Ei oversikt over utviklinga i ulike land dei siste dagane,
Libya: Litt motstridande meldingar frå austfronten i dag tidlig; BBC melder at opprørane fortsatt prøver å forsvare Ajdabiyya, mens dei fleste rapporterte i går at byen er tapt. Le Monde hadde den mest utfyllande rapporten: Mens opprørane gav opp dei første småbyane stort sett utan kamp, var det faktisk forsøk på organisert motstand styrt av profesjonelle offiserar utanfor Ajdabiyya. Men det viste seg snart nyttelaus, kampen var over på 45 minutt, og ordren om å trekke seg tilbake vart gitt. Regimestyrkane klarte å gå rundt byen og sperre inne dei som ikkje var komme unna. Det kan vere dei som idag prøver å halde ut.
Vi veit ikkje om regimetroppane har begynt å nærme seg Benghazi, men rapportane seier det er stille der og ingen tegn til at opprørshæren førebur motstand. På den andre sida er Benghazi ein langt større by enn dei andre, og dersom Qadhafis styrkar her faktisk berre er på to-tre tusen mann, kan det ta dei lenger tid å få kontroll enn Sayf al-Islams "48 timar". Dersom det altså blir gjort forsøk på å hindre dei.
Derimot skreiv vi sist at ingen har hørt frå områda sørvest for Tripoli. Nå har Le Monde hatt ein reportar inne der i småbyen Zintan oppe i Jabal Gharb-fjella. Guardians kart viser at denne byen var tatt tilbake 1. mars, men dette er feil, Monde fann ein by styrt av opprørar som venter på oppgjeret. Regimet har latt området vere i fred så langt, der oppe i fjella er byane bedre beskytta av naturen. Men dei har, ifølge reportaren, ingen militær muligheit til å svare på ein større offensiv frå regimet, når den måtte komme. Så langt er det likevel iallfall to opprørsstyrte regionar igjen i vest, Jabal Gharb og kystbyen Misrata.
Bahrain står for den andre dramatiske utviklinga, der vi faktisk har hatt ein saudi-arabisk innmarsj med ca. 1000 soldatar. Dette har ført til ei dramatisk forverring av stoda, soldatar (ukjent om innanlandske eller saudiske) har med hard hand rydda Perleplassen som demonstrantane heldt så lenge. Her trudde eg lenge at resultatet ville bli ei forhandlingsløysing, fordi demonstrantanes krav ikkje var urealistiske (først og fremst at statsministeren skulle gå), fordi det shi'iske protestpartiet Wifaq hadde arbeidd med regimet før, og fordi både kongen og ikkje minst USA ønska ei fredelig løysing (amerikansk flåtebase). Men her har Saudi-Arabia kjørt sitt eige løp, gjennom Gulf-rådet. Det ser ut som om dei ikkje ønska ei minnelig løysing, sidan ei slik nødvendigvis ville bety ei betring for shi'iane, og det kunne føre til at den shi'iske minoriteten i Saudi-Arabia rett over bukta (som òg har demonstrert) ville få blod på tann. Saudiane er ikkje interessert i å gi dei noen konsesjonar og tvang fram ei hard løysing i Bahrain for at kongen ikkje skulle gi etter. Er det slik, så er bahrainarane ofra på den saudiske stabilitetens alter.
Syria: I forgårs demonstrerte 150 personar i Hamidiyya-suqen (for dei som er lokalkjent) i Damaskus for demokrati, men vart raskt brutt opp av politiet. I går var det ein ny mindre demonstrasjon for å få frigitt fanger. Endelig kom altså "bølgen" også til Syria, som ein har venta på, men ikkje i større omfang enn at det er fleire politifolk enn demonstrantar, og regimet treng ikkje halde pusten.
Palestina: Her har det nær sagt vore omvendt resten: Mens ein elles demonstrerer mot sittande regimer, så har "facebook-folket" i Gaza og på Vestbredden (Ramallah) demonstrert for. Meir konkret at dei to rivaliserande partia, Fatah og Hamas, skal komme sammen i ei samlingsregjering. Eit genuint krav nedanfrå, men diverre har begge partia stilt seg bak ved at den andre parten må gi seg og sleppe "oss" inn; Hamas noe meir hardhendt enn Fatah denne gongen. Men det er iallfall interessant med eit uavhengig politisk initiativ som kjem utanfrå dei to "gamle".
Algerie: Forsøka på demonstrasjonar har også her vore halde under kontroll. Men det er interessant at regimet har lova dramatiske lønnsauker, meir enn dobling for noen grupper statstilsette, heilt tydelig for å hindre den "sosiale dimensjonen" i opprøra, kjensla av aukande fattigdom. Viktig er også at dei har legalisert den uformelle grensehandelen "trebendo", som mange fattige har livnært seg med, men som var uglesett av styresmaktene. Algerie er jo spesielt fordi så mange "vanlig folk" hugsar borgarkrigen på 1990-tallet, og mange gir nok president Bouteflika iallfall ein del av æren for at denne vart avslutta. I Algerie har vi jo også faktisk ei Qa'ida-gruppe (AQMI, egentlig den siste fraksjonen av den ekstreme islamistgeriljaen GIA frå 90-tallet). Dei opererer nå mye i og sør for Sahara, og har ikkje gjort så mye av seg i revolusjonsbølgen, men i Algerie er dei også ein faktor som kan legge ein demper på demonstrasjonslysta.
Marokko: Kongen har komme protestane delvis i møte. Landet har alltid hatt fleirparti-val, der ein valseier har ført til regjeringsskifte. Men det har ikkje vore noen automatikk i dette: Kongen (den gamle som den nye) vurderte "den politiske situasjonen" etter kvart val, og bestemte sjøl kven som skulle få regjeringsoppdrag. Kanskje dei som vann valet, kanskje ikkje. Det som nå er foreslått er at parlamentet sjøl skal utpeike, altså eit parlamentarisk styre der regjeringa må ha fleirtal i val. Mange i demokrati-rørsla ser dette som eit grunnleggande steg mot demokrati. Men andre er misnøgde med at kongen fortsatt insisterer på si "hellige" rolle som landets leiar, og er redd at autokratiet vil halde fram. Det har derfor vore mindre demonstrasjonar også etterpå, og det spesielt den ikkje godkjente islamist-rørsla "Adl wa-Ihsane" til shaykh Yassine som har demonstrert.
Jemen: Protestane held fram, og har i dag spreidd seg til havnebyen Hudayda, med over hundre såra, det har også vore sammenstøytar i nord. Presidenten Salih har lova reformar som skal medføre parlamentarisk styre, men dei blir ikkje godtatt av demonstrantane. Det er fortsatt uklart for meg i kva grad dei ulike regionale protestane står sammen, det finnes eit fellesråd, men eg har ikkje sett kor mye dei representerer.
Egypt: Vi ventar på folkerøystinga om grunnlovsendringa kommande laurdag. Nå er opposisjonen delt: Dei fleste av "Tahrir-ungdommens" organisasjonar seier nei til grunnlovsforslaget fordi det er for begrensa og ikkje vil endre regimet tilstrekkelig; det samme seier dei fleste mindre opposisjonspartia og presidentkandidatane Amr Moussa og ElBaradei. Derimot er dei to store partia - og absolutte motpolane - regjeringspartiet NDP og det Muslimske Brorskapet for. Dette går også mye på muligheita for nye krefter å organisere seg og komme til i valet, i forhold til dei alt etablerte (dei to store). Vi får sjå kva som skjer på laurdag, men om det blir slik at kjøttvekta rår, og grunnlovsforslaget får fleirtal mens Tahrirs talsmenn er imot, kan det bli om ikkje kritisk, så iallfall skjellsettande for korleis dei politiske skillelinene vil gå framover.
Elles kan vi nemne at det også har vore små demonstrasjonar i Oman, så nå begynner snart "kvart land få sin" del av bølgen. Men desverre kan nok det trulig kommande nederlaget i Libya og konsekvensane av det legge ein dempar på større nye oppreister i regionen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar