Travle tider, vi hører alle nytt frå Libya og andre land jamnlig. Vi har ikkje kommentert hendingane dag til dag her, for før noen har lest det er det kanskje forelda! Det er kanskje bedre å kommentere litt lange linjer.
Ei slik er plassen for islamisme, radikal og ikkje, i Libya. I eit debattforum eg er med i kom det opp spørsmål om det Muslimske Brorskapets rolle i Libya, og evt. samband med dei islamske geriljaen på 1990-tallet, den "Libyiske Islamske Kampgruppa" (al-Jamâ'a al-islâmiyya al-muqâtlia). Wikipedia-artikkelen på MB antyder nemlig eit slikt samband, som eg i utgangspunktet tvilte på. Eg prøvde derfor i noen fart å kikke gjennom det eg har av litteratur for å finne ut litt om MB og historia til denne LIKG. Eg fann ikkje heilt klare svar, men her er det eg fann:
Qaddhafis og opposisjonens forhold til islam og islamisme gir tydeligvis eit ganske forvirrande bilde i litteraturen, naturligvis pga Qaddhafis undertrykking, men også fordi det ikkje er publisert så mye oversiktsarbeid på Brorskapets internasjonale kontaktar i nyare tid.
Men noen element ser ut til å avteikne seg, det kan vere nokolunde slik:
- Under kongedømmet på 1950-tallet etablerte ei grein av Brorskapet (MB) seg i Libya (frå moderorganisasjonen i Egypt). Den stod i opposisjon til kongen, som også var leiar for ein (tradisjonell) sufi-orden, ein type islam MB er kritisk til. Kongens basis var jo i aust, Cyrenaica, og det kan virke som (sjøl om eg ikkje skal si det sikkert) at denne gruppa hadde mest basis i vest, i Tripoli.
- Qadhafi har hatt eit svært vekslande forhold til islam, men ei fast line har vore frenetisk hat mot MB, arva frå motsetninga mellom hans mentor Nasser og MB i Egypt. Det vart for han eit namn på all type religiøs opposisjon, enten det egentlig var det tradisjonelle religiøse leiarar eller jihadistar, så var det "Muslim Brothers" for han. Dei vart arrestert, og det ser ut som om i løpet av 1970-tallet vart dei fysisk eliminert; alle mulige medlemmer "forsvann". Etter 1980 finn eg ikkje henvisningar til noe som kallar seg "Muslimske Brorskapet" inne i Libya men derimot at MB frå utlandet angriper Qaddhafis forskjellige utspill.
- Noen av dei som unnslapp undertrykkinga kan ha slutta seg til den mest markerte motstandsfronten frå 1980, "Inqat", eller Libyas Nasjonale Redningsfront, som ser ut til å ha vore ein allianse mellom alle typar opposisjon, også noen islamistar, og med sterk støtte frå USA. Denne forsøkte noen attentatforsøk på Qaddhafi, som trappa opp undertrykkinga, og gruppa ser ut til å ha forsvunne rundt 1985.
- På 1980-tallet oppstod det ei rekke ulike små opprør med islamistisk bakgrunn, spesielt i aust, kanskje også på basis av Qaddhafis nå klart sekulære line og relativt eksentriske forsøk på å nytolke islam. I 1984 vart to studentar hengt i Benghazi, og det gav spore til fleire forsøk på attentat eller gerilja. Ingen av desse var meir enn smågrupper, knapt det, men brukte namn som "Jihad", "Islamsk Frigjeringsfront", osv. Det er uklart om noen av dei hadde kontaktar utanfor Libya. Dei vart nedkjempa etter kvart, og mange av dei som redda seg unna reiste til Afghanistan og deltok i krigen der.
- Kanskje rundt 1990, men offisielt frå 1995, samla noen av dei heimvendte frå Afghanistan seg og oppretta "Libyas Islamske Kampgruppe" som starta ein gerilja i fjella i aust. Også desse ser altså ut til å ha basis i Cyrenaica. Dei brukte litt ulike namn, også Libyas Islamske Gruppe og andre; dette namnet kan også ha vore brukt av ei av 80-tallsgruppene, om eg minnes rett. Igjen var det mest spektakulære eit attentatforsøk på Qaddhafi i 1996, og han reagerte med å sette alle krefter inn på å knuse dei. Det var oppnådd i 1998, da reknar ein med at gruppa var utrydda inne i Libya, fengsla eller drept.
- Men den fortsatte i utlandet, og i 2007 hevda Qa'ida at LIKG hadde "slutta seg til" dei og trua med aksjonar i Vesten, mens dei tidligare hadde fordømt "9/11" og insistert på at dei berre kjempa mot Qaddhafi i Libya. Dei vart derfor satt på FNs og USAs terrorliste, og står der fortsatt så langt eg ser. Ein vil finne dei i mange "terror-analyser". Fleire Qa'ida-aktørar er jo også frå Libya.
Dette bandet til Qa'ida splitta gruppa, og i 2009 gjekk deira fremste talsmann ut og tok avstand frå Qa'ida; han publiserte eit dokument som på teologisk grunnlag viser korleis terror er i strid med islam (og som vart tatt alvorlig i dei kretsar). Samtidig vart mange av dei som vart fengsla i 1998 sluppe fri, mens to dusin andre vendte heim frå eksil etter på samme vis å ha tatt avstand frå vold og beklaga angrepet på Qaddhafi, etter "megling" frå vår venn Sayf al-Islam, son av Qaddhafi. Det finnes nok LIKG-medlemmer igjen i Qa'ida i utlandet, men det ser ut som om hovuddelen av den opprinnelige gruppa har gjort avbikt.
Eg har ikkje klart å finne noe samband mellom Brorskapet på 1960/70-tallet og jihadistane frå 1980-tallet, bortsett frå altså at noen enkeltpersonar kan ha gått inn i Inqat. Dersom Brorskapet hadde basis i Tripoli, og dei unge i Benghazi, kan det også ha vore eit skille. Uansett er det heile tida snakk om små grupper, kanskje tital opp i noen hundre for dei største, som oppstår og blir knust i den vedvarande undertrykkinga, så det er vanskelig å snakke om band mellom dei.
Det er historia, som altså er av interesse for spørsmålet om det idag finnes noen radikal og jihadistisk basis i Libya som kan slå til etter at Qaddhafi er fjerna. Svaret vil trulig vere nei, iallfall ingen organsasjon eller struktur, utover kanskje noen gamle nettverk. Noe heilt anna er om det finnes noen med slike tankar som kan vekse fram når undertrykkinga nå er over. Det veit vi ikkje, men det er rimelig trulig å rekne med at islamske tankemåtar vil vere eitt av fleire utgangspunkt for ein ny libyisk "nasjon". Men om Brorskapet som organisasjon (altså det egyptiske) vil ha noen spesiell rolle som inspirator er eg ikkje så sikker på. Kanskje dersom MB får stor innverknad i eit demokratisk Egypt (som nok ligg eit stykke inn i framtida), sidan Egypt er så viktig i regionen. Eg trur likevel at det er meir trulig at islam i Libya vil finne noen slags form gjennom stammeidentitetane, og dei vil trulig vere skeptiske til ein urban sentralisert organisasjon som MB, og kanskje med større innverknad frå tradisjonelle religiøse leiarar. Men dette vil jo vise seg, først får dei vinne fram med revolusjonen sin, og så ser vi kva betydning sjølve kampen vil få.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar