onsdag 30. mars 2011

Syria: mens vi ventar

Mens det bølgar fram og tilbake i Libya, har interessen begynt å fokusere på Syria. Det såg ut til at regimet klarte å halde demokrati-krava under kontroll, men så starta ei utvikling som virkar velkjent: Først ein gnist som eksploderte i ein provinsby, så represjon, så større demonstrasjonar, så skot mot demonstrantane og fleire drepte (rundt 60 så langt, ifølge Human Rights Watch), og så spreiing til andre delar av landet. Portestane rettar seg mot regimet: presidenten må gå! Denne svarar med begrensa innrømmelsar, regjeringa blir skifta ut, noen reformer blir innfridd, men demonstrantane er ikkje nøgd, og represjonen blir verre.

Dette er jo som i Tunisia, Egypt, og Jemen. Vil det gå likeeins i Syria? Eller det forskjellar som har betydning?

Ein viktig forskjell er at Syria ikkje har fått noen "Tahrir-plass". Det har vore relativt rolig i Damaskus, og også i den nest største byen Aleppo. Forutan byen det starta, Dar'a (og området rundt) i sør, er det Latakiyya i nordvest der det har vore hissigast, men også i andre større byar i vest som Homs, og visstnok også Hama. Roen i Damaskus kan nok vere påtvungen, regimets kontroll er hardare her. Men det er også spørsmål om kva regionale element som spiller inn i Syria.

Kva gjeld Dar'a, ligg denne i utkanten av syrisk Jabal Druze, eit område der drusarane står sterkt. Eg har likevel ikkje hørt stadfest at byen sjøl er dominert av denne gruppa, eller om dette skal ha spilt inn. Men det ser ut til at regionen har rekna seg som forfordelt kva gjeld økonomiske ressursar. Latakiyya, derimot, kan knapt seias å vere det. Men fleire peiker på etnisk/religiøse motsetningar der: Byen er dominert av sunni-muslimar og kristne, men i seinare tid har 'alawiyaer i stadig større grad flytta inn frå sitt tradisjonelle område i innlandet og lagt press på byen. Dette skal ha ført til ein motvilje mellom gruppene, som kan ha fått si utløysing i revolten: 'alawiyaene er naturligvis knytta til det nåverande regimet. 

Her må ein prøve så godt ein kan å halde tunga rett i munnen. Er dette religiøse eller etniske motsetningar? Det er svært vanskelig å skille, fordi både 'alawiyaer og druzarar kan reknas som begge delar. Dei braut ut frå "vanlig" shi'isme i middelalderen (ingen av dei er knytt til "imami-shi'ismen" vi finn i Iran, Irak og Libanon), og vart tidlig ganske innelukka med ein "hemmelig" religion, men også spesielle etniske kulturtrekk, i eigne geografiske områder. Det religiøse preget vart såleis kanskje mindre viktig for deira "annleisheit" i samfunnet, dei fungerer meir som etniske grupper. Men i vår tid, der religiøsitet er blitt viktigare som sjølmarkering, er det mulig at dei igjen kan bli meir sett som "religiøse avvikarar" av sine motstandardar. Det er iallfall klart at i Latakiyya, og sikkert også elles i Syria, er demonstrasjonane retta mot "alawiyaenes dominans", og da kan det bli "for oss sunniar". 

Viktig er også å sjå på oppfatninga at "regimet i Syria er alawittisk". Det er ei forenkling. Ein ting er at styret er reint sekulært, det er basert i den sosialistisk-nasjonalistiske Ba'th-rørsla frå 1950-tallet. Nettopp tilknyttinga til ein liten minoritet gjer at regimet alltid har tona det religiøse så langt ned som mulig, og om presidenten går til bønn i høgtider, gjer han det iallfall i ein sunnisk moské. Det var altså først og fremst ei gruppe offiserar frå det alawittiske området aust for Latakiyya som i 1970 tok makta i landet, og seinare (på samme måte som ei gruppe frå byen Tikrit samla seg rundt Saddam i Irak), har regimet basert seg mye på slekt og vennar frå dette samme området, ein kan stole meir på sine nærmaste. 

Men det gjeld ikkje "regimet" fullt ut. Det er først og fremst sikkerheitsstyrkane som er dominert av desse 'alawi-gruppene. Innanfor styret er dei allierte med breiare grupper både i det militære og sivile apparatet som er sunniar eller frå anna hald (også dei er sekulære, naturligvis). Det er altså ikkje "alawiyaene mot resten", men "regimet mot resten", der denne gruppa er ein komponent, og altså med presidentfamilien, innanfor regimet. 

Kva så med Bashar al-Assad, presidenten som tok over etter sin far Hafiz i 2000? Er han ein diktator eller ein reformist? Dette vil vise seg i løpet av dagen, "mens vi ventar" er også skrive mens vi ventar på at han skal halde ei stor tale seinare i dag onsdag, der det er varsla reformar. Dette innlegget om Syria blir så langt, at eg rett og slett vil dele det i to, og skrive meir om regimet og demokratirørsla, og mulige reformar, i neste innlegg. Kanskje alt seinare i dag. 

Ingen kommentarer: