tirsdag 15. mars 2011

Libya: stoda

Med alt som skjer i Japan, blir det mindre detaljar frå Libya, så kanskje vi skal prøve å oppdatere litt ut frå det vi veit.

På "vestfronten" ser det ut til at byen Zuwara nå er tatt av regime-soldatar. Zuwara ligg lenger vest enn Zawiya, ikkje så langt frå den tunisiske grensa. Det ser ut til å vere den siste kystbyen vest for Tripoli som vart halde av opprørane. Zuwara er forøvrig spesiell fordi den er dominert av berberar, som elles har eit område i fjellandskapet Jabal Nafusa sør for byen. På dei fleste karta over konflikten er dette eit område som opprøret fortsatt held, sjøl om det nok er mest fordi vi ikkje har hørt noe anna. Rapportane om at opprørane hadde tatt småbyane der (som Zintan, Yefren, Nalut) kom frå flyktningar som kom over til Tunis, og vi har ikkje hørt meir frå slike. Men det kan altså vere eit område i innlandet som fortsatt er omstridt.

I det austlige Tripolitania er Misrata fortsatt omringa, men det ser ut til at presset har letta litt dei siste par-tre dagane. Det er ein relativt stor og viktig by, og det siste større bruhodet for opprøret i det vestlige Libya.

På grensa mellom aust og vest ser stoda ut, akkurat nå midt på dagen tysdag, ut til å vere at Ajdabiya blir bomba frå lufta, mens opprørane påstår at dei nå kjemper utanfor Brega (det er ikkje bekrefta, sjøl om fleire byrå melder det frå samme kjelde). Tidligare sa det at dei hadde "tatt tilbake" byen, noe som kunne tyde på at Qadhafi-styrkane ikkje rykker så fort fram på bakken som i lufta.
Alle desse stadene langs Syrte-bukta blir kalla "byar", men om ein sjekker dei ut i Google Earth (som gir gode bilder her), ser ein at dei: Ben Jawwad, Ras Lanuf og Brega (Burayqa) heller kan kallas "landsbyar" med kanskje eit hundretals hus i velorganiserte kvartal, openbart ganske nye og sikkert bygd for dei som arbeider ved oljelagera. Ajdabiyya derimot er ein gammal og større by (vel 100.000 innbyggarar), og eit viktig kommunikasjonssentrum i historisk tid. I dag er det sentrale det ein ser i kartutsnittet over: Frå Ajdabiyya går det ein veg rett austover inn i landet som omgår opprørssentra som Benghazi, Baida og Derna. Dersom regimet tar Ajdabiyya (eller kan gå rundt byen), kan dei kutte rett aust mot den austligaste byen Tobruk og kanskje nå den egyptiske grensa, stenge denne og angripe kystbyane frå begge kantar. Ajdabiyya blir derfor mye viktigare enn dei andre småbyane, som berre er punktar på ein veg.

Vi får altså avvente den militære utviklinga. Utlandet er, som vi ser, relativt makteslause. Det pågår ein krangel mellom EU (som meiner snakket om å gripe inn militært kjem av "desperasjon") og England og Frankrike. Uansett, om Qadhafis offensiv fortsetter med samme fart blir spørsmålet akademisk, ein vil ikkje rekke å opprette sona. Og problemet er som før, at det er lite trulig at ein slik sone vil gjere stort frå eller til. Regimet drar nytte av flyangrepa sine, men det er tanks og langtrekkande artilleri som opprørane ikkje har svar på. Dersom ein innfører ein flysone og har nøytralisert flyplassar og luftvern, men Qadhafis tanks likevel rykker fram mot opprørsbyane, kva skal så vestmaktene gjere? Sitte rolig og sjå på? Bombe Qadhafis landstyrkar? Og kva om det ikkje er nok, eller det kjem for seint? Har ein først involvert seg militært, er ein politisk bunden til å følge opp heilt til seieren, og dersom opprøret faktisk ikkje klarer lenger å gi noe alvorlig bidrag - Le Monde skriv at "her ved Ajdabiyya er det ingen att; motstanden har fordufta, trulig reist tilbake til sine heimbyar i påvente av det som skjer" - så blir det meir og meir ein seier på Vestens bajonettar. At den Arabiske Liga har gitt ei halvhjerta støtte (ja til flyforbud, nei til intervensjon) endrar ikkje det vesentlig. Og da kan vi ha eit nytt Irak. På den andre sida: Om ein gjer ingenting, og Qadhafi vinn, vil hevnen opplagt bli blodig og omfattande, tusnar og meir av dei som ikkje klarer å rømme unna vil betale prisen. Det er utålelig for dei som meiner at "vi kan ikkje la dette skje". Problemet er berre om "vi" faktisk har noen muligheit for å unngå eit utålelig resultatet, anten ein gjer det eine eller det andre.

***

Av anna nytt, utvikling i noe vi skreiv om Egypt: Det Muslimske Brorskapet har idag gitt motstridande signal om det spørsmålet vi meinte kunne bli ein grenseoppgang: Kan ein kristen eller kvinne bli president? Eit leiande medlem seier at deira nye parti ("Fridom og Rettferd") vil svare Nei på det: Alle postar er opne unntatt akkurat denne. Mens talsmannen for MB (Mohammed Morsi) seier at partiet står for ein "sivil" og ikkje ein religiøs stat, med like rettar for koptarane. Så får ein sjå korleis dei to syna blir foreint.

*** Teknisk fotnote ***

Denne bloggen vart oppretta som eit eksperiment, for å prøve å finne ut av "bloggverda". Eg spekulerte f.eks. på korleis "følgarane" kunne få melding om nye blogginnlegg. Dei meir teknisk kyndige veit nok det alt, men for andre, så ligg svaret i det som blir kalla RSS eller "nyheitsstraum". Ved denne funksjonen kan ein abonnere på meldingar frå bloggen.
      - I Mail (Apple) finn du dette under menyen Arkiv: Legg til RSS-strømmer..., set inn adressa vår, http://knutsvblogg.blogspot.com og OK.
      - I Outlook og Thunderbird oppretter du ein ny "Account", velger alternativet "RSS feeds / RSS News" og set inn adressa (i Thunderbird først namn på kontoen, så adressa).
        I begge tilfeller dukker det da opp ei eiga postkasse / mappe kalla "RSS", dit varsel om nye meldingar blir sendt. Eg har nå satt instillinga slik at varselet innheld dei tre-fire første linene, med ei lenke "Les mer" som fører til bloggen.
       Gamle Eudora, iPhone Mail og web-baserte epostprogram som Hotmail, GMail, og Yahoo!Mail ser ikkje ut til å ha RSS-funksjonar, men dei to siste iallfall har separate RSS-funksjonar (Google Reader, MyYahoo).

Ingen kommentarer: