Oppi det dramatiske frå nabolanda, så er politikken i Egypt i ferd med å finne noen former. Overgangsstyret vann altså fram med sin meir begrensa grunnlovsrevisjon, og at det blir val alt om seks månader (trulig september), mot protestane til mange i demokratirørsla som ville ha lenger tid til å førebu seg på vala. Samtidig har styret gjort noen vedtak som uroar rørsla, spesielt eit generelt demonstrasjons- og streikeforbud, "fordi styret var blitt nedlesst av krav". Dette skal vare så lenge som unntakstilstanden står ved lag, men eit hovudkrav frå rørsla var nettopp å avskaffe denne unntakstilstanden (som har vart sidan 1981).
Av interesse for dei som er opptatt av islam og politikk er posisjoneringa som skjer på den fronten før valet. Forslaget frå regjeringa er å opne for "alle" å danne sine parti, så lenge dei ikkje er bygd på religiøse, etniske eller geografiske grenser. Altså ikkje reint islamistiske parti. Dei har likevel alt godtatt det islamistiske Wasat-partiet (som har ein handfull koptisk kristne med i leiarskapen), og det islamske Arbeidarpartiet (Hizb al-'Amal) har eksistert lenge. Dette kravet bekymrer derfor ikkje Brorskapet, som heller ikkje vil registerere seg sjøl som parti. Dei vil i staden stå bak eit eige politisk parti, kalla "Fridom og Rettferd", som da vil vere opent også for ikkje-muslimar og såleis stette krava.
Brorskapet har også sagt at dei ikkje vil stille presidentkandidat, og at dei berre vil stille liste i vel ein tredel av kretsane i parlamentsvala, for ikkje å uroe dei som er redd maktovertaking. Rett nok har dei opna for at dei kanskje kan gå i valforbund med andre parti i ei "brei demokratiliste", og da gå utover den tredelen dei har avgrensa seg til.
Men det er også sjølstendige røyster der. Fleire av brorskapets fremste medlemmer har gått ut og sagt dei vil stifte sine eigne parti ved sida av Brorskapets "offisielle", to ulike er meldt så langt. Spesielt viktig er det at 'Abd al-Mu'min Abu al-Futuh har sagt han kan tenke seg å stille som uavhengig presidentkandidat. Han er mellom dei mest kjente liberale leiarane i Brorskapet, og kanskje også den mest liberale. Leiinga i rørsla har slått hardt ned på dette og sagt at å stille til val utanom deira "Fridom og Rettferd" er uforeinelig med medlemskap i Brorskapet. Om desse som vil gå sine eigne vegar gjer alvor av planane sine, kan vi altså sjå ei splitting av Brorskapet. Dei som har gått ut med slike planar så langt hører alle til den "reformistiske" og meir liberale fløyen i rørsla, som ikkje vann fram i leiarvalet i rørsla i fjor.
På denne fløyen vil dei alt møte Wasat-partiet, og det kan bli trangt om plassen. Vi må nok rekne med at vi i tida framover vil få ein liten eksplosjon av småparti av alle mulige slag, kanskje rundt enkeltpersonar. Svært mange vil synke utan spor, alliansar vil oppstå og bli oppløyst, og det vil ta tid før vi får eit varig partimønster i Egypt, langt forbi dette valet.
Interessant er også at ei ny islamistisk retning har meldt seg på: Salafistane. Dette er dei religiøst mest konservative, dei som insisterer på niqab (ansiktsslør), og langt skjegg og kvite kjortlar for mennene. Dei er tradisjonelt innovervende, isolerer seg frå det vantru samfunnet, og strikt apolitiske eller anti-politiske: Dei "ekte" muslimane må drive da'wa, indremisjon, og heve det moralske nivået i samfunnet før arbeidet for ein islamsk stat og politikk kan gi noen meining, seier dei. Eller sa dei, for nå har fleire salafist-grupper sagt dei òg kan tenke seg å stille til val og delta i politikken. Naturligvis med sitt svært konservative syn (som kanskje ikkje har noe stort gjennomslag hos vanlige egyptarar; dei blir kalla for "saudiar"). Det har også vore slagsmål mellom salafistar og andre i Alexandria nylig. Det var fleire i niqab på Tahrir, og det er uklart om dette betyr ei endring av deira strategi, eller om det betyr at "vi må fremme vårt budskap på alle arenaer, også dei tilsmussa". Men vi kan iallfall da sjå kor mange som vil stemme på deira budskap.
Elles er det også litt kiving mellom koptiske og islamske religiøse leiarar. Det er klart det kjem ei ny grunnlov etter kvart, og koptarane insisterer på at da må nåverande §2, som seier at Egypt er eit islamsk land og at "prinsippa til shariaen" skal ligge til grunn for lovgivinga, fjernas. Dette er skarpt avvist av shaykh al-Azhar, og det er uklart om ein vil prøve å finne eit kompromiss som nemner både muslimar og kristne som "partnarar". Koptarane er også uroa over at noen grupper brukte religiøse slagord for å be muslimar stemme "ja" til grunnlovsendringa (som Brorskapet, Wasat og 'Amal alle var for, mens dei fleste andre i opposisjonen var mot), for "elles får vi ein sekulær stat".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar