyya (eller kan gå rundt byen), kan dei kutte rett aust mot den austligaste byen Tobruk og kanskje nå den egyptiske grensa, stenge denne og angripe kystbyane frå begge kantar. Ajdabiyya blir derfor mye viktigare enn dei andre småbyane, som berre er punktar på ein veg.

Vi får altså avvente den militære utviklinga. Utlandet er, som vi ser, relativt makteslause. Det pågår ein krangel mellom EU (som meiner snakket om å gripe inn militært kjem av "desperasjon") og England og Frankrike. Uansett, om Qadhafis offensiv fortsetter med samme fart blir spørsmålet akademisk, ein vil ikkje rekke å opprette sona. Og problemet er som før, at det er lite trulig at ein slik sone vil gjere stort frå eller til. Regimet drar nytte av flyangrepa sine, men det er tanks og langtrekkande artilleri som opprørane ikkje har svar på. Dersom ein innfører ein flysone og har nøytralisert flyplassar og luftvern, men Qadhafis tanks likevel rykker fram mot opprørsbyane, kva skal så vestmaktene gjere? Sitte rolig og sjå på? Bombe Qadhafis landstyrkar? Og kva om det ikkje er nok, eller det kjem for seint? Har ein først involvert seg militært, er ein politisk bunden til å følge opp heilt til seieren, og dersom opprøret faktisk ikkje klarer lenger å gi noe alvorlig bidrag - Le Monde skriv at "her ved Ajdabiyya er det ingen att; motstanden har fordufta, trulig reist tilbake til sine heimbyar i påvente av det som skjer" - så blir det meir og meir ein seier på Vestens bajonettar. At den Arabiske Liga har gitt ei halvhjerta støtte (ja til flyforbud, nei til intervensjon) endrar ikkje det vesentlig. Og da kan vi ha eit nytt Irak. På den andre sida: Om ein gjer ingenting, og Qadhafi vinn, vil hevnen opplagt bli blodig og omfattande, tusnar og meir av dei som ikkje klarer å rømme unna vil betale prisen. Det er utålelig for dei som meiner at "vi kan ikkje la dette skje". Problemet er berre om "vi" faktisk har noen muligheit for å unngå eit utålelig resultatet, anten ein gjer det eine eller det andre.

***

Av anna nytt, utvikling i noe vi skreiv om Egypt: Det Muslimske Brorskapet har idag gitt motstridande signal om det spørsmålet vi meinte kunne bli ein grenseoppgang: Kan ein kristen eller kvinne bli president? Eit leiande medlem seier at deira nye parti ("Fridom og Rettferd") vil svare Nei på det: Alle postar er opne unntatt akkurat denne. Mens talsmannen for MB (Mohammed Morsi) seier at partiet står for ein "sivil" og ikkje ein religiøs stat, med like rettar for koptarane. Så får ein sjå korleis dei to syna blir foreint.

*** Teknisk fotnote ***

Denne bloggen vart oppretta som eit eksperiment, for å prøve å finne ut av "bloggverda". Eg spekulerte f.eks. på korleis "følgarane" kunne få melding om nye blogginnlegg. Dei meir teknisk kyndige veit nok det alt, men for andre, så ligg svaret i det som blir kalla RSS eller "nyheitsstraum". Ved denne funksjonen kan ein abonnere på meldingar frå bloggen.
      - I Mail (Apple) finn du dette under menyen Arkiv: Legg til RSS-strømmer..., set inn adressa vår, http://knutsvblogg.blogspot.com og OK.
      - I Outlook og Thunderbird oppretter du ein ny "Account", velger alternativet "RSS feeds / RSS News" og set inn adressa (i Thunderbird først namn på kontoen, så adressa).
        I begge tilfeller dukker det da opp ei eiga postkasse / mappe kalla "RSS", dit varsel om nye meldingar blir sendt. Eg har nå satt instillinga slik at varselet innheld dei tre-fire første linene, med ei lenke "Les mer" som fører til bloggen.
       Gamle Eudora, iPhone Mail og web-baserte epostprogram som Hotmail, GMail, og Yahoo!Mail ser ikkje ut til å ha RSS-funksjonar, men dei to siste iallfall har separate RSS-funksjonar (Google Reader, MyYahoo).

torsdag 10. mars 2011

Libya: Flyforbud?

Interessant utvikling på bloggen nå, legg merke til kommentaren på gårsdagens innlegg, som kom frå ein lesar som sit i Jemen og kunne gi utfyllande opplysingar. Viktig nytt!

På Libya-fronten går altså det meste av debatten nå om ein mulig flyforbudssone, mens kampane blir meir ein stillingskrig. Mange ønsker at omverda skal komme opprøret til unnsetning, men eg er skeptisk til ein slik flyforbudssone, ut frå kva det konkret vil innebære. Eg er rett nok ingen militærekspert, og det som kjem her bygger i hovudsak på ei oppsummering som Le Monde gjorde (6.3.11) om kva eit slikt vedtak innebærer.

I sum, så er det to aspekt. For det første må ein bli einige om kva ein slik sone skal bety. For det andre, kva er forholdet mellom "flyforbud" og "utanlandsk intervensjon"?

Spørsmål ein må avgjere er:

- Skal sonen dekke heile Libya, eller berre ein del av landet (f.eks. kyststripa)? Det har stor betydning for kva slags ressursar som må settas inn, sona berre over vesle Kosovo medførte 1000 flyoppdrag pr. dag for å kontrollere at forbudet vart halde oppe. Å dekke heile Libya vil trulig vere unødvendig, men berre den lange kysten frå Tunisia til Egypt vil kreve store flyressursar.

- Kva skal målet vere, å stanse berre militærfly, eller å opprette "kill boxes" som amerikanarane kallar det, der alt som lettar frå bakken blir skutt ned? Det siste er enklare å gjennomføre, og vil da også støtte dei økonomiske sanksjonane som er innført. Europearane er skeptisk til dette, men da må ein vere i stand til å skille mellom militære og sivile oppdrag (Qadhafi-regimet vil jo ikkje samarbeide om å skille). Franske militære vil også berre samle seg om jagar- og bombefly, ikkje helikopter, trulig av militærfaglige grunnar. Helikopter har vi ikkje sett så mye til ennå, men Qadhafi har ein god del moderne kamphelikopter som kan bli avgjerande i strid.

Kva gjeld forholdet mellom "flyforbud" og "utanlandsk intervensjon", er spørsmålet i kor stor grad det eine medfører det andre.

Kor mye samarbeid på bakken vil f.eks. vere nødvendig? Ideelt bør flya vere støtta med bakkeradar i Libya for å oppdage fiendtlige fly. Dette er urealistisk, derfor må ein i staden bruke AWACS-radarfly. Berre USA, Frankrike og Storbritannia har slike.
I tillegg vil det trulig vere behov for alliert etterretning på bakken. Dette gjeld ikkje minst i den første fasen, som vil vere å slå ut (bombe) libyiske anti-luftskyts, kanskje også militære flyplassar osv. for å gjere det umulig for fienden å true allierte overflygingar. Utan lokal etterretning vil slike bombetoktar bli mindre presise og meir utsatt for faren for å treffe feil, f.eks. treffe sivile mål i nærheita.

Dette siste er kanskje det mest sensitive. Å sende alliert etterretning (spionar) inn utan opprørshærens kunnskap vil vere ein brannfakkel som vil splitte desse frå dei allierte. For dei å godkjenne slike utanlandske soldatar vil vere politisk umulig, så intens motstanden mot fremmed intervensjon er på opprørssida. Å bombe utan lokal etterretning og risikere sivile tap i regionar som kanskje vippar mellom å støtte Qadhafi og å støtte opprøret, vil også vere politisk svært risikabelt.

Poenget er altså at det er ei populær oppfatning, både mellom opprørarane og i vestlig opinion, at flyforbudssonar er eit slags konkret handslag utan å vere direkte intervensjon, mens den militære realiteten er at ein slik sone faktisk er ein intervensjon, at Vesten går inn i krigen, og dermed også tar eit ansvar for korleis krigen utviklar seg - f.eks. ansvar for sivile tap - og kanskje også for det som skjer etterpå. Da begynner det å likne på vestens større intervensjonar i Somalia, Irak og Afghanistan, der ein i alle tilfeller vel må si at vestlig militær innblanding har vorte ein magnet for motstand, og gjerne også motstand som ikkje nødvendigvis spring ut av støtte til falne diktatoren. Ein kan ikkje blande seg "litt" inn i ein krig.

Ein annan kanskje overraskande observasjon gjort av militærfaglige er at, iallfall på papiret, har Qadhafi faktisk vore ganske tilbakehaldande i militær maktbruk. Han har brukt tanks mot opprørarar og demonstrantar, ja, men ikkje mange. Bortsett frå dei siste to dagane, da 50 tanks gjekk inn i Zawiya, har det sjeldan vore meir enn 4-5 tanks satt inn i kampane, mens han skal ha over 1000 tanks til rådvelde. Utviklinga i Zawiya nå har jo nettopp vist at når større tall tanks vart satt inn, hadde opprørane vanskelig med å svare. Så kvifor vart dei ikkje brukt før? Logistikk? Ubrukbart utstyr? Mangel på tiltru til soldatane (men dei beste våpna var jo hos dei mest lojale brigadane)? Noen tippar at Qadhafi nettopp ønsker å unngå store sivile massakrar, ikkje av humanitære omsyn, men fordi store tap  kan mobilisere stammelojalitet hos dei som da ville bli ramma hardt, også hos stammar (stammeleiarar) som kanskje nå sitter på gjerdet og venter for å sjå kven som får overtaket.

Kampfly har også faktisk vore lite brukt til anna enn overflygingar, det meste av bombingane har vore med artilleri. Flya har først og fremst ført til ein sterk frykt hos opprørane, som har gitt spredning av rykter, f.eks. da eit ammunisjonslager utanfor Benghazi eksploderte etter eit uhell vart det lenge rapportert at byen var blitt bomba av jagerfly. Ei flyforbudssone vil kanskje derfor først og fremst ha ein psykologisk effekt på opprørane. Men dersom dei oppdagar at dette medfører at kampen deira er blitt USAs og Vestens kamp, vil det raskt slå motsatt veg og sette mange om ikkje alle av dei mot utlendingane.

onsdag 9. mars 2011

Jemen: Kva slags forandringar?

Vi har ein gjesteskribent her i dag. Eirik Hovden, som er phd-stipendiat på Jemen, sendte meg ein epost eg, med hans godkjenning, synes kan gjeras kjent for fleire:


Veldig spennede dager i Jemen.

I går, på ulike nyhetskanaler ble det henvist til skyting på demonstranter i Sanaa.

Man kunne kanskje forvente for et par uker siden at ting skulle begynne å roe seg litt og at regimet fikk festet grepet igjen, men det ser ut som om den motsatte trenden er det som skjer. Demonstrasjonene fortsetter og regimets sikkerhetsapparat slår svært hardt ned på demonstrasjonene, de skyter med skarpt, noe som igjen får flere som sitter på gjerdet til å kritisere regimet offentlig.

I byen der jeg gjorde feltarbeid til masteroppgaven, Hajja, har det nå vært daglige demonstrasjoner på stadionen i 7-8 dager. Det er en liten, ellers rolig by på ca 50.000 innbyggere, hvor alle med makt kjenner alle. Allikevel tør ikke det lokale regimet gripe inn. Det virker som om protestkulturen sprer seg til andre grupper enn bare de politisk intresserte og studenter, og nyhetene sprer seg. Regimet har flere ganger de siste dagene kuttet Facebook-tilgangen og stengt ned mange nettsider. (det er viktig å huske at de fleste i Jemen ikke har internett via kabel, men via mobilen. De siste par årene har mange fått seg slike mobiler, de er billige og veksten har vært enorm. Spørsmålet er om det er mange nok prosentvis i befolkningen til å lage en "facebook-effekt".) Nyhetsstrømen om det som skjer er relativt liten sammenlignet med dekningen av Kairo-hendelsene, men mye dokumentasjon har blitt lagt ut på sider på YouTube ol, det handler nok litt om at dette "narrativet" av ulike grunner ikke når igjennom vestlig media på samme måte som det som skjedde i Kairo. Kanskje det er for komplisert?

De siste dagene kan vi lese om forhandlinger, ikke bare med opposisjonspartiene, men også med stammeledere og religiøse autoriteter. Abdul Majid al-Zindani ("sjefs-islamist") har blitt omtalt som en sentral talsperson for ulama som forhandler med Salih, men han er mildt sagt konservativ og kontroversiell, og stammeledere som al-Ahmar-familien er jo ikke akkurat liberalt orienterte de heller, og det er milevis fra disse til hva de mer liberale demonstrantene ønsker, så det er kraftige politiske spenninger som kommer til overlfaten disse dagene. Jeg tror det er dette som skremmer mange jemenitter fra å fullt ut delta, for usikkerheten for framtiden er det store problemet som nevnes av de få jeg har snakket med. (Vil de statsansatte få lønn om ting skulle rakne, dvs det som gir penger inn i lokaløknomien? Vil prisene på mat og drivstoff skyte i været? Vil man kunne få tak i billig nok diesel til transport, generatorene og vannpumpene?) Regimet har ikke nok penger til å kjøpe seg lojalitet, slik som andre regimer i samme situasjon har gjort.

At disse ukene ser ut til å forandre "noe" er sikkert. Mange, og spesielt den unge, urbane generasjonen har fått en helt ny politisk bevisshet. Spørsmålet er hvor langt sikkerhetspolitiet og spesialstyrkene (som begge finnes i flere parallelle utgaver) er villige til å gå, og om de i det hele tatt kan tenkes å tre inn under en "ikke-Salih" regjering. Dersom disse sikkerhetsapparatene, som utgjør kjernen i staten, kun svarer til Salih og hans krets blir dette vanskelig. Dersom de skal oppløse seg selv og sine formål, dvs å beskytte regimet og seg selv, så må det omfattende reforhandlinger til, siden mange i disse byråene og nettverkene er samtidig viktige økonomiske aktører. Noen vil sikkert bryte ut eller stille seg nøytrale, mens andre som har mer å tape, vil stå med presidenten. Det generelle er nok at "alle" prøver å helgardere seg, samtidig som dette blir vanskeligere dess mer vold og undertrykking som blir kjent i offentligheten. Slagordet som blir mye brukt blant demonstrantene, er isqat al-nizam, "å bringe ned regimet, samfunns-ordenen" og er jo klart nok, men revolusjon i ordets opprinnelige mening er det nok få som ønsker seg. Til det er det for mange som har ulike invisterte verdier som de risikerer å miste.

I en by som Sanaa er det mange av de som til nå har demonstrert som ikke har noe særlig med våpen, men i andre områder har jo folk dette hjemme, i massevis. Så langt så ser det ut til at det er mest av de liberale, "svake" gruppene som har protestert, mens i stammeområdene dermot, er ikke staten så viktig i utgangspunktet. Her blir godene fordelt gjennom lokale stammeledere. I områdene i sør (Ibb, Ta'izz) har store demonstrasjoner funnet sted. For ikke å snakke om Sør-Jemen. I disse områdene er de definitivt ikke interessert i at nye stammeledere fra nord skal overta staten for så å føre akkurat samme destruktive politikk som før. I områdene der stammene er sterkest (rundt Sana'a og nordover), tenker nok mange at store forandringer blir det ikke uansett. Så både klassemessig og regionalt sett er det mest de liberale og den unge generasjonen som protesterer, men i det siste har det vært de politiske aktørene langt til høyre (stammeorienterte + islamister) som ser ut til å proklamere at de har et "alternativ" til Salih og ønsker å "forhandle". Akkurat dette er et litt merkelig paradoks. Det har nok noe å gjøre med at disse stemmene som framstiller seg selv som alternativer, men egentlig ikke er de største uvennene med regimet. Den liberale motstanden er ikke forent. Før vi ser dette, er det mer riktig å snakke om omrokkeringer enn revolusjon.

Hvilke konkrete alternativer Saudi-Arabia ser for seg skulle vært interessant å visst. Revolusjon hos den folkerike naboen i sør vil de i hvert fall ikke ha.

søndag 6. mars 2011

Libya: stoda

Søndag kveld,

Eg sa vi ikkje her skal kommentere dag-til-dag-utvikling, sidan ikkje alle leser denne bloggen til dagen, og dagsnyheitene er etter kvart blitt meir fyldige med journalistar på staden.

Men berre eit forsøk på oppsummering:

Det er pr idag (ikveld) to ulike frontar:

Den eine er på grensa mellom aust og vest. Journalistane snakker om og viser bilder frå "Ras Lanuf", "Ben Jawad" og "Brega". Det er oljeinstallasjonar der, men det viktige er at dette er porten mellom aust- og vest-Libya. Desse, vi får får kalle dei landsbyar, heilt inst i Syrtebukta, ligg langs den einaste vegen langs kysten til aust-Libya. Her møter Sahara Middelhavet, utanfor vegen er det ikkje anna enn sanddyner, ingen befolking eller muligheit å komme seg fram med anna enn kamel (før ein kjem inn i landet eit godt stykke). Den som kontrollerer denne vegen kontrollerer derfor adgangen til aust-Libya.

Pr idag er dette altså frontline. Som ein vil sjå på Google, er "Brega" (Mersa al-Burayqa på kartet) litt på austsida av bunnen av bukta, Ras Lanuf litt på vestsida, mens fronten står ved Ben Jawad, enda noen mil lenger vest, og ca. 10 mil aust for Syrte. Syrte er ein liten by, men har ein stor militærbase og flyplass som altså er kontrollert av Qadhafi-styrkar. Dei har likevel ikkje klart å drive opprørarne tilbake, og har altså ikkje brukt tyngre våpen enn raske Toyotaer med maskingevær, typisk "ørkengerilja-våpen".

Den andre fronten er kystbyane i vest. Der er det ikkje journalistar, men langt hardare og viktigare kampar. Den største byen utanom Tripoli og Benghazi er Misrata, 15 mil aust for Tripoli, som opprøret har halde ei veke nå. I dag satte regimet inn eit motstøt, for første gong der med tanks (også brukt i Zawiya lenger vest dagen før). Det ser altså ut som om regimet ikkje har klart å få fram slike langt tyngre våpen før nå. Men det ser ut til å vere bekrefta i kveld (videoar) at opprørane også i Misrata i løpet av dagen har klart å tvinge tanksane tilbake frå bykjernen. Det er derimot ikkje klart kor dei står, om byen nå er omringa eller ei. Likevel er det klart eit psykologisk nederlag at dei måtte trekke seg tilbake.

Minst to, kanskje fleire mindre byar er likevel falle, og det ser ut som om Qadhafi har kontroll over det meste av kysten vest for Zawiya.

Men iallfall, hald utkikk på kva som skjer i Misrata, Zawiya og evt. andre småbyar i vest som Zuwara og Sebratha. Klarer Qadhafi å vinne dei, men ikkje å ta kystvegen, er Libya delt i to. Klarer opprøret å bite seg fast i byane i vest, vil mye stå på uthaldenheit, og ikkje minst kven som har best forsyningsliner (mat, vatn, osv.). På det andre haldet, dersom aust-libyarane har noen tanke om å komme dei i vest til unnsetning, må dei få kontroll over Syrte. -- Vel, la dagsnyheitene halde følge med korleis det går ved frontane.

fredag 4. mars 2011

Libya og islamisme

Travle tider, vi hører alle nytt frå Libya og andre land jamnlig. Vi har ikkje kommentert hendingane dag til dag her, for før noen har lest det er det kanskje forelda! Det er kanskje bedre å kommentere litt lange linjer.

Ei slik er plassen for islamisme, radikal og ikkje, i Libya. I eit debattforum eg er med i kom det opp spørsmål om det Muslimske Brorskapets rolle i Libya, og evt. samband med dei islamske geriljaen på 1990-tallet, den "Libyiske Islamske Kampgruppa" (al-Jamâ'a al-islâmiyya al-muqâtlia). Wikipedia-artikkelen på MB antyder nemlig eit slikt samband, som eg i utgangspunktet tvilte på. Eg prøvde derfor i noen fart å kikke gjennom det eg har av litteratur for å finne ut litt om MB og historia til denne LIKG. Eg fann ikkje heilt klare svar, men her er det eg fann:

Qaddhafis og opposisjonens forhold til islam og islamisme gir tydeligvis eit ganske forvirrande bilde i litteraturen, naturligvis pga Qaddhafis undertrykking, men også fordi det ikkje er publisert så mye oversiktsarbeid på Brorskapets internasjonale kontaktar i nyare tid.

Men noen element ser ut til å avteikne seg, det kan vere nokolunde slik:

- Under kongedømmet på 1950-tallet etablerte ei grein av Brorskapet (MB) seg i Libya (frå moderorganisasjonen i Egypt). Den stod i opposisjon til kongen, som også var leiar for ein (tradisjonell) sufi-orden, ein type islam MB er kritisk til. Kongens basis var jo i aust, Cyrenaica, og det kan virke som (sjøl om eg ikkje skal si det sikkert) at denne gruppa hadde mest basis i vest, i Tripoli.

- Qadhafi har hatt eit svært vekslande forhold til islam, men ei fast line har vore frenetisk hat mot MB, arva frå motsetninga mellom hans mentor Nasser og MB i Egypt. Det vart for han eit namn på all type religiøs opposisjon, enten det egentlig var det tradisjonelle religiøse leiarar eller jihadistar, så var det "Muslim Brothers" for han. Dei vart arrestert, og det ser ut som om i løpet av 1970-tallet vart dei fysisk eliminert; alle mulige medlemmer "forsvann". Etter 1980 finn eg ikkje henvisningar til noe som kallar seg "Muslimske Brorskapet" inne i Libya men derimot at MB frå utlandet angriper Qaddhafis forskjellige utspill.

- Noen av dei som unnslapp undertrykkinga kan ha slutta seg til den mest markerte motstandsfronten frå 1980, "Inqat", eller Libyas Nasjonale Redningsfront, som ser ut til å ha vore ein allianse mellom alle typar opposisjon, også noen islamistar, og med sterk støtte frå USA. Denne forsøkte noen attentatforsøk på Qaddhafi, som trappa opp undertrykkinga, og gruppa ser ut til å ha forsvunne rundt 1985.

- På 1980-tallet oppstod det ei rekke ulike små opprør med islamistisk bakgrunn, spesielt i aust, kanskje også på basis av Qaddhafis nå klart sekulære line og relativt eksentriske forsøk på å nytolke islam. I 1984 vart to studentar hengt i Benghazi, og det gav spore til fleire forsøk på attentat eller gerilja. Ingen av desse var meir enn smågrupper, knapt det, men brukte namn som "Jihad", "Islamsk Frigjeringsfront", osv. Det er uklart om noen av dei hadde kontaktar utanfor Libya. Dei vart nedkjempa etter kvart, og mange av dei som redda seg unna reiste til Afghanistan og deltok i krigen der.

- Kanskje rundt 1990, men offisielt frå 1995, samla noen av dei heimvendte frå Afghanistan seg og oppretta "Libyas Islamske Kampgruppe" som starta ein gerilja i fjella i aust. Også desse ser altså ut til å ha basis i Cyrenaica. Dei brukte litt ulike namn, også Libyas Islamske Gruppe og andre; dette namnet kan også ha vore brukt av ei av 80-tallsgruppene, om eg minnes rett. Igjen var det mest spektakulære eit attentatforsøk på Qaddhafi i 1996, og han reagerte med å sette alle krefter inn på å knuse dei. Det var oppnådd i 1998, da reknar ein med at gruppa var utrydda inne i Libya, fengsla eller drept.

- Men den fortsatte i utlandet, og i 2007 hevda Qa'ida at LIKG hadde "slutta seg til" dei og trua med aksjonar i Vesten, mens dei tidligare hadde fordømt "9/11" og insistert på at dei berre kjempa mot Qaddhafi i Libya. Dei vart derfor satt på FNs og USAs terrorliste, og står der fortsatt så langt eg ser. Ein vil finne dei i mange "terror-analyser". Fleire Qa'ida-aktørar er jo også frå Libya.

Dette bandet til Qa'ida splitta gruppa, og i 2009 gjekk deira fremste talsmann ut og tok avstand frå Qa'ida; han publiserte eit dokument som på teologisk grunnlag viser korleis terror er i strid med islam (og som vart tatt alvorlig i dei kretsar). Samtidig vart mange av dei som vart fengsla i 1998 sluppe fri, mens to dusin andre vendte heim frå eksil etter på samme vis å ha tatt avstand frå vold og beklaga angrepet på Qaddhafi, etter "megling" frå vår venn Sayf al-Islam, son av Qaddhafi. Det finnes nok LIKG-medlemmer igjen i Qa'ida i utlandet, men det ser ut som om hovuddelen av den opprinnelige gruppa har gjort avbikt.

Eg har ikkje klart å finne noe samband mellom Brorskapet på 1960/70-tallet og jihadistane frå 1980-tallet, bortsett frå altså at noen enkeltpersonar kan ha gått inn i Inqat. Dersom Brorskapet hadde basis i Tripoli, og dei unge i Benghazi, kan det også ha vore eit skille. Uansett er det heile tida snakk om små grupper, kanskje tital opp i noen hundre for dei største, som oppstår og blir knust i den vedvarande undertrykkinga, så det er vanskelig å snakke om band mellom dei.

Det er historia, som altså er av interesse for spørsmålet om det idag finnes noen radikal og jihadistisk basis i Libya som kan slå til etter at Qaddhafi er fjerna. Svaret vil trulig vere nei, iallfall ingen organsasjon eller struktur, utover kanskje noen gamle nettverk. Noe heilt anna er om det finnes noen med slike tankar som kan vekse fram når undertrykkinga nå er over. Det veit vi ikkje, men det er rimelig trulig å rekne med at islamske tankemåtar vil vere eitt av fleire utgangspunkt for ein ny libyisk "nasjon". Men om Brorskapet som organisasjon (altså det egyptiske) vil ha noen spesiell rolle som inspirator er eg ikkje så sikker på. Kanskje dersom MB får stor innverknad i eit demokratisk Egypt (som nok ligg eit stykke inn i framtida), sidan Egypt er så viktig i regionen. Eg trur likevel at det er meir trulig at islam i Libya vil finne noen slags form gjennom stammeidentitetane, og dei vil trulig vere skeptiske til ein urban sentralisert organisasjon som MB, og kanskje med større innverknad frå tradisjonelle religiøse leiarar. Men dette vil jo vise seg, først får dei vinne fram med revolusjonen sin, og så ser vi kva betydning sjølve kampen vil få.

tirsdag 1. mars 2011

Egypt: Brorskapet og koptarane

I fjor haust fekk eg ei bok til melding med leveringsfrist enten i november eller mars. November var for tidlig, og det var like bra eg venta, for boka kunne knapt ha blitt meir dramatisk relevant enn ho vart på det halvåret: Ho dreide seg om egyptiske islamistar og Brorskapets syn på demokrati, politiske rettar og statsborgarskap, konkretisert på koptarane og om koptaranes svar på dette. (Rachel M. Scott, The Challenge of Political Islam: Non-Muslims and the Egyptian State. Stanford: Stanford University Press, 2010.)

Bakgrunnen er altså at Egypt, etter å gått gjennom ein "sekulær fase" i mellomkrigstida der koptarane oppnådde høge posisjonar, frå Sadats tid fokuserte meir og meir på å vere eit muslimsk land. Koptarane reagerte på dette ved langt på veg å legge vekk kravet om sekularisme (sjøl om det fortsatt finnes ein sterk sekulær tendens mellom dei) og samle seg om kyrkja, spesielt under den sterke nåverande pave Shenouda III. For dei er det viktigare å styrke koptaranes grupperettar enn eit - etter deira syn umulig, og kanskje også uønska - press for eit skille mellom religion og stat. Slik ønsker ikkje kyrkja meir enn islamistane at det skal bli lettare å skifte religion, sidan dei fryktar konvertering frå kristendom til islam kanskje meir enn noe anna. Individuelle rettar veg dermed lettare enn dei kollektive rettane til dei kristne om å bestå som gruppe.

Kva gjeld islamistane, ser dei forholdet mellom den muslimske staten og dei kristne gjennom eit eller begge av to begrep, dhimma og nasjonalstatens statsborgarskap (muwâtana). Dhimma er, som vi veit, det klassiske islamske systemet der "bokfolka" kristne og jødar blir tolerert og "beskytta" av den muslimske herskaren når dei betaler ein særlig skatt, jizya, som symboliserer deira underordning under den muslimske staten. Dette har vore islamistanes svar på forholdet til dei kristne; i den islamske staten må dhimma-systemet (som vart avskaffa i 1857) gjeninnføras på ein eller annan måte. Dette var det dominerande paradigmet for Brorskapets tenking heilt fram til 1980-tallet, og t.d. Qaradawis tekster frå denne tida er gjennomsyra av dhimma-tanken.
        Mange av dei meiner rett nok at forma på kontrakten må endras og moderniseras, slik at forholdet meir blir partnerskap enn underordning. T.d. var jizya i deira syn først og fremst eit historisk fenomen, ei "betaling" for statens beskytting sidan dei kristne ikkje vart bedt om å delta i forsvaret av landet. I det moderne Egypt er det vanlig verneplikt, utan omsyn til religion. Dermed deltar dei kristne nå sjøl i denne beskyttelsen av nasjonen, og begrunnelsen for noen jizya-skatt har falle bort. Ikkje desto mindre er det klart at begrepet er meint å innebære ein minoritetsposisjon; dei kristne er forventa å akseptere at Egypt er ein muslimsk stat.

Brorskapet har, meiner forfattaren, utan tvil akseptert fleirtalsdemokrati som statens grunnform. Rett nok står det fortsatt i Brorskapets grunnlag at ein ønsker ein islamsk stat bygd på Sharia. Men, seier mange av dei; definisjonen på ein islamsk stat er nettopp dette med Sharia, og i Egypts grunnlov står det i §2 at kjelda til lovene er "prinsippa i den islamske Shariaen". Dermed er Egypt i dag pr. definisjon ein islamsk stat, og dette målet er såleis oppnådd. Sharia er eit begrep som er opent for tolking, og så lenge prinsippa, som er velferd, rettferd, og eit moralsk samfunn, ligg til grunn, treng ikkje forma i dei klassiske lovene vere relevante i dag. Men når dei skal definere "fleirtal" er det likevel mange som tenker i gruppe, og ikkje i individ: Sidan muslimane openbart er i fleirtal i Egypt og dei kristne er i mindretall, betyr fleirtalsdemokrati at dei kristne må akseptere at lovene er bygd på fleirtalets religion, islam. Tanken om eit fleirtal bygd på individ med skiftande alliansar er langt mindre utvikla.

Dette meir tradisjonelle synet er i dei siste par tiåra blitt utfordra av ei retning som blir kalla wasatiyya, som kan omsettas med "det gyldne middelveg", eller "sentristane". Denne, med intellektulle som Tariq al-Bishri (nå leiar for grunnlovskommisjonen), Muhammad al-Awwa' og Muhammad 'Imara (Qaradawi er også knytt til dei), meiner at dhimma er eit forelda begrep. Det har ikkje basis i Koranen, men var eit system utvikla i middelalderen tilpassa tilhøva då. I dag lever vi i eit anna politisk system, nasjonalstaten, som nå er ramma for politisk tilhørigheit. Eldre islamistar meinte nasjonal tilhørigheit var mindre viktig enn religiøs, "heller bli styrt at muslimsk ikkje-egyptar enn ein ikkje-muslimsk egyptar". For sentristane går derimot det religiøse og det statsborgarlige på ulike nivå. Politiske rettar er ikkje knytt til religiøs tilhørigheit, men til det ikkje-religiøse nasjonale statsborgarskapet. Kristne koptarar deler sin egyptiske identitet med muslimane, og deltok skulder ved skulder i kampen for frigjeringa mot kolonialismen. Derfor skal muslimar i si politiske atferd ikkje gå ut frå det religiøse, ein muslim kan både nominere og stemme på ein kristen kandidat, til alle stillingar i samfunnet.

Wasatiyya er ikkje ein politisk organisasjon, men har inspirert (og gitt namn til) det vesle partiet Wasat, som nå er blitt legalisert. Meir viktig er kanskje situasjonen innan Brorskapet. Dette er så stort at det har mange retningar og oppfatningar, både geografisk og i generasjonar. "Liberalitet" går dels etter alder, men ikkje berre: I mindre avdelingar på landsbygda kan unge Brorskapsfolk stå for ganske konservative haldningar. På den andre sida er dei aller yngste i byane nok mest pågåande i liberal retning (som vi også såg da dei anspora Brorskapet til å ta del i opprøret). Grovt sett kan vi likevel snakke om ei "reformistisk" retning, der leiande namn er Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh og 'Issam 'Aryan, og ei "konservativ" retning, der den nåverande leiaren Muhammad Badi' er eit viktig namn.

Reformistanes oppfatningar fell langt på veg sammen med Wasatiyya sine i desse spørsmåla, og dei legg også nasjonalt muwatana, ikkje dhimma til grunn. Vekta mellom dei kan vi sjå i framlegga til politisk plattform til Brorskapet i 2003 og 2007. I det første er koptarane knapt nemnt, berre som "partnarar" i Egypt, noe dei neppe er nøgde med, dei fryktar å bli sett på som "gjester" i staden for likeverdige borgarar. Fire år seinare er det derimot begrepet muwâtana som ligg til grunn, og med det nasjonalstatens likebehandling av kristne og muslimar. Dette programmet vart likevel frosse, fordi det på andre punkt vart rekna som for konservativt og førte til store og resultatlause debattar innan organisasjonen.

Dette må likevel ikkje forvekslas med aksept av sekularisme. Det demokratiske systemet er eit islamsk demokratisk system, der religionen ligg til grunn for samfunnet. Dette er alle retningar, også dei mest liberale, samde om. Det betyr at det fortsatt ligg begrensingar til grunn. Den nemnde liberaliteten gjeld først og fremst kristne og andre bokfolk, og føreset at forholdet mellom desse ligg fast. Det er ikkje tilsvarande aksept for ateisme, knapt noen av desse kan tenke seg eit parti som agiterer for ateisme, og heller ikkje for individuell konvertering ut av islam. Baha'i møter store problem i Egypt, offisielt må dei enten registerere seg utan religion (noe som medfører problem) eller føre opp muslim eller kristen på ID-kortet. Dette er også eit stridstema, dei mest liberale vil opne aksept for at andre religionar enn dei tre gamle skal kunne bli offisielt registrert, men langt inn i Wasatiyya er dette problematisk. Det er også lettare for desse å akseptere t.d. at ein kommande president i Egypt skal vere kristen, enn å godta at ein kristen mann skal kunne gifte seg med ei muslimsk kvinne.

Den viktigaste boka om Wasatiyya-rørsla til nå har vore Raymond Baker, Islam without fear, som langt på veg er ein hyllest til rørsla. Scotts bok er langt meir sober, og viser også klart begrensingane i deira tankegang, så langt. Men det viktige er kanskje for oss nå, at den gir eit blikk inn i rammene som det Muslimske Brorskapets tenkning rundt politikk og demokrati går i, noe som openbart er heilt vesentlig framover. Det viser også dynamikken i denne tenkninga, med prinsippielle endringar berre over det siste tiåret, ein dynamikk som openbart vil bli påverka av dei politiske realitetane dei vil bli utsatt for dersom revolten i Egypt faktisk fører til eit reelt konkurrerande fleirparti-system.